Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i sinnsfilosofi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFIL105
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen,der spørsmål om kva medvit er og korleis medvit kan forklarast innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk er sentrale.

Læringsutbyte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen.
  • innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forheldt seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet.
  • innsikt i diskusjonar om korvidt og korleis medvit kan forklarast  innanføre eit naturvitskapeleg rammeverk.
  • innsikt i problem som berører sinnsfilosofi, som spørsmål om moglegheita av kunstig intelligens, korvidt vi har fri vilje, kva personleg identitet er og ulike syn på sjølvet.
  • innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit.

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

  • skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i sinnsfilosofien i det 20. hundreåret.
  • formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking.

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • vidare studiar i kognitiv vitskap.
  • å følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad.
  • å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL105 overlappar fullt med FIL235 (Tema i sinnsfilosofi), FIL335 (Forskingsemne i sinnsfilosofi ) og FIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skuleeksamen til hjemmeeksamen 5 timar, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime

    Dato
    22.09.2020, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    08.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen