Første samling for satsing innan kunstig intelligens
Denne uka møtte dei nye LEAD AI forskarane kvarandre for første gang.

Hovedinnhold
Denne onsdagen blei det arrangert eit velkomstmøte for dei nye postdoktorane som deltek i LEAD AI.
LEAD AI er eit utvikviklingsprogram som skal vare frå 2024 til 2028 og være ein læringsarena for 19 postdoktorar innan AI. Programmet har finansiering som MSCA program frå EU, og skal bidra til forskingssamarbeid på tvers av fakultet og institutt.
Så langt har fire postdoktorar starta med sine prosjekt på fire forskjellige institutt. Dette var den første gongen dei offisielt møtast som ein del av LEAD AI.
Dei nye postdoktorane er:
- Robin Guillaume-Castel (Geofysisk institutt)
- Jessa Henderson (SLATE, Det psykologiske fakultet)
- Lisa Haarer (Kjemisk institutt)
- Lars Moberg Salbu (Institutt for informatikk)
Les meir: LEAD AI Fellows (Engelsk)
«Dei fire LEAD AI postdoktorane demonstrerer stor variasjon i forskingsinteresser, og er flotte representantar for breidda i det interdisiplinære kunstig intelligens-feltet» seier koordinator Guro Akre. «Vi er glad for å være i gong og gler oss til å snart ynsje fleire postdoktorar velkommen.»