Kriminelt
Denne boka nyanserer forståinga av kriminaljournalistikken i norske populærmedium. Kriminaljournalistikken er den mest utskjelte av dei journalistiske stoffkategoriane, og forfattaren gir her fleire interessante tolkingar av denne situasjonen.
Hovedinnhold
Lars Arve Røssland - ISBN 82-15-00333-8 - Universitetsforlaget, Oslo 2003.
Røssland viser at det i debatten rundt kriminaljournalistikk finst to hovudfrontar: Dei som meinar at det meste er gale, og dei som meiner at kriminaljournalistikk er seriøs og viktig journalistikk. Bak det siste synet ligg oppfatninga av at også kriminaljournalistar i norske populærmedium har ei profesjonell innstilling til arbeidet sitt. Dei ønskjer at kriminaljournalistikken skal bli oppfatta slik at den spelar ei viktig samfunnsrolle. Boka tilbyr alternative forståingsformer til desse to hovudfrontane, og viser gjennom eit rikt eksempelmateriale korleis kriminalsjournalistikk kan vere både sensasjonssøkande og spekulativ og seriøs og viktig. Boka er aktuell for alle journalistikk- og mediestudentar, journalistar, myndigheiter og alle som er opptatt av pressas, og då spesielt kriminaljournalistikkens, rolle i samfunnet i dag.
Lars Arve Røssland er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen
