Hjem
Det humanistiske fakultet

Rutinar for masterstudiet ved HF

Her har vi samla den viktigaste praktiske informasjonen og søknadsskjema du treng som mastergradsstudent ved HF.

Mannlig student som står og leser ved en bokhylle på biblioteket
Masterstudentar bruker mykje tid på lesing. Fred og ro finn du på lesesalen eller på universitetsbiblioteket.
Foto/ill.:
Emil Breistein

Hovedinnhold

Ny masterstudent?

Vi har samla nyttig informasjonen på eigne sider til deg som er ny masterstudent.

Framsyning av vitnemål/karakterutskrift i original

Dersom du har fått opptak til masterstudiet ved HF med bakgrunn i utdanning fra ein annan utdanningsinstitusjon, kan du bli bedt om å legge fram vitnemål/karakterutskrift i original. Dette må du gjere ved semesterstart sjølv om du la ved attesterte kopiar då du søkte om opptak. Fakultetet vil gjennomføre ein kontroll av originaldokumentasjon etter 1. september. Du vil få meir informasjon om tid og stad for innlevering på e-post sendt frå fakultetsadministrasjonen. Du skal ikkje levere originalar før du har mottatt informasjon om dette.

Utdanningsplanen

Alle masterstudentar skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal

  • bidra til eit tett og gjensidig forpliktande forhold mellom deg som student og Universitetet i Bergen
  • syne korleis universitetet legg til rette for at du som student skal nå definerte læringsmål på avtalt tid

Utdanningsplanen omfattar to delar: ein generell del og ein spesifikk del. Den generelle delen er felles for alle masterstudentane ved UiB og omtalar generelle forhold ved studiet, og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Den spesifikke delen omtalar studieprogrammet ditt meir detaljert, og inneheld òg studieløpet til kvar enkelt. Denne fyller du ut via StudentWeb. I den spesifikke delen inngår òg ein rettleiingskontrakt som er ei avtale mellom student, rettleiar og styrar ved instituttet du er knytt til. Denne kontrakten skal vere fylt ut innan ein frist sett i den spesifikke delen. Kontrakten får du på insituttet.

Utdanningsplanen er gyldig så lenge du følgjer den og held deg til gjeldande reglar og forskrifter, det vil seie fire semester for ein heiltidsstudent. Som heltidsstudent er progresjonen 30 studiepoeng kvart semester. Du vil bli kalla inn til oppfølgingssamtale dersom det viser seg at du avlegg færre studiepoeng enn det som er avtalt i planen. Du kan avtale deltidsstudium (50 %) med tilsvarande forlenging av kontrakten. Dette må det søkjast spesielt om (sjå eige punkt lenger nede).

Rettleiingskontrakten

For å få tildelt rettleiar, må du inngå ein rettleiingskontrakt. Kvart masterprogram har definert når i studiet du skal inngå kontrakten. Kontrakten seier kven som skal vere rettleiaren din, kor mange timar rettleiing du har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student.

Sjå skjema i ulike versjonar nederst på denne sida.

Forlenging av kontrakten

Studentar kan søkje instituttet om å forlenge masterstudiet med eit femte semester. Etter særskild søknad kan studentane søkje om ytterlegare eitt semesters forlenging. Søkjaren skal legge ved framdriftsplan som er godkjent av rettleiar. Framdriftsplanen skal gi eit realistisk bilete av korleis du har tenkt å gjennomføre resten av masteroppgåva. Det er ikkje mogleg å søkje om ytterlegare forlenging etter eit sjette semester.

Søknadsfristar for forlenging av rettleiingskontrakt:

  • For eit femte semester: 1. mai eller 5. november i det fjerde semesteret.
  • For eit sjette semester: 1. mai eller 5. november i det femte semesteret.

Korleis søker eg?
Du kan søkje om forlenging av kontrakten via nettskjema:

Permisjon frå masterstudiet

Dersom du skal søkje permisjon, må du gjere greie for årsaka til permisjonen. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden i form av legeerklæring, fødselsattest, stadfesting av termin, innkalling til førstegangsteneste eller anna. Dersom ein søkjer permisjon frå masterstudiet av faglege årsaker t.d. for å ta andre emne utanfor programmet, skal det leggjast ved erklæring frå institutt/rettleiar.
Dersom ein skal delta på arkeologisk feltarbeid, skal arbeidskontraktar leggjast ved, samt erklæring frå rettleiar.

Ein kan søkje om permisjon for minimum eitt semester, maksimum to. Søknad på eige skjema til Det humanistiske fakultet (sjå nederst på siden). Sjå òg det sentrale reglementet ved UiB, § 5-2: Permisjon «Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen» og utfyllande reglar for HF-fakultetet.

