Informatikk, årsstudium
- Lengde1 år
- Ordinær62
- Primær36,2
- Plassar20
- OpptakskravMATRS
- Studiepoeng60
- StartHaust
Hovedinnhold
Vi brukar IKT til praktisk talt alt: i kvardagslege syslar som å ha kontakt med vener og familie, når vi bruker nettbank eller kommuniserer med offentlege myndigheiter.
- Korleis fungerer datamaskiner? Og korleis lagar ein programma som styrar dei?
- Korleis kan ein nytta dataprogram til å simulere prosesser i den verkelege verda?
- Korleis sikrar ein seg sjølv og datautstyret sitt frå å bli utsett for hacking?
- Korleis fungerer datanettverka?
Du vil lære deg grunnleggande programmering og bruk av databasar. Du vil og læra deg korleis du kan modellere ei rekke problem slik at dei kan løysast med dataprogram.
Dersom du kjem rett frå vidaregåande skule og ikkje har bestemt deg for kva du vil studera så vil årsstudium i informatikk gje deg en smakebit på kva du kan venta i eitt av våre datastudium. Du kan for eksempel fortsette etter fullført årsstudium på bachelorprogrammet i datateknologi eller bachelorprogrammet i datasikkerheit.
Meir informasjon under
Kvifor velje årsstudium?
Årsstudiet lar deg studere informatikk i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan vere kvalifisert til alle bachelorprogram ved Institutt for informatikk og kan søke intern overgang til eitt av desse etter fullført årsstudium.
Med bachelorgraden har du mange jobbmoglegheiter, som for eksempel:
- utviklar i bank eller finans
- programmerar i datafirma
- konsulent
Tar du årsstudiet for å bygge på eit tidlegare studium, er det ofte det tidlegare studiet som avgjer kva slags jobb du får, mens informatikkstudiet gir deg ekstra ballast innan IKT. Du vil kunne fungere som eit bindeledd mellom IT-personell og dei med fagspesifikk kunnskap. Slik vil du skilje deg ut frå dei med tilsvarande utdanning som deg sjølv, og vere meir attraktiv på jobbmarknaden.
Oppbygging
Årsstudiet i informatikk går over to semester og startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester, haust:
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- INF170 Modellering og optimering (10 studiepoeng)
- Enten INF122 Funksjonell programmering, INF140 Introduksjon til datatryggleik eller MAT101 Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 (10 studiepoeng).
2. Semester, vår:
- INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
- INF115 Databasar og modellering (10 studiepoeng)
- Enten INF142 Datanett eller MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
Studiekvardagen
Årsstudiet i informatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
Kvart emne har forelesingar med tilhøyrande praktiske øvingar. For at du skal meistre studiet bør du bruke mykje tid på å løyse oppgåver og programmere sjølv.
Studiet består av
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Praktiske øvingar
- Sjølvstudium
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 12 timar med forelesingar og 6 timar med øvingar.
Fleire av kursa har obligatoriske øvingar som tel til sluttkarakteren, men det er ikkje obligatorisk oppmøte.
To av seks emne er valfrie. Då kan du velje blant to-tre emne. Elles er emna obligatoriske å følgje.
Undervisninga er på norsk, mens litteraturen er på engelsk.
Vi held til på Høyteknologisenteret, Realfagsbygget og Auditoriefløyen. Høyteknologisenteret har fleire lesesalar som kan brukast, for eksempel “Bachelorlesesalen” i 2. etg., og “Stillelesesalen” i 3. etg.
Meir informasjon under
Informatics Survival Guide
Kva lærer du?
Med eit årsstudium lærer du å:
- lage enkle program i Python og Java
- delta i større programutviklingsteam
- gjere bruk av dei grunnleggjande prinsippa for databasar
Sjå full liste med læringsutbyte.
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS: Matematikk R1 (eller S1+S2)
Søknadsfristen er 15. april.