Hjem
Det humanistiske fakultet

Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet

Kva for krav er det til omfang og samansetting i ein bachelor eller mastergrad? Kva er normert studietid for ein heltidsstudent på master? Når kan eg søke permisjon? Svara finn du i utfyllande reglar.

Lovverk og regler
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Gjeldande frå 1. august 2026.

Til kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

Til § 3-2 Emnekodar

Emna som fyller krava til eit sjølvstendig arbeid minst 10 studiepoeng i bachelorgrada, jf. § 10 - 3 (1) b), skal vere nummerert med ein kode mellom 250 og 269, og må ha «bachelorprosjekt/bacheloroppgåve» i emnetittelen.

Til kapittel 4. Studierett

Til 4-1 Opptak til studium

Overgang
Programstudentar og årsstudiestudentar ved Universitetet i Bergen kan søke om overgang til bachelorprogram ved Det humanistiske fakultet innan dei gjeldande fristane.

Søkjarane må oppfylle eventuelle progresjonskrav på programmet dei søker opptak til, i tillegg til andre opptakskrav som er fastsett i studieplanen. Studentar på bachelorprogram, integrerte masterprogram og profesjonsstudium må ha minimum eitt heilt semester med gyldig studierett igjen på programmet dei er på. Studentar på årsstudium kan søke også i det siste semesteret på årsstudiet.

Til Forskrift om opptak ved Universitetet i Bergen,
til § 2-1 Generelle føresegner

Til (8)
Studentar som får opptak til eit masterprogram for andre gong, får studierettperioden justert ut frå samla maksimal studietid på masterprogrammet/studieretninga, jf. utfyllande reglar til § 6-7. Fakultetet kan avslå ein søknad om nytt opptak til eit masterprogram dersom studenten sine rettleiingsressursar er uttømte.

Til 4-2 Studierett

(1)c): 

Lesesalar
Fakultetet har ansvar for lesesalsplassar. Humanistisk studentutval (HSU) har ansvar for fordeling av lesesalsplassar, og vert kompenserte for dette arbeidet.  

Masterstudentane som skal levere masteroppgåva først, og som er på normert studietid, vert prioriterte for plass. Om det ikkje er nok plass, vert fordeling avgjort ved loddtrekking. Andre masterstudentar kan bruke plassane når dei ikkje er i bruk av studentane som disponerer plassane. Retten til plass kan trekkast tilbake dersom masteroppgåva er levert, eller studenten ikkje oppfyller minimumskrav til bruk av plassen.
 

Til (2)

Poststudierett
Studentar som har fullført ein bachelor- eller mastergrad frå Det humanistiske fakultet kan søke om å få ta enkeltemne i inntil to semester. Poststudierett gir tilgang til emne på bachelornivå ved UiB, som ikkje krev ein særskild studierett eller har eigne krav til opptak. Poststudierett vert gitt i forlenging av graden, og studenten må søke innan eitt år etter graden vart oppnådd. 

Hospitantstudierett
Studentar som har ein aktiv studierett ved ein anna høgare utdanningsinstitusjon i Norge, kan søke om å ta enkeltemne i inntil to semester. Hospitantstudierett gir tilgang til emne på bachelornivå ved Det humanistiske fakultet, som ikkje krev ein særskild studierett eller har eigne krav til opptak. Det er ein føresetnad for hospitering at studenten har generell studiekompetanse eller tilsvarande, og betaler semesteravgift til lærestaden dei høyrer til. 

Studierett for tilsette
Tilsette ved Det humanistiske fakultet kan søke om å ta enkeltemne. Studierett for tilsette gir tilgang til emne på bachelornivå ved UiB som ikkje krev ein særskild studierett eller har eigne krav til opptak. Det er en føresetnad for studierett at den tilsette har generell studiekompetanse eller tilsvarande.
 

