Hjem
Institutt for geovitenskap
Historie

Institutt for geovitenskap – historie

GEO bygger på ei lang naturvitskapleg tradisjon i Bergen – frå Bergens Museum på 1800 talet til dagens internasjonale forskingsmiljø ved Universitetet i Bergen. Her får du hovudlinene i historia vår, kort og oversiktleg.

Hovedinnhold

Frå museum til universitet

Det heile starta med Bergens Museum, etablert i 1825. Museet var ein drivkraft for naturhistorisk og geologisk kunnskapsutvikling, og la grunnlaget for seinare universitetsverksemd i byen. 

I 1946 fatta Stortinget vedtak om å opprette Universitetet i Bergen, og dei sterke fagmiljøa ved museet vart ein sentral del av det nye universitetet. Geofag som havforsking, meteorologi og geologi stod tidleg sterkt i Bergen. 

Dagens institutt tek form

Institutt for geovitenskap (GEO) vart etablert 1. januar 2003 gjennom ei samanslåing av Geologisk institutt og Institutt for den faste jords fysikk. Sidan har GEO utvikla seg til eit moderne institutt med brei fagleg dekning og avanserte laboratoriar. 

Milepælar (kort tidslinje)

  • 1825 – Bergens Museum vert etablert.
  • 1946 – Universitetet i Bergen vert oppretta; museumsfaga blir del av UiB.
  • 2003 – Dagens GEO blir til ved samanslåing av to institutt.

Fagleg arv og samfunnsrolle

Frå dei første geologiske samlingane ved museet til dagens forsking på klima-, marin- og polarforskning, geofarer og miljø, energiomstilling og ressurser, har GEO sin historiske arv forma eit fagmiljø med sterk relevans for samfunnet. 

Lenker

•    Les meir om UiB si geofaghistorie og instituttet si utvikling: Institutt for geovitenskap sin historie.
•    Hovudsida til GEO