Boklansering: Teen Boys and their Smartphones as Worldmaking Devices
Korleis er det å vere ung mann i smarttelefonen sin tidsalder? Velkommen til lansering av boka Teen Boys and their Smartphones as Worldmaking Devices: In the Palm of Their Hands (John Magnus R. Dahl, University of Copenhagen).
Hovedinnhold
Korleis er det å vere ung mann i smarttelefonen sin tidsalder? Dette freistar Dahl å svare på i denne etnografien, som fylgjer seks tenåringsgutar i livet deira online og offline.
Han konkluderer mellom anna at telefonen er eit viktig verktøy for å skape den typen sosiale relasjonar gutane ser på som viktige, og slik ein måte å auke fridom og handlekraft i sine eigne liv. Vidare syner han at dette er særskilt viktig for minoritetsgutar: Skeive og gutar med innvandrarbakgrunn brukar telefonen på andre måtar enn streite, kvite gutar.
Boka er gjeve ut på Palgrave Macmillan, og basert på forskingsarbeidet Dahl gjorde som postdoktor på MediaFutures frå 2021 til 2024. E-boka finst her, og ein lengre sak om funna i boka kan du lese her.
Boklansering på SFI MediaFutures 5.september
Lanseringa tar form av ei boksamtale mellom Dahl og professor Kristine Jørgensen, prosjektleiar for Understanding Masculinity and Gaming, og høve til å stille spørsmål. Samtala føregjeng på engelsk. Enkel servering.
Tid og stad: MediaFutures, Media City Bergen, 5.september kl 12:15-14:00.