Til kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

Til § 5 -1 Søknad

Til (1)c.
Deltid
Alle studentar ved HF kan velje å studere på deltid, og studieretten vert forlenga tilsvarande. Årsstudentar og bachelorstudentar må melde frå til studierettleiar innan semesterregistreringsfristen i første semester med deltidsstudium. Masterstudentar må søke om deltidsstudium i eige skjema innan same frist. Fakultetet kan trekke tilbake status som deltidsstudent om studenten likevel følger full studieprogresjon. 

Til (1)e.
Forlenging og gjenoppretting av studierett
Studentar på årsstudium og bachelorprogram som er forseinka i studiet, kan avtale forlenging av studieretten med studierettleiar for å fullføre studiet. Forlenginga vert gitt med 1-2 semester om gongen. Desse kan òg søke om gjenoppretting av studierett frå neste semesterregistreringsfrist for å fullføre studiet, dersom dei har vore inaktive.

Føresetnader for å avtale forlenging og gjenoppretting er 
•    at studenten legg ein gjennomføringsplan for å fullføre studiet i samråd med studierettleiar og følger denne
•    at studieretten ikkje er inndratt i samband med § 4-5 (1) b)
•    at studenten avla studiepoeng dei siste to aktive semestera
•    ved gjenoppretting, at det ikkje er meir enn fire semester sidan studieretten sist var aktiv

Studierett på årsstudium vert forlenga med maksimalt eitt semester. Kortvarige studierettar for å ta enkeltemne (jf. § 4-2 (2)) vert ikkje forlenga.

Studentar på masterprogram som er forseinka i studiet, kan søke om forlenging av studieretten for å fullføre studiet. Det er ein føresetnad for forlenging at studenten legg ein gjennomføringsplan for å fullføre studiet i samråd med studierettleiar og rettleiar, og følger denne. Forlenging av rettleiingskontrakten på masteroppgåveemne er avgrensa til det som svarar til maksimalt to semester, jf. § 6-7.
 

Til (2)    
Det vert ikkje innvilga utsett studiestart ved opptak til 2-årige masterprogram.

Til § 5-3 Pause frå studia

Til (3b)  
Studentar på integrerte masterprogram kan ikkje få innvilga pause frå studia dei fire siste semestera av studiet (semester 7-10).

Til § 5-6 Rettar ved gyldig fråvær

Til (4)
På emne med undervisning éin gong i året og eksamensformene saleksamen, heimeeksamen og munnleg eksamen er det som hovudregel tidleg ordinær eksamen i det undervisningsfrie semesteret (midtsemestereksamen). På desse emna vert retten til kontinuasjonseksamen oppfylt med midtsemestereksamen. 

På emne med semesteroppgåve, oppgåve og mappevurdering vert kontinuasjonseksamen normalt gitt som utsett leveringsfrist. Dersom årsaka til fråværet tilseier at utsett frist ikkje er tilstrekkeleg, vert det i staden arrangert ny eksamen i det påfølgande semesteret for å sikre føremålet.

Til § 5-8 Godkjenning av europeisk høgare utdanning

Til (3)
Språkkurs frå språkskular eller liknande aktørar der det verken blir gitt studiepoeng eller avvikla eksamen, vert ikkje godkjent som frie studiepoeng. Det same gjeld språkkurs i engelsk eller norsk.
 

Til kapittel 6. Undervisinga

Til § 6-1 Studieåret

Til (2)
Som hovudregel skal det vere undervisning i emna éin gong i studieåret, med mindre oppbygginga av studieprogrammet krev noko anna.

Emne med undervisning éin gong i året og med eksamensformer kor oppgåva er gitt av UiB (saleksamen, heimeeksamen og munnleg eksamen) har som hovudregel ordinær eksamen i begge semester. Emne kor oppgåva er utforma av studenten sjølv, skrive under rettleiing eller som del av eit undervisningsopplegg (semesteroppgåve og andre rettleidde oppgåver, mappevurdering) har som hovudregel berre eksamen i undervisningssemesteret. Emneomtalen gjer greie for kva som gjeld for det einskilde emnet, og også ev. fagleg grunngitte unntak frå hovudregelen. 

Eksamenar i undervisningsfrie semester vert avvikla tidleg, og oppmelding føreset at ev. obligatoriske arbeidskrav er godkjente og gyldige (jf. § 6-6 (3)).

Til § 6-2 Generelt om undervisninga
 

Til (2)
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. På emne kor det er aktuelt, vil studentane bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
 

Til § 6-4 Undervisningsspråk

På emne innan språkfag kan undervisninga vere på det aktuelle språket. Undervisningsspråket i det enkelte emnet skal gå fram av emneomtalen.

Til § 6-5 Tilgang til undervisning

Til (4)
Dersom det er avgrensa tilgang til undervisninga på eit emne, skal rangeringsreglane for opptaket til undervisninga vere fastsett i emneomtalen innan dei gjeldande fristane for studieplanendringar. 

Til (5b)
Det kan fastsettast i emneomtalen at det ikkje er mogeleg å få gjennomføre obligatorisk undervisningsaktivitet på nytt, dersom emnet er bestått frå før.

Til (5c)
Det er ikkje høve til å gjenta rettleiing på masteroppgåveemne.
 

Til § 6-6 Obligatorisk undervisningsaktivitet

Til (2)
Obligatoriske arbeidskrav skal vere gjennomførte etter fristar fastsette av institutta.

Til § 6-7 Særskilt om bachelor- og masteremne

Bachelor- og masteroppgåver skal vere rettleidde. På bacheloroppgåveemne er omfanget rettleiing gitt i emneomtalen. På masteroppgåveemne er omfanget rettleiing gitt i masterkontrakten. 

Alle masterstudentar skal inngå rettleiingskontrakt med instituttet etter retningsliner fastsett av instituttet. Vilkåra i kontrakten må vere oppfylte for at studenten kan levere masteroppgåva til sensur.

Rettleiingskontrakten fastset rammene for obligatorisk rettleiing på masteroppgåva. Normert studietid på masteroppgåva er to semester på fulltid. Studentar kan søke om å få forlenga rettleiingskontrakten med det som svarar til to semester på fulltid.
 

Til kapittel 7. Eksamen

Til § 7-2 Form

Til (1)
Eksamensformene i eit studieprogram skal variere. Eit emne skal berre ha éi vurderingsordning. Det kan gjerast unntak for emne som høyrer til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Til (1)
Lengda på heimeeksamensperioden skal vere maksimum 7 dagar.

Til (2)
Alle vurderingsdelane på eit emne må vere beståtte i same semester, med mindre det står noko anna i emneomtalen.

Til (4)
Ved justerande eksamen kan den førebelse karakteren på det føregåande arbeidet justerast med maksimalt éin karakter opp eller ned.
 

Til § 7-4 Gjennomføring av eksamen

Til (1c)
Dersom emneomtalen tillèt ordbøker på eksamen, tek studentane sjølve med ordbøkene til eksamenslokalet, kor dei vert kontrollerte av faglærar/eksamensansvarleg. 

Til (3)
Faglærar/eksamensansvarleg skal vere tilgjengeleg for spørsmål som gjeld oppklaring av oppgåveteksten.

Til § 7-7 Språk
 

Til (4)
På emne innan språkfag kan eksamensoppgåva vere gitt på det aktuelle språket, og det kan vere krav om at eksamenssvaret skal skrivast på det same språket. På emne innan nordisk kan det vere krav om at eksamenssvaret skal skrivast på anten bokmål eller nynorsk. Det skal gå fram av emneomtalen kva krav som er stilt til eksamensspråk.
 

Til kapittel 8. Eksamensforsøk

Til § 8-1 Talet på forsøk

Til (2)
Studentar som stryk på masteroppgåva får tilbod om følgjande rettleiing i arbeidet fram mot levering for andre gong: 

  • ei skriftleg grunngiving frå sensorane 
  • eitt møte med rettleiar der ein går gjennom tilbakemeldingane gitt i grunngivinga  
  • éi gjennomlesing med kommentar frå rettleiar på eit ferdig utkast før levering

Studentar som stryk på bacheloroppgåva får ikkje meir rettleiing i arbeidet fram mot levering for andre gong.

Til (4b)
Fakultetet innvilgar normalt eit fjerde eksamensforsøk på emne utan gyldig resultat dersom

  • emnet er obligatorisk i studieprogrammet 
  • emnet er siste emnet i ei spesialisering eller ein grad 
  • emnet er forkunnskapskrav for eitt eller fleire obligatoriske emne i graden 
  • søkjaren kan vise til andre særleg tungtvegande grunnar eller dokumentere omstende som hindra trekk av eksamensmelding 

Eit fjerde forsøk for å forbetre ein bestått karakter vert berre innvilga om studenten kan dokumentere nedsett arbeidskapasitet over lengre tid på grunn av eigen sjukdom eller sjukdom i nær familie. 

Fakultetet kan i særlege tilfelle innvilge fleire enn fire forsøk på emne utan gyldig resultat dersom emnet er obligatorisk i studieprogrammet. Fakultetet kan sette vilkår som skal sikre gjennomføring. 

Fristen for å søke er innan oppmeldingsfristen det semesteret ein vil ta eksamen.
 

Til kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

Til § 9-6 Grunngiving

Til (2) 
Instituttet avgjer om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg.
 

Til § 9-8 Sensorane

Til (1)
Institutt og senter oppnemner eksterne sensorar til sine eksamenar, for ein periode på normalt fire år. Instituttleiar godkjenner oppnemningane på grunnlag av forslag frå programstyra. Sensorar som vert oppnemnde i løpet av fireårsperioden, vert oppnemnde for resten av perioden.

Ekstern sensor skal som hovudregel ha førstekompetanse eller ha spesialkunnskap innan fagområdet tilpassa emne og nivå. Særleg relevant yrkeserfaring kan godkjennast som kvalifikasjon.
 

Til kapittel 10. Gradar

Til § 10-3 Samansetjing av bachelorgrad

Til (1)
I bachelorgradar ved Det humanistiske fakultet gjeld følgjande krav frå opptakskullet 2026:

  • Graden skal inkludere innføringsemnet LES100 / Les og skriv, i tillegg til examen philosophicum og ev. programspesifikke innføringsemne påkravd i studieplanen til det einskilde studieprogrammet. Fakultetet kan godkjenne emne med tilsvarande førebuande funksjon som erstatning for LES100 i einskildtilfelle etter søknad frå studenten. 
  • Graden skal inkludere minimum 30 studiepoeng i eit anna fag enn spesialiseringsfaget for studieprogrammet (breiddekomponent). Kravet om breiddekomponent kan ikkje fyllast med examen philosophicum eller LES100
  • Dei frie studiepoenga i graden kan ikkje vere på eit lågare studienivå enn 100-nivå (første syklus (bachelornivå) i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk) jf. § 3-2. Ex.fac., innføringsemne på lågt nivå og norskkurs for framandspråklege kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Til § 10-4 Samansetjing av mastergrad

Som hovudregel skal ikkje emne i mastergrada ha lågare studienivå enn 300-nivå (andre syklus (masternivå) i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk) jf. § 3-2. Instituttet kan gjere unntak for inntil 15 studiepoeng med reiskapsemne og andre emne som er vurdert som særleg relevant for masteroppgåva. For master i berekraft kan det gjerast unntak for inntil 30 studiepoeng.

Til (3)
Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 60 studiepoeng. Fakultetsstyret kan vedta at enkelte program kan ha mindre omfang på oppgåva, men ikkje mindre enn 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal ha eit omfang på mellom 25 000 og 40 000 ord. For masteroppgåver på 30 og 45 studiepoeng kan talet på ord reduserast. Omfanget skal gå fram av emneomtalen.