Hjem
Institutt for geovitenskap
MASTERPROSJEKT - KLIMA

Rekonstruksjon av Folgefonna sin søraustlege margin

Dette masterprosjektet blei designa for Håvard Gjesdal som starta på masterprogrammet i geovitskap, UiB, hausten 2024. Masterprosjektet er gitt av forskergruppa Kvartærgeologi og paleoklima.

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse
Folgefonna sin storleik bakover i tid har vorte kopla til variasjonar i vinternedbør då massebalansen er påverka av mengda vinternedbør. Store deler av områda kring Folgefonna vart kartlagt og mange innsjøar vart prøvetekne i samband med opprettinga av Folgefonna Nasjonalpark i 2005. Eit område som framleis ikkje er kartlagt drenerer frå nordsida av Sauabreen og vidare nordaust mot Sandvindvantet. Vassdraget går frå Kvannanuten ned mot Kvanndalsvatnet og Fossatrevatnet og er eit av få vassdrag kring Folgefonna er ikkje er påverka av kraftutbygging og vassvegane er såleis uforstyrra. Dette gjev potensiale for å kunne nytta sedimenta frå eit eller fleire i vassdraget til å gjere in detaljert rekonstruksjon av denne delen av Folgefonna.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)
GEOV217 / Geofarer (høst, 10 stp.)
GEOV222 / Paleoklimatologi (høst, 10 stp.)
GEOV336 / Lab- og metodekurs i kvartærgeologi (høst, 10 stp.)
GEOV225 / Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (vår, 10 stp.)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitenskap (vår, 10 stp.)

Felt- lab- og analysearbeid
Studenten skal kartleggja drenerisfeltet til Fossatrevatnet ved hjelp av fjernmåling og feltarbeid. Basert på kartlegginga skal det takast innsjøsedimentkjernar i Fossatrevatnet som skal analyserast og tolkast ved sedimentlaboratoriet ved UiB (EARTHLAB).