Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
Nyhet

Ny publikasjon av Anne Lise Fimreite og Jacob Aars

Anne Lise Fimreite og Jacob Aars har publisert ei ny lærebok!

Hovedinnhold

Anne Lise Fimreite og Jacob Aars frå instituttet har publisert ei ny lærebok for studentar innan statsvitenskap!


I boka «Å studere offentlig forvaltning» får ein god innsikt om kva offentleg forvaltning er og korleis den er organisert. Kvar går grensa mellom politikk og fag? Og kven har eigentleg makta i offentleg forvaltning? I ein verden der det er mykje politisk uro, auka kompleksitet av styringa av samfunnet og offentleg forvaltning stadig får meir merksemd, er den nye boka til Anne Lise og Jacob eit viktig bidrag i litteraturen.


Denne boka er ikkje berre for spesielt interesserte. Dette er ei bok for alle som ønsker å få betre kunnskap og forståing for korleis samfunnet faktisk vert styrt. Samstundes som dette er ei lærebok for statsvitenskap, rommer boka tema og perspektiv som gjer den aktuell i mange av dei viktigaste politiske debattane i dag. Samfunnet i dag er prega av globale kriser, aukande polarisering og raske endringar. Boka til Anne Lise og Jacob gir oss gode verktøy og perspektiv for å kunne analysere og forstå forvaltninga si rolle, både som ein utøvar av politikk, men også som ein sjølvstendig aktør.


Gratulerer til Anne Lise og Jacob for ny bok!