Hjem

Kvartære geosystemer

Tokt

           Velkomen til forskingsgruppa i Kvartære geosystem!

Vi arbeider med ulike geologiske prosessar som har funne stad i løpet av dei siste millionar år. Dette inkluderer studiet av marine sediment, karbonatutfellingar og avsetningar i grotter, innsjøsediment og andre avsetningar på jorda si overflate. Nokre av desse arbeida er reine prosess-studiar, medan andre er retta mot å rekonstruere klimaendringar bakover i tid og forstå korleis fortidsklimaet har variert. Forskingsgruppa har fleire store prosjekt med tyngdepunkt i og rundt Nord-Atlanteren, og gruppa har òg prosjekt i begge polområda, i Himalaya og i Russland. Vi har tilgang til fleire forskingsfartøy, avansert boreustyr for prøvetaking av både marine og terrestriske sediment og vi har fleire avanserte laboratorium, som til dømes Uran-serielaboratorium, laboratorium for kosmogene nuklidar og nasjonal infrastrukturer for sedimentanalysar (EARTHLAB) og lette stabile isotopar (FARLAB).  Målet med våre forskings- og undervisningsaktivtetar er å utvikle metodar og teknikkar for betre å forstå den geologiske historia hovudsakleg gjennom istidsperioden (siste 2,6 million år) og omsetje dette til paleoklimatiske rekonstruksjonar og auka prosessforståing.

Maringeologi
Map

Spesialvolum på glasiale marginar

August 2018 volumet av tidsskriftet "Marine Geology" er eit spesialvolum på prosessar og geologiske utvikling av dei glasiale marginane i nordlege nord-Atlanteren, med Hans Petter Sejrup (GEO), Berit Oline Hjelstuen (GEO), Mike Bentley (Universitetet i Durham) og Colm Ò Cofaigh ...

Eksamen
masterkandidater GEO

Mastereksamenar vår 2018

I løpet av juni 2018 har 11 masterkandidatar ved vår faggruppe avlagt eksamen. 13. juni var ein del av dei nyuteksaminerte kandidatane tilstade på masterseremonien til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet i Universitetsaulaen.

Strategi
Utslipp

Strategi for klima og energiomstilling

UiB skal være internasjonalt ledende innenfor feltet «Klima og energiomstilling». Sammen med partnere skal vi gjennom klyngeutvikling, senterdannelser og økt tverrfaglighet utvikle ett av Europas sterkeste universitet innenfor feltet.

Forskerportrett

Jostein må alltid tilbake til Folgefonna

Geolog og klimaforsker Jostein Bakke vokste opp ved isbreen Folgefonna i Hardanger. Han frykter han er den siste generasjonen som får oppleve fenomenet.

                     Har vi mennesker forandra Jorda så mye at vi har gått inn i en ny epoke. Les meir på nrk.no