Hjem
Institutt for politikk og forvaltning
Nyhet

Jonas Lund-Tønnesen har fått prisen "Emerging Scholar Award"!

Jonas Lund-Tønnesen
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

På vegne av tidsskriftet «International Journal of Public Administration» har Jonas Lund-Tønnesen blitt tildelt prisen «The 2026 Emerging Scholar’s Award».

Dette seier Lund-Tønnesen sjølv om tildelinga av prisen: «Eg tykkjer det er utruleg kult, og det er ein stor ære å få tildelt ein slik pris. Det er ikkje så ofte man får anerkjenning som akademikar, så det er utruleg stas å sjå at forskinga eg gjer vert sett pris på, og at nokon ser potensialet i det eg forskar på og publiserer. Denne anerkjenninga motiverer meg til å fortsette å fremme forsking innan feltet og i tidsskriftet».

Lund-Tønnesen forskar på digitalisering av offentleg sektor, med fokus på kunstig intelligens, digital overvaking og digitale endringar i organisasjonar. Han er særleg opptatt av korleis digital teknologi endrar organiseringa av staten og forholdet mellom staten og innbyggarane.

Emerging Scholar’s Award vert tildelt forskarar tidleg i karriera som viser særleg stort potensiale innan forsking på offentleg administrasjon og politikk. For å bli nominert må ein vise til en sterk forskingsagenda med betydelege bidrag til feltet. Prisen anerkjenner forsking som bidreg med nye perspektiv og innovative tilnærmingar, og skal samstundes støtte framveksten av neste generasjons forskarar. Prisen er ei anerkjenning av forskinga Lund-Tønnesen har gjort så langt, og peikar samstundes på det store potensialet i arbeidet hans vidare. Han vart nominert av Per Lægreid og Tom Christensen.

Gratulerer så mykje Jonas!