
Velkomen til forskingsgruppa i Kvartærgeologi og paleoklima!
Vi arbeider med ulike geologiske prosessar som har funne stad i løpet av dei siste millionar år. Dette inkluderer studiet av marine sediment, karbonatutfellingar og avsetningar i grotter, innsjøsediment og andre avsetningar på jorda si overflate. Nokre av desse arbeida er reine prosess-studiar, medan andre er retta mot å rekonstruere klimaendringar bakover i tid og forstå korleis fortidsklimaet har variert. Forskingsgruppa har fleire store prosjekt med tyngdepunkt i og rundt Nord-Atlanteren, og gruppa har òg prosjekt i begge polområda, i Himalaya og i Russland. Vi har tilgang til fleire forskingsfartøy, avansert boreustyr for prøvetaking av både marine og terrestriske sediment og vi har fleire avanserte laboratorium, som til dømes Uran-serielaboratorium, laboratorium for kosmogene nuklidar og nasjonal infrastrukturer for sedimentanalysar (EARTHLAB) og lette stabile isotopar (FARLAB). Målet med våre forskings- og undervisningsaktivtetar er å utvikle metodar og teknikkar for betre å forstå den geologiske historia hovudsakleg gjennom istidsperioden (siste 2,6 million år) og omsetje dette til paleoklimatiske rekonstruksjonar og auka prosessforståing.
Har vi mennesker forandra Jorda så mye at vi har gått inn i en ny epoke. Les meir på nrk.no