Hjem
Institutt for geografi
Alumni

Geografar samla til alumnustreff

Institutt for geografi har gjennomført sitt første alumnustreff. Nesten førti geografar var samla på arrangementet i 9. etasje på SV-fakultetet.

Geografar av det runde bord.
Geografar av det runde bord.
Foto/ill.:
Ingvild Strøm Hansen

Deltakarane representerte eit stort spekter både med tanke på noverande arbeidsstad og kor tid dei studerte geografi. På deltakarlista var både den femte som vart uteksaminert med hovudfag ved instituttet i 1971 og studentar som fullfører bachelorgraden sin i geografi dette semesteret.

 

Årleg arrangement

For instituttet er det viktig å halda kontakten med ferdige kandidatar for å få oversikt over arbeidsmarknaden for geografar og å få tilbakemeldingar på utdanninga.

- Kva skal vi læra studentane våre i framtida? Korleis kan geografiutdanninga ved UiB bli endå meir relevant på arbeidsmarknaden? Alumnustreffet skal også vera eit forum for tilbakemeldingar frå de som er ute i den verkelege verda, sa instituttleiar Svein Olaf Dahl.

Alumnusarbeidet ved instituttet har hatt fokus på å skapa ein møteplass mellom noverande og tidlegare studentar med tanke på rekruttering til masterprogram og styrking av fagidentiteten. Difor blir det lagt opp til eit årleg arrangement i Bergen i mai.

 

Fagleg oppdatering

I kontakten mellom instituttet og tidlegare studentar er det også viktig at ferdige kandidatar får oppdatering på kva fokusområde instituttet har i dag.  I presentasjonane av ulike forskingsprosjekt ved instituttet deltok førsteamanuensis Peter Andersen, professor Tor Halfdan Aase, professor Ole Reidar Vetaas og stipendiat Heidi Bjønnes Larsen i tillegg til instituttleiar Svein Olaf Dahl.

Dei representerer dei fire forskargruppene ved instituttet: Naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi, utviklingsgeografi og økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging. Deltakarane fekk mellom anna høyra om landbruk og klimaendringar i Himalaya, fiskeriforvaltning, oljeindustri og lokale ringverknader i Ghana, lakseoppdrett i Chile, endring i stølsvegetasjon i norske fjellområde, klimaendringar og samfunnsmessige konsekvensar av flommen i Gudbrandsdalen i 2011, by-jordbruk i Europa og spansk/norsk saltfiskprosjekt.

- Målet med saltfiskprosjektet er å undersøka nye trendar i sjømatmarknaden, støtta opp om gode foretningsrelasjonar mellom norske og spanske produsentar og styrka konkurranseevna til norske produsentar, fortalde stipendiat Heidi Bjønnes Larsen før det var tid for mat, drikke og mingling.

 

Geografi og arbeidsrelevans

Etter matøkta fortalde to alumnar om sine erfaringar med geografi som fagbakgrunn i arbeidslivet. Heidi Havelin, dagleg leiar ved Opus Bergen og Ingunn Vatne, seniorrådgjevar i Utenriksdepartementet la begge vekt på breidda i geografifaget som ein stor fordel på arbeidsmarknaden. Kunnskap om kart, topografi, klima, ROS, geologi, GIS, demografi, næringsutvikling, vegetasjon, kulturforståing, stadsidentitet og samspelet mellom natur og menneske var blant stikkorda dei trakk fram som nyttige tema i geografiutdanninga.

- Komplekse problem krev komplekse løysingar, og då må vi kunne tenka heilskapleg og trekka inn ulike faktorar som spelar inn på utviklinga av eit område, noko eg meiner geografi i større grad enn andre samfunnsvitskaplege fag set deg i stand til, sa Ingunn Vatne i UD.

Ho har jobba i UD sidan ho var ferdig med hovudfag i geografi i 1999 og fortel at ho den gong søkte for å visa nokre sampol-vener at bakgrunn i utviklingsgeografi var like aktuelt som samanliknande politikk.

- Og det gjekk jo strålande, avsluttar ho.

 

Geoquiz med Holt-Jensen

Under siste post på det formelle programmet køyrte professor emeritus Arild Holt-Jensen geoquiz. Gjennom fotopresentasjonar tok han oss med på sine seinaste reiser i inn- og utland og stilte spørsmål frå dei ulike stadane.

Poeng vart telt opp, twistposar og miniatyrflasker av vin vart fordelt til vinnarane før festen heldt fram på Muntlig, baren på Studentsenteret.

Neste år er det plass til fleire deltakarar. Alle blir oppfordra til å invitera tidlegare medstudentar til å registrera seg i alumniportalen til UiB, og melda seg inn i geografigruppa der. Då vil de få invitasjonar til framtidige arrangement. Målet er at alle bergensgeografar veit at ein fredag i mai kvart år skal dei valfarta tilbake til Bergen, UiB og institutt for geografi for ein god dose fagleg påfyll, nettverskbygging og mimring frå glade studentdagar.