Hjem
Det juridiske fakultet
Opptak til MAJUR 2

Opptak til toårig master ved Det juridiske fakultet

UiB Juridisk fakultet
Foto/ill.:
UiB, Ingvild Festervoll Melien

Universitetet i Bergen har eit toårig masterprogram i rettsvitskap som studentar frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger kan søke på. Studieprogrammet har 30 studieplassar og oppstart kvar haust. 

Kven kan søke?

Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei første tre studieåra i femårig masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. Søkarar frå andre lærestader enn HINN, UiA og UiS må søke opptak til femårig masterprogram.

Korleis plassane er fordelt mellom dei ulike lærestadene, kan du lese i §5 i opptaksreglementet.

Søkarar konkurrerer om studieplassane i opptaksgruppa dei høyrer til.

Opptaket hausten 2019 ga desse poenggrensene (sjå opptaksreglement for forholdet mellom tala her og bokstavkarakterar):

  • INN: 4,12
  • UiA: 3,94
  • UiS: 4,06

For å vere kvalifisert for opptaket må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i emna som inngår i opptaksgrunnlaget. 

Søkarane vert rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakten frå dei juridiske emna med karakter som inngår i bachelorgraden.
Karakteren i ex.phil. og ex.fac. vert ikkje tatt med i utrekninga av gjennomsnittskarakteren. 

Sjå opptaksreglementet for utfyllande informasjon om korleis gjennomsnittskarakteren vert rekna ut.

NB! Tilbod om opptak kan berre gis til søkarar som ikkje har fått tilbod om opptak til femårig masterprogram i Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen gjennom Samordna Opptak.

