Hjem
Institutt for geografi
Workshop

Betre utnytting av fisk som matressurs

Fisk har unike kvalitetar som ernæring og har i sjølv små mengder avgjerande positiv innverknad på helsa. Likevel manglar fisk ofte i globale helsetiltak for å redusere under- og feilernæring i sårbare grupper som gravide, ammande mødrer, barn og fattige.

Gruppebilde
Desse hadde presentasjonar: Moses Adjei og Ragnhild Overå (Institutt for geografi, UiB), Gro-Ingunn Hemre (NIFES), Marian Kjellevold (NIFES), Jeppe Kolding (Institutt for biologi, UiB), Oddrun Anita Gudbrandsen (Klinisk institutt, UiB), Mariama Awumbila (Department of Geography and Resource Development, University of Ghana), Shakuntala Thilsted (WorldFish Centre, Cambodia), Marloes Kraan (Wageningen Marine Research, Wageningen University), Marguerite Daniel (HEMIL-senteret, UiB), Peter Andersen (Institutt for geografi, UiB), Maarten Bavinck (Centre for Maritime Research (MARE), and Planning and International Development Studies, University of Amsterdam), Francis Ewusie Nunoo (Department of Marine and Fisheries Sciences, University of Ghana). Ikkje på biletet: Ingunn Engebretsen (Senter for Internasjonal Helse, UiB) og Astrid Maria Cabrera (Institutt for geografi, UiB).
Foto/ill.:
Grethe Meling

Forskinga viser at små pelagiske fiskeartar som sild, makrell, sardin og ansjos har stort potensiale som ernæring fordi det gjerne er den billegaste fisken på marknaden og fordi heile fisken frå hovud til hale med innmat og bein vert eten. Fisk eten på denne måten er reine vitamin- og mineralbombene.

Samstundes er det stort fiskeripress som gir utfordringar for ressursforvaltinga, og bruken av småfisk som fór i akvakultur og kjøtproduksjon konkurrerer med bruken av småfisk til direkte konsum. Det er derfor viktig å ha eit globalt perspektiv på betre og meir rettferdig utnytting av fisken frå hav til bord som billeg og tilgjengeleg mat for verdas veksande befolkning.

Nytt forskingsinitiativ

Med støtte frå UiBs strategiske såkornsmidlar (SPIRE) hadde det nye forskingsnettverket ‘Small Fish and Food Security (SFFS)’ leia av Ragnhild Overå sitt første faglege møte 29-30 november med inviterte deltakarar frå eit breitt spekter av fagdisiplinar innan fiskeri, ernæring og helse i Bergens forskingsmiljø frå Universitetet i Bergen (institutta for geografi, biologi og medisin samt Senter for Internasjonal Helse (SIH) og HEMIL-senteret), Nasjonalt Senter for Ernærings- og Sjømatforskning (NIFES), frå University of Ghana, Wageningen University og University of Amsterdam, og frå CGIAR-organisasjonen WorldFish Centre. Her vart mykje kompetanse utveksla med god og lyttande læring på tvers av disiplinane.

EADI-konferanse i Bergen

SFFS-nettverket er i ferd med å utvikle prosjektsøknader og deltek med panelet ‘Zero Hunger and Life Below Water: Sustainable Utilization of Marine and Freshwater Resources for Global Food Security’ på konferansen ‘Globalisation at the Crossroads: Rethinking Inequalitites and Boundaries’ arrangert i Bergen av EADI (European Association of Development Research and Training Institutes), NFU (Norsk Forening for Utviklingsforskning), Chr. Michelsen Institutt og Universitetet i Bergen.