Innføring i politisk idéhistorie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FIL107
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Politisk idéhistorie handlar om politiske idéar, teoriar og tradisjonar i den vestlege idéhistoria frå antikken til vår tid med fokus på dei historiske og sosiale kontekstene dei blei utvikla i.
I kurset skal studentane få ei innføring i europeisk politisk idéhistorie frå antikken og fram til i dag. Her blir hovudposisjonar i politisk idéhistorie introduserte, slik som naturrettstenking, kontrakt-teori og realisme.
Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale innsikter frå den politiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i politiske debatter i samtida, både innanfor og utanfor faget.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- eit generelt oversyn over dei viktigaste teoriane og debattane i den politiske idéhistoria frå antikken og fram til i dag
- innsikt nok til å identifisere dei viktigaste argumenta for og mot demokrati som styreform
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske hovudposisjonane og ideologiane som blir tatt opp både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
- formidle trekk av desse filosofiske hovudretningane og ideologiane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor den politiske idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som til eit allment publikum
- å vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei ideologiane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
- å kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og være eigna som støtte i studiet av andre fag.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skuleeksamen på 4 timar
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Litteraturliste
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.