Hjem
Institutt for geografi
Utveksling

Geografistudent på utveksling i Wales

Mikkel Kristiansen bestemte seg for å ta steget ut i femte semester på bachelorprogrammet. Han valte Wales og den idylliske byen Aberystwyth heilt ute ved kysten.

Som student har du mange alternativ dersom du har lyst til å ta delar av utdanninga di i utlandet. Institutt for geografi har fagspesifikke avtalar med fleire universitet i Europa gjennom Erasmusprogrammet og for resten av verda har UiB opna dørene gjennom bilaterale avtalar.

Sidan Mikkel var ferdig med spesialiseringa i geografi ved UiB var han på jakt etter relevante fag i utlandet som han kunne ta som frie studiepoeng i graden sin. Han ville styrka delen med naturgeografi i bachelorgraden sin og søkte difor etter nye kurs innanfor naturgeografi på samarbeidsavtalar ute.

 

Relevante fag

Fagkombinasjonen var difor ein viktig grunn til at han enda opp i Aberystwyth dette semesteret. Ein liten ferie i Wales i fjor gav også meirsmak til å utforska denne delen av Storbritannia nærare.

- Eg tenkte ei stund på å reise langt vekk og få litt strandliv som tillegg til studielivet, men fann ut at det er gunstig å reise på Erasmusavtale, både reint økonomisk og med tanke på fagkombinasjonar. Og så er det lett å få besøk av venner, studiekameratar og familie.

Geografimiljøet i Aberystwyth er stort og Mikkel opplever at dei faga han tar gir han eit relevant tillegg til det han har tatt heime. Undervisninga er bygd opp med ein time forelesing og ein time praktisk oppgåve. Eit utvekslingsopphald hjelper deg å utvide det fagfeltet du er interessert i, meiner Mikkel.

- Du får eit vidare spekter.  Forelesarane her har andre forskingsprosjekt og andre perspektiv og vinklingar. Det gir meg ei vidare forståing for eit fagfelt enn om eg er på same universitetet heile graden min, forklarar han.

 

Fjellturar, klatring og publiv

Dei sosiale erfaringane er også ein viktig del av livet som utvekslingsstudent. Aberystwyth som studentby er tosidig, seier Mikkel. På den eine sida har du alle studentorganisasjonane som er knytt til universitetet. Ved semesterstart var det ei stor messe der organisasjonane presenterte seg for nye studentar. Å bli med i organisasjonar er den beste måten å bli kjent med lokale studentar. I tillegg er byen i seg sjølv ein viktig sosial arena. Byen er liten med mange studentar som pregar bybildet. Med 10 000 innbyggarar og 10 000 studentar er byen veldig sosial med eit er eit yrande uteliv.

Mikkel engasjerte seg i ein klatreklubb og ei friluftsgruppe på universitetet. Det er eit bra idrettssenter der klatreklubben held til og friluftsgruppa arrangerer fjellturar kvar søndag.

- Nasjonalparken Snowdonia ligg berre ein time unna og er eit flott område med det tredje største fjellet i Storbritannia. Her reiser vi på mange av fjellturane, forklarar Mikkel.

Han oppsummerer sitt sosiale liv i Aberystwyth slik:

- På fritida går det i fjellturar, klatring og pub, ein bra kombinasjon! 


Nyttige erfaringar

Det beste med å reise på utveksling er å erfare eit nytt system, noko som er nyttig å ta med seg vidare, meiner geografistudenten. På spørsmål om han kan anbefale andre studentar å reise på utveksling til Aberystwyth kjem svaret fort:

- Ja, definitivt! Det er ein bra plass med eit godt opplegg for utvekslingsstudentar. Eg trives veldig godt her. Det er ein koseleg, trygg og fin by med avslappa og god stemning. Eg har aldri sett noko kriminalitet her og folk går frå syklane sine ulåste.

Mikkel stadfestar altså ryktet om dei venlege walisarane. Og er det noko studenten i Wales opplever som er negativt, er det nettopp at det blir litt for høflig av og til.

- Det blir litt vel mykje av det gode når eg blir spurt om korleis eg har det når eg berre vil kjøpe ein sjokolade på kiosken!

For nordmenn kan som kjent dette bli oppfatta som unødvendige frasar. Men på den andre sida: Dersom høfleg tale i kvardagen er det verste du opplever som utvekslingsstudent i Wales, er vel akkurat det råd å leva med. I alle fall for eit semester eller to.

Aberystwyth University

Utveksling frå UiB