radioradio
Lyd i journalistikk. Lydmedium generelt og radiomediet spesielt har vore lite påakta i medieforskinga, men no kjem den første breie innføringsboka i radiojournalistikk på norsk. Radioradio er eit nybrottsarbeid om lydbruk i radio, skriven av Linda Eide og Lars Nyre.
Hovedinnhold
Linda Eide & Lars Nyre - ISBN 8252161618 - Samlaget, Norge, 2004.
Forfattarane utforskar dei spesielle kommunikative eigenskapane til radiomediet, som skil seg frå både avismediet, fjernsyn og film. Radioen gir lyttarane kjensla å oppleve ein notidig, levande situasjon samtidig med andre lyttarar, og det blir journalisten si oppgåve å leggje lyden til rette slik at den riktige stemninga blir skapt. Denne boka viser korleis lyd blir brukt i ulike typar sjangrar og program og korleis lyden er del av bevisste retoriske strategiar. Ein CD med eksempel på norsk og internasjonal radiojournalistikk følgjer boka, og demonstrerer på ein pedagogisk måte emne som blir tatt opp i dei ulike kapitla. Radioradio er dermed ei verdfull kjelde til inspirasjon for radiojournalistar som vil bli meir bevisste og kreative i lydbruk. For studentar i medievitskap og journalistikk vil boka gi ein viktig introduksjon til eit spennande og uutforska felt.
Linda Eide er TV- og radiojournalist og har jobbet i NRK siden 1990. Hun er blant annet kjent fra programmet Norsk attraksjon
Lars Nyre er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.
