Hjem
Institutt for geografi
Undervisning

Undervisning ved Institutt for geografi våren 2019

Studentweb er opna for registrering til vårsemesteret. Vi skal undervise mange spennande geografiemne våren 2019.

Geografistudentar på Fløyen
Geografistudentar på Fløyen.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Vi ynskjer alle velkomne til eit nytt semester. Her kjem ein oversikt over emne som blir undervist ved Institutt for geografi våren 2019.

Emne på bachelornivå, geografi

  • CET201 / Sustainable Innovation
    Nytt emne. Anbefalt som frie studiepoeng i fjerde semester i bachelorprogram i geografi og som frie studiepoeng i andre program program ved UiB for studentar med godkjent forkunnskapskrav.

  • GEO111 / Landformdannande prosessar
    Del av andre semester for studentar på bachelorprogram i geografi og årsstudiet i geografi. Emnet passar også som frie studiepoeng i andre program.

  • GEO124 / Regional utvikling
    Del av andre semester for studentar på bachelorprogram i geografi og årsstudiet i geografi. Emnet passar også som frie studiepoeng i andre program.
  • GEO204 / Kvantitativ metode
    Del av siste semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Dette er obligatorisk metodeemne for alle studieretningar.

  • GEO206 / Kvalitativ analyse
    Del av siste semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Dette er obligatorisk metodeemne for studieretningane samfunnsgeografi og miljø- og landskapsgeografi.

  • GEO282 / Det rurale i endring
    Del av siste semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Dette er obligatorisk teoriemne for studieretninga miljø- og lanskapsgeografi.
  • GEO291 / Naturgeografisk feltkurs
    Del av siste semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Dette er obligatorisk teoriemne for studieretninga naturgeografi.

  • GEO293 / Miljøgeografisk feltkurs
    Del av siste semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Dette er obligatorisk teoriemne for studieretninga miljø- og lanskapsgeografi.

Emne på masternivå, geografi

  • GEO306 / Metodar i samfunnsgeografi
    For masterstudentar i andre semester på studieretning økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging, utvikingsgeografi og miljø- og landskapsgeografi.

Emne på masternivå, systemdynamikk

Emne i geografididaktikk

Etter- og videreutdanning