Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet
Kva for krav er det til omfang og samansetting i ein bachelor eller mastergrad? Kva er normert studietid for ein heltidsstudent på master? Når kan eg søke permisjon? Svara finn du i utfyllande reglar.
Main content
Gjeldande frå 1. januar 2025.
Til kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne
Til § 3-2 Emnekodar
Emna som fyller krava til eit sjølvstendig arbeid minst 10 studiepoeng i bachelorgrada, jf. § 10 - 3 (1) b), skal vere nummerert med ein kode mellom 250 og 269, og må ha «bachelorprosjekt/bacheloroppgåve» i emnetittelen.
Til kapittel 4. Studierett
Til 4-1 Opptak til studium
Til (1)
Programstudentar og årsstudiestudentar ved Universitetet i Bergen kan søke om overgang til bachelorprogram ved Det humanistiske fakultet innan dei gjeldande fristane. Søkjarane må oppfylle eventuelle progresjonskrav på programmet dei søker opptak til, i tillegg til andre opptakskrav som er fastsett i studieplanen.
Til 4-2 Studierett
Til (2)
Studentar som har ein bachelor- eller mastergrad frå Det humanistiske fakultet kan søke innan den gjeldande fristen om å ta enkeltemne ved Universitetet i Bergen (poststudierett).
Studentar som har ein aktiv studierett ved ein anna høgare utdanningsinstitusjon i Norge kan søke innan dei gjeldande fristane om å få ta enkeltemne ved Det humanistiske fakultet (hospitering). Søkjarane må dokumentere at dei har studierett og at dei har betalt semesteravgifta til den aktuelle utdanningsinstitusjonen.
Til kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær
Til § 5 -1 Søknad
Til (2)
Det vert ikkje innvilga utsett studiestart ved opptak til 2-årige masterprogram.
Til § 5-3 Pause frå studia
Til (1)
Hospitantar, årsstudiestudentar og poststudentar jf. § 4.2 (2) får ikkje innvilga pause frå studia, men kan søkje permisjon frå studia etter vilkåra i § 5-2. Studentar på 2-årige masterprogram kan ikkje søkje om pause frå studia, men kan søkje om permisjon frå studia etter vilkåra i § 5-2.
Til (3b)
Studentar på integrerte masterprogram kan få innvilga pause frå studia i samsvar med § 5.3 i 1.–6. semester. Studentar på integrerte masterprogram kan søkje om permisjon frå studia etter vilkåra i § 5-2 i 7.–10. semester.
Til § 5-6 Rettar ved gyldig fråvær
Til (1)
Retten til ny undervisningsaktivitet ved gyldig fråvær gjeld berre det inneverande undervisningssemesteret, og berre dersom det er praktisk mogeleg.
Til (2)
Studentar med gyldig fråvær som ønsker ei ny vurdering i det påfølgande semesteret i eit emne som ikkje har tidleg eksamen (midtsemestereksamen), må kontakte instituttet innan oppmeldingsfristen 1. februar / 1. september.
Til kapittel 6. Undervisinga
Til § 6-1 Studieåret
Til (2)
Undervisning i eit emne går normalt gjennom heile semesteret. Studentar bør ha høve til å følge undervisning i fleire emne samstundes. Som hovudregel skal det vere undervisning i emna éin gong i studieåret, med mindre oppbygginga av studieprogrammet krev noko anna.
Til § 6-5 Tilgang til undervisning
Til (4)
Dersom det er avgrensa tilgang til undervisninga på eit emne skal rangeringsreglane for opptaket til undervisninga vere fastsett i emneomtalen innan dei gjeldande fristane for studieplanendringar.
Til (5c)
Det er ikkje høve til å gjenta rettleiing på masteroppgåveemne, unntatt ved innvilga nytt vurderingsforsøk, jf. § 8-1 (2)
Til § 6-6 Obligatorisk undervisningsaktivitet
Til (2)
Obligatoriske arbeidskrav skal vere gjennomførte etter fristar fastsette av institutta.
Til (3)
Det kan fastsettast i emneomtalen at det ikkje er mogeleg å få gjennomføre obligatorisk undervisningsaktivitet på nytt, dersom emnet er greidd frå før.
Til § 6-7 Særskilt om bachelor- og masteremne
Til (2a)
Alle masterstudentar skal inngå rettleiingskontrakt med instituttet, etter retningsliner fastsett av instituttet. Brot på kontrakten fører til tap av studieplass.
Rettleiingskontrakten fastset rammene for obligatorisk rettleiing på masteroppgåva. Normert studietid er fire semester på fulltid. Studentar kan søke om å få forlenga rettleiingskontrakten og studieretten på programmet i inntil to semester utover normert studietid. Samla maksimal studietid på masterprogrammet/studieretninga er såleis seks semester på fulltid.
Til kapittel 7. Eksamen
Til § 7-2 Form
Til (1)
Vurderingsformene i eit studieprogram skal variere.
Eit emne skal berre ha éi vurderingsordning. Det kan gjerast unntak for emne som høyrer til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Til (1)
Lengda på heimeeksamensperioden skal vere maksimum 7 dagar. Dersom heimeeksamensperioden spenner over offentlege fridagar nemnt i § 5.1 (3), skal desse dagane ikkje reknast som del av eksamensperioden. Søndagar er rekna som heilagdag, jf. Lov om helligdager og helligdagsfred.
Til (2)
Alle vurderingsdelane på eit emne må vere greidde i same semester, med mindre det står noko anna i emneomtalen.
