Ressursar for øvingslærarar i samfunnskunnskap
På denne sida har vi samla relevante ressursar for deg som jobbar i skulen. Her finn du nyttige verktøy, aktuell forsking, semesterplan for lektornettverket, samt PowerPoint-presentasjonar og andre dokument som kan gi inspirasjon, fagleg påfyll og støtte i arbeidet ditt.
Hovedinnhold
Ressursar for øvingslærarar
Øvingslærarane er viktig for lektorutdanninga, og det kan vera til hjelp for øvingslærarane som har studentane våre å kjenna litt til kva dei har med seg frå UiB i samfunnskunnskapsdidaktikk før dei går ut i praksis. Vi har derfor her sett opp eit skriv «Fagdidaktiske rettleiingspunkt» om kva vi har tatt opp og kva vi legg vekt på i våre praksisoppfølgingar.
Fagdidaktiske rettleiingspunkt for praksis i samfunnskunnskap
Merethe Foer, ein erfaren lektor, har også intervjua fagdidaktikarane i ein podkast om kva vi tar opp med studentane. Podkasten ligg i ei samla fil, men består av ulike tema som du kan trykkje deg fram til på venstre side. Tema er elevforutsetninger, læremidler, læringsaktiviteter, begrepslæring, faglige ferdigheter og vurdering
Podcast: https://uib.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=f9738d26-4826-4b9d-927f-b3070095272c
Aktuell forsking
Elevføresetnader
Børhaug, K., & Langø, M. (2020). Engasjementsfaget – Er samfunnskunnskap engasjerende for elevene?. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 10(2020:1), 45–64. Hämtad från https://journals.lub.lu.se/nordidactica/article/view/21900
Børhaug, K. (2021). Motivasjon for politisk deltaking som undervisningsutfordring. I: T. Solhaug (red.). Skolen i demokratiet – demokratiet i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.
Samfunnskunnskap og det internasjonale samfunnet
Børhaug, K. (2021). Opplæring for demokrati i ei globalisert verd. I: T. Solhaug (red.). Skolen i demokratiet – demokratiet i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.
Børhaug, K., & Neby, S. (2024). Politisk handlingskompetanse for berekraftig utvikling. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 14(2024:2), 88–109. https://doi.org/10.62902/nordidactica.v14i2024:2.24937
Borgebund, H., & Børhaug, K. (2024). Citizenship education after Ukraine: Global citizenship education in a world of increasing international conflict. JSSE - Journal of Social Science Education, 23(2). https://doi.org/10.11576/jsse-6854
Vurdering
Langø, M. & Børhaug, K. (2022). Vurderingspraksis i samfunnsfag. I Børhaug, K., Hunnes, O.R., & Samnøy, Å. (red). Nye spadestikk i samfunnsfagsdidaktikken. Fagbokforlaget.
Børhaug, K., & Langø, M. (2024). Vurdering i samfunnskunnskap: Kunnskaper, ferdigheter eller holdninger? . Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 14(2024:1), 72–94. Hämtad från https://journals.lub.lu.se/nordidactica/article/view/24587
Samfunnskunnskap og demokrati
Børhaug, K. (2022). Medborgaroppseding i samfunnskunnskap og samfunnsfag i demokratiteoretisk perspektiv. I Børhaug, K., Hunnes, O.R., & Samnøy, Å. (red). Nye spadestikk i samfunnsfagsdidaktikken. Fagbokforlaget.
Børhaug, K., & Østerhus Dahle, B. (2023). Er demokratiske elevråd mogeleg?. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 9. https://doi.org/10.23865/ntpk.v9.4000
Borgebund, H., & Børhaug, K. (2023). Demokratiopplæring gjennom demokratisk erfaring. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 13(2023:3), 46–65. https://journals.lub.lu.se/nordidactica/article/view/24820
Kritisk tenking
Frønes, T.S, Folkeryd, J. Børhaug, K. & Sillasen, M. (2022). Kritisk literacy på fagenes premisser – med eksempler fra morsmålsfag, naturfag og samfunnsfag . (2022). Acta Didactica Norden, 16(2), 28 sider. https://doi.org/10.5617/adno.9779
Borge, J. A. Ødegaard, & Langø, M. (2023). Kritisk tenkning i bærekraftundervisning: en kvalitativ analyse av ungdoms perspektiver på klimatiltak. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 13(2023:2), 111–134. Hämtad från https://journals.lub.lu.se/nordidactica/article/view/24190
Kven har makta over faget?
Børhaug, K., & Helsvig, K. . (2023). Kampen om samfunnsfaget – eit forskingsoversyn med vekt på lærarane si rolle. Nordidactica. Journal of Humanities and Social Science Education, 13(2023:2), 28–48. https://journals.lub.lu.se/nordidactica/article/view/24188
Progresjon
Børhaug, K. & Munoz, D. (2022). Progresjon i samfunnsfaget i grunnskolen. I Børhaug, K., Hunnes, O.R., & Samnøy, Å. (red). Nye spadestikk i samfunnsfagsdidaktikken. Fagbokforlaget.
Faglege ferdigheter
Langø, M. (2015). Å drøfte i samfunnskunnskap. . I Børhaug, K., Hunnes, O.R., & Samnøy, Å. (red). Spadestikk i samfunnsfagsdidaktikken. Fagbokforlaget.
Lektornettverk «Statsvitskap i skulen»
Vi vil gjerne halda kontakt med statsvitarar som underviser i ungdomsskule og vidaregåande skule. Vi inviterer derfor eit par gongar i semesteret til fagleg påfyll og diskusjon. Du kan få invitasjonar ved å melda deg på til Merethe Winsents Foer på e-post: Merethe.Winsents.Foer@vlfk.no
Program - Statsvitskap i skulen
Haust 2025
10. september kl. 1300-1430:
Tema: Trusselbildet vi står ovenfor, hybrid krigføring og totalforsvar m/Åse Gilje, førsteamanuensis v/Sjøkrigsskolen
18. november kl. 1500-1615.
Tema: Kjønn og Politikk: Er vi der vi skal være? m/ Ragnhild Muriaas, professor v/institutt for politikk og forvaltning.
Vår 2025
31 januar
Tema: Hvor står klimapolitikken? m/Simon Neby, professor Institutt for politikk og forvaltning, Kjetil Børhaug, professor Institutt for politikk og forvaltning
Tema: Høyreekstremisme og politisk vold m/Lars Erik Berntzen, førsteamanuensis v/ institutt for politikk og forvaltning.
17 mars.
Tema: Når demokratiet rakner foran øynene våre m/ Lise Rakner, professor v/ institutt for politikk og forvaltning.
Lenger ned på sida, under "lenker og dokument" finn du nokre faglege ressursar tilknytt tema som vi har hatt oppe i lektornettverket.
