Hjem
Institutt for geografi
Feltkurs

Natur- og miljøgeografisk feltkurs i Jostedalen

I slutten av mai blei Geo 291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs avvikla i Jostedalen i Sogn.

Gruppebilete framføre Nigardsbreen.
Gruppebilete framføre Nigardsbreen.
Foto/ill.:
Anders Lundberg

Om lag 30 studentar deltok, saman med rettleiarar frå instituttet. I tillegg var det med tre gjester frå Ungarn og Wales. Me budde på Gjerde, i den øvre delen av Jostedalen, og studieområda var i nærleiken og i nokre av sidedalane.

 

Gruppearbeid

Studentane arbeidde i gruppe på 2-3, og dei var ute frå 9-17. Middagen var kl 19, og frå kl 20 var det kveldsarbeid med organisering av data som var innsamla i løpet av dagen. Gruppene arbeidde med sentrale natur- og miljøgeografiske tema, som ras, sedimentasjon, lichenometri, klima, dendrokronologi, suksesjon, alpine tregrensefluktuasjonar, slitasje og naturforvaltning.

 

Bachelor-oppgåve

I løpet av ei intensiv, men svært lærerik veke blei det gjort mykje spennande feltarbeid. Gjennom kurset fekk studentane opplæring i korleis ei forskingsoppgåve kan gjennomførast, med formulering av presise forskingsspørsmål, opplæring i metode, analyse av data og samanstilling og drøfting av resultat. Data innsamla under feltkurset danna grunnlaget for studentane sine Bachelor-oppgåver.

 

Kurset gjer også studentane godt førebudde for eit masterstudium i geografi.

 

Emneskildring GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs