Hjem

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Filosofi

Tverrfaglige emner

Kurs som også kan være nyttige for studenter fra andre studieprogram.

FIL105 - Innføring i sinnsfilosofi

FIL105 - Innføring i sinnsfilosofi
Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi, samt bakgrunnskunnskapar om klassiske filosofar si oppfatning av problemfeltet. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi enno arbeider med nokre av grunnproblema frå Descartes, trass i framsteg i mange delspørsmål.

FIL106 - Innføring i miljøetikk

FIL106 - Innføring i miljøetikk
Emnet skal gi studenten et overblikk over filosofiske omgrep om moral, politikk og vitenskap som har relevans for miljøproblemene i vår tid, med vekt på dyrs velferd, landområders egenverdi, klimarettferdighet og forholdet mellom individuell og offentlig moral. Miljøetikk er et tverrfaglig studium som kombinerer innsikter fra andre fag (f.eks. økonomi, biologi og juss) med filosofisk analyse.

FIL107 - Innføring i politisk idéhistorie

FIL107 - Innføring i politisk idéhistorie

Politisk idéhistorie handlar om politiske idéar, teoriar og tradisjonar i den vestlege idéhistoria frå antikken til vår tid med fokus på dei historiske og sosiale kontekstene dei blei utvikla i.

I kurset skal studentane få ei innføring i europeisk politisk idéhistorie frå antikken og fram til i dag. Her blir hovudposisjonar i politisk idéhistorie introduserte, slik som naturrettstenking, kontrakt-teori og realisme.

Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale innsikter frå den politiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i politiske debatter i samtida, både innanfor og utanfor faget.

FIL116 - Innføring i moderne politisk teori

FIL116 - Innføring i moderne politisk teori

Politisk teori er eit tverrfagleg forskingsfelt der spørsmål knytta til rettferdig fordeling, demokratiteori, anerkjenning av minoriteter, samt forskjellige forståelser av makt står sentralt. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosesser. Kurset gir ein introduksjon til hovedretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori fra om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn.

 

FIL128 - Innføring i etikk

FIL128 - Innføring i etikk
Emnet skal gi studentane kjennskap til nokre av dei viktigaste spørsmåla og problemstillingane som det blir arbeida med innanfor moderne etikk. Nokre døme på tema som blir handsama er: rettferd, velferd, kva moralen krev, kva slags verdi livet har, moralsk plikt og rett, og moralske ideal. I tillegg vil emnet ta opp anvendte problemstillingar knyttet til liv og død, miljø, og globale etiske utfordringar. Emnet er beregnet på alle studentar som ønskjer å styrke sin kompetanse i etikk.Det vil være relevant for studentar innanfor for eksempel miljøfag, samfunnsfag og økonomi, samt for studentar i profesjonsstudiene jus og medisin.