Media i samfunnet – 5. utgave
Det er litt meir enn 20 år sidan arbeidet med læreboka Media i samfunnet starta. Første utgåva kom i 1988. Då var mediestudiet i Bergen nesten heilt nytt, og på norsk fanst ingen høveleg innføringsbok på feltet, det næraste ein kom var Fougner/Søbstad Medielære, som var skriven for mediefag på lærarutdanningane. Ture Schwebs var lektor på vidaregåande skole (U Pihl, i dag undervisningslokale for dagens mediestudentar ved Universitetet i Bergen) og underviste mellom anna mediefag da han var med i det første kullet på grunnfaget i «massekommunikasjon og mediekunnskap» (det første namnet på det som nå er medievitskap). Helge Østbye var ein av lærarane på studiet. Desse to gjekk saman om å lage ei lærebok.
Hovedinnhold
Helge Østbye & Ture Schwebs - ISBN: 978-8-25217-015-3 Det Norske Samlaget 2007
For dei aller første kulla var det brukt innføringsbøker på engelsk og svensk. Det var tre grunnar til at Schwebs og Østbye meinte det var viktig å få ei norsk innføringsbok i faget. For det første er det viktig at studentane slipp å slite for mykje med språket i den første innføringa i faget – det å starte på eit nytt fag er i seg sjølv ei utfordring, og det er viktig at konsentrasjonen kan gå med til å lære faget. For det andre er det viktig at studentane får eit fagvokabular på norsk: Det lettar tenkinga om faget og gjer det lettare å fortelje om det til folk utanfor fagmiljøet. For det tredje var det oppfatta som viktig å formidle kunnskap også om det norske mediesystemet. Sjølv om media er internasjonale og dei internasjonale perspektiva er viktige, er det òg viktig å sjå korleis media er og verkar akkurat i Noreg.
I dei 20 åra som er gått sidan arbeidet med boka starta, har mediefeltet blitt sterkt endra. I 1987 fanst ikkje TV 2, TV3 eller TVNorge. Få så for seg at eit datanett skulle bli eit viktig massemedium. Hypertekst var det få som snakka om. Det å halde oppdatert ei lærebok som både skal følgje med i den utviklinga i teorien i faget og i endringane i media sjølve, stiller krav om omfattande oppdateringar. I den 5. utgåva er det lagt større vekt på Internett. Gjennom eit eige kapitel er det òg lagt stor vekt på media som organisasjonar og økonomiske einingar og korleis økonomien styrer medieutviklinga. Drøfting av globalisering har fått større plass.
Helge Østbye er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, og har saman med andre gitt ut ei rekkje bøker, mellom anna Metodebok for mediefag, Norsk pressehistorie og Norsk kringkastingshistorie.
Ture Schwebs er førsteamanuensis ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen. Han er mellom anna medforfattar av Skjermtekster og tekst.no. Strukturer og sjangrer i digitale medier.
