Hjem
Institutt for geografi
Alumni

Glade gjensyn med geografar

Det årlege alumnustreffet for geografar var ein suksess, med gjensynsglede, fagleg oppdatering, rapportar frå arbeidslivet og mimring som viktige ingrediensar.

Deltok på programmet: Grete Rusten, Sigrid Skjøren, Ketil Matvik Foldal,...
Deltok på programmet: Grete Rusten, Sigrid Skjøren, Ketil Matvik Foldal, Clare Tompset, Henrik Løseth Jansen, Svein Olaf Dahl og Anders Haukanes.

Hovedinnhold

Rundt 80 geografar, geografistudentar og tilsette på institutt for geografi deltok på treffet. Det er ei dobling av oppmøtet i fjor. Stemninga i Lite auditorium på SV-fakultetet er alt god når instituttleiar Svein Olaf Dahl ynskjer velkomen.

Kva skjer på instituttet?

Svein Olaf Dahl innleier den første delen av programmet med nytt frå instituttet. Han fokuserer på dei nye forskarane og presenterer kort alle 19 pågåande Phd-prosjekt ved instituttet.

- Det er viktig for oss at ferdige kandidatar har ein viss kunnskap om kva vi driv med på instituttet i dag, seier Svein Olaf Dahl.

Så tar to av stipendiatane over. Clare Tompsett presenterer sitt prosjekt om miljøpolitikk og skogsforvaltning i indisk Himalaya og Henrik Løseth Jansen fortel om bre- og klimavariasjonar langs vestkysten av Noreg dei siste 15 000 åra. Han viser til sine studiar frå Andøya, Svartisen og Bergensområdet.

Ord og omgrep som karbonlagring, green economy, landrettar, lokalstyre, narrativer, nettverk og praksis, klimasystem, CO2-variasjon, temperaturendring, borekjernar og studiar av isbre og moreneryggar, svevar mot oss i auditoriet og minner oss om pensumlitteratur og forelesingar.

Geografar i arbeidslivet

Like viktig som å informera om den faglege aktiviteten på instituttet, er det å få kunnskap om kva geografar driv med utanfor universitetet. Grete Rusten innleia denne delen av programmet med tal, statistikk og resultat frå kandidatundersøkinga. Ho viser mellom anna at vi er 565 som har tatt hovudfag eller mastergrad mellom 1970 og 2012 og at geografar får lett jobb. Ho set tonen med ein gong:

- Eg skal presentera fakta om populasjonen geografar frå UiB, den flottaste yrkesgruppa vi har i landet!

Sigrid Skjøren, einaste geograf i Hordaland politidistrikt, jobbar med kriminalitetsanalyser som skal førebu politidistriktet på komande utfordringar. Ho fortel om sitt første møte på jobb. Vold og kriminalitet i utelivet står på agendaen, og den nyutdanna geografen innfører omgrepet normativ geografi for uniformkledde med menn i 50-åra.

Nestemann ut er Ketil Matvik Foldal, beredskapssjef i Møre og Romsdal. Han kallar innlegget sitt kreativ pessimisme, og snakkar om alt som kan gå gale og at ingenting er så gale at det ikkje kan bli verre. Det handlar om samfunnstryggleik og alt frå pandemiar til fjellskred. Han slår fast at den faglege bakgrunnen frå instituttet er nyttig.

- Eg er byråkrat og prøver ikkje å stå fram som ekspert. Men eg kan snakka med ekspertane og forstå dei. Det er ein stor fordel, fortel Ketil Matvik Foldal.

Til stor glede i salen, har han også tatt med godt mimrestoff i form av bilete frå studietida.

Cato Johansen er siste geograf ut og presenterer sine erfaringar som arealplanleggar i Forsvarsbygg. Forsvaret er ein storforbrukar av areal. I forvaltninga av desse kjem ein i kontakt, og konflikt, med mange ulike aktørar i samfunnet.

- Gjennom hovudfagsprosjektet mitt om utbygging i Skuteviken fekk eg kunnskap om og forståing for ulike roller og det maktspelet som skjer, seier Cato Johansen om geografifaget som relevant utdanning.

Han avsluttar med å visa til ei aktuell problemstilling frå Bergen med Nordens største marinebase på Håkonsvern som opplever at byen veks innpå.

Sosiale geografar

Den sosiale delen av programmet startar med lapskaus og vin i SV-kantina. Anders Haukanes i Geografisk klubb aktiviserer alle med geoquiz før festen held fram på Kvarteret. Og gjensynsgleda, mimringa, dei gode fortellingane og den gode stemninga varte til langt på natt. Og det Grete Rusten stadfesta i sitt innlegg var det ingen som tvilte på. Geografi er best!

Sjå programmet her.