Korleis søker eg?
Du søker på skjema som du finn på studentsidene til UiB. Hugs å legge ved den naudsynte dokumentasjonen.

Når må eg søke om permisjon?
Så snart som mogleg.

Reglement
For meir informasjon om permisjon, sjå Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen og Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet.

Melding om endring (heiltid/deltid) på masterprogram

I utdanningsplanen din har du avtalt kva studieprogresjonen din skal vere. Normal progresjon er 100% - det vil seie 30 studiepoeng i semesteret. Du kan avtale å gjennomføre heile eller delar av studiet på deltid (minimum 50%) dersom du ønskjer det. Studietid for deltidsstudentar er maksimalt 8 semester.

Søknadsfristar for endring i studieprogresjon

  • For haustsemesteret: 1. september
  • For vårsemesteret: 1. februar

Korleis søker eg?
Du må melde frå om endring heiltid/deltid via nettskjema:

Å bruke personopplysningar i masteroppgåva

Skal du samle inn, registrere, handsame eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), er prosjektet ditt truleg meldepliktig. Du må da fylle ut eit meldeskjema og sende det til Personvernombudet for forskning. Meldeplikta er pålagd ved lov, jf. personopplysningsloven, og prosedyren med melding til Sikt er vedteke av institusjonsleiinga.

Informasjon finn du på nettstaden til Sikt.

Økonomisk støtte

Du kan søkje instituttet ditt om økonomisk støtte til arbeidet med masteroppgåva. Du kan søkje maksimalt to gonger, og få inntil kroner 2.500,- per gong. Dette gjeld utgifter i samband med datainnsamling, feltarbeid, reise, utgifter til kjeldekopiering, spøreeskjema, kjøp av IT-tenester, porto og liknande. Til spesielt kostnadskrevande reiser kan ein få inntil 5000 kroner som tilskot, tilsvarande to tiltak. Utfylt søknadsskjema bør sendast i god tid før reisa (normalt 3 vekers sakshandsamingstid). Vér merksam på at rettleiar si anbefaling og underskrift må følge søknadsskjemaet.

Utfylt søknadsskjema med dokumentasjon kan anten sendast til Det humanistiske fakultet, postboks 7805, 5020 Bergen, eller leverast til Infosenteret ved HF.

Særskild støtte, stipend

Institutta kan etter særskild søknad dele ut inntil 5 stipend på inntil kr. 10.000,- som tilskot til langvarig (meir enn 3 månader) reise / datainnsamling / feltarbeid i land utanfor Europa. Tilsvarer to støtteverdige tiltak.

Søknadsfristar for særskild støtte:

  • For haustsemesteret: 1. april
  • For vårsemesteret. 1. oktober

Vér vennleg å bruke Skjema for søknad om økonomisk støtte for å søkje om særskilt støtte.

Innlevering av masteroppgåva

Ordinære innleveringsfristar er dei følgjande:

  • Vårsemesteret: 1. februar og 15. mai
  • Haustsemesteret: 1. september og 20. november

Studentane skal levere ein elektronisk versjon av masteroppgåva i pdf-format i Inspera innan den fastsette fristen. Du må være meldt til eksamen i masteroppgåva for at emnet skal være synleg i Studentweb. Du melder deg opp til eksamen i masteroppgåva i det semesteret du planlegg å levere inn oppgåva, og vel den månaden du skal levere oppgåva.

Du finn all informasjonen du treng om masterinnlevering i Inspera her

Oppgåva skal leverast i pdf-format, normalt som eit dokument. Det enklaste vil vanlegvis være å ha heile oppgåva samla i eit dokument og deretter lage ei pdf-fil av dokumentet. Nyttar du OpenOffice eller Word for Mac, har desse programma innebygd funksjon for å lage pdf-filer. Nyttar du Word for Windows, fins gratisprogrammet PDF Creator som kan lage pdf-filer. NB! PC-vaktane på UiB sine  pc-stover kan hjelpe til med dette.

Ved innleveringa på Inspera vel ein om masteroppgåva skal være tilgjengeleg og søkbar på internettet i BORA. Studentane inngår då ein avtale med BORA.

Har du spørsmål om innleveringa, tar du kontakt med instituttet som har ansvaret for masterprogrammet ditt.

Frå og med hausten 2008 skal alle masteroppgåver ha eit obligatorisk samandrag på 1/2 til 1 side på eit anna språk enn oppgåva er skriven på. Normalt vil det andre språket vere engelsk. For framandspråkfaga kan det andre språket til dømes vere norsk. Samandraget skal leverast som ein del av oppgåva, ikkje som eige vedlegg. Studenten kan normalt ikkje få klausulere oppgåva, men det finst unnatak.