Til § 7-3 Rett til eksamen
Til (3)
Adgang til vurdering for personar utan opptak (privatistar) vert ikkje innvilga på emne som har obligatoriske arbeidskrav, forkunnskapskrav eller særskilte krav til studierett.
Til § 7-4 Gjennomføring av eksamen
Til (1 c)
Dersom emneomtalen tillèt ordbøker på eksamen, tek studentane sjølve med ordbøkene til eksamenslokalet, kor dei vert kontrollert av faglærar/eksamensansvarleg.
Til (3)
Faglærar/eksamensansvarleg skal vere tilgjengeleg for spørsmål som gjeld oppklaring av oppgåveteksten.
Til kapittel 8. Eksamensforsøk
Til § 8-1 Talet på forsøk
Til (2)
Studentar som stryk på masteroppgåva får tilbod om følgjande rettleiing i arbeidet med andregangsinnlevering av masterprosjekt:
- Studentar får ei skriftleg grunngiving frå sensorkommisjon
- Studentar får tilbod om eit møte med rettleiar der ein går gjennom tilbakemeldingane gitt i grunngivinga
Studentar får tilbod om ei gjennomlesing med kommentar frå rettleiar på eit ferdig utkast til andregangsinnlevering av masteroppgåva
Til (4b)
Dispensasjon frå regelen om tre eksamensforsøk på emne utan gyldig resultat vert normalt innvilga dersom
- emnet er obligatorisk i programmet
- emnet er siste emnet i ei spesialisering eller ein grad
- emnet er forkunnskapskrav for eitt eller fleire obligatoriske emne i graden
- søkjaren kan vise til andre særleg tungtvegande grunnar eller dokumentere omstende som hindra annullering av vurderingsmelding
Dispensasjon for å forbetre ein bestått karakter vert berre innvilga om søkjaren kan dokumentere nedsett arbeidskapasitet over lengre tid på grunn av eigen sjukdom eller sjukdom i nær familie.
Søknaden må vere levert innan oppmeldingsfristen 1. februar / 1. september.
Til kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk
Til § 9-8 Sensorane
Til (2)
Skriftlege vurderingsformer med klagerett skal sensurerast av ein eller to sensorar, som kan vere interne eller eksterne.
Skriftlege vurderingsformer som ikkje gir klagerett, skal sensurerast av to sensorar. Sensorane kan vere interne og/eller eksterne.
Ved sensur av bacheloroppgåver skal det vere to sensorar.
Til kapittel 10. Gradar
Til § 10-3 Samansetjing av bachelorgrad
Til (1)
I bachelorgradar ved Det humanistiske fakultet gjeld følgjande krav for innføringsemne: Graden skal innehalde minst eitt av innføringsemna EXFAC00AS / Akademisk skriving eller EXFAC00SK / Språkkunnskap. I tillegg gjeld eventuelle programspesifikke krav til innføringsemne omtalt i studieplanen til programmet. Innpassing av innføringsemne frå andre fakultet eller andre lærestader, vert vurdert individuelt. Denne regelen gjeld for opptak til grader ved Det humanistiske fakultet til og med haustsemesteret 2024.
For opptak til bachelorgrader frå hausten 2025 gjeld følgjande krav til samansetjing av bachelorgrad ved Det humanistiske fakultet:
- Emnet [namn] er obligatorisk i alle bachelorgrader ved Det humanistiske fakultet. I tillegg gjeld eventuelle programspesifikke krav til innføringsemne omtalt i studieplanen til programmet. Innpassing av innføringsemne frå andre fakultet eller andre lærestader, vert vurdert individuelt.
- Alle bachelorgrader ved HF skal innehalde minimum 30 studiepoeng med emne utanfor spesialiseringsfaget for studieprogrammet (breiddekomponent). Kravet om breiddekomponent kan ikkje bli oppfylt med ex.phil. og fellesemne i første semester.
Til § 10-4 Samansetjing av mastergrad
Til (3)
Masteroppgåva skal normalt ha eit omfang på 60 studiepoeng. Fakultetsstyret kan vedta at enkelte program kan ha mindre omfang på oppgåva, men ikkje mindre enn 30 studiepoeng. Krav til antal ord er mellom 25 000 og 40 000 ord. For masteroppgåver på 30 og 45 studiepoeng kan talet på ord reduserast. Dette skal framgå av emneomtalen.
Til (4)
Regelen om innføringsemne i integrerte mastergrader ved HF er under utfasing, og er ikkje gjeldande frå opptak gjort frå og med hausten 2024. For dei integrerte mastergradane MAHF-LÆFR og MAHF-LÆNO ved Det humanistiske fakultet gjeld følgjande krav for innføringsemne for kull med opptak til og med hausten 2023: Graden skal innehalde eitt av innføringsemna EXFAC00AS / Akademisk skriving eller EXFAC00SK / Språkkunnskap. I tillegg gjeld eventuelle programspesifikke krav til innføringsemne omtalt i studieplanen til programmet. Innpassing av innføringsemne frå andre fakultet eller andre lærestader, vert vurdert individuelt.
Til Forskrift om opptak ved Universitetet i Bergen
Til § 2-1 Generelle føresegner
Til (8)
Studentar som får opptak til eit masterprogram for andre gong, får studierettperioden justert ut frå samla maksimal studietid på masterprogrammet/studieretninga, jf. utfyllande reglar til § 6-7. Fakultetet kan avslå ein søknad om nytt opptak til eit masterprogram dersom studenten sine rettleiingsressursar er uttømte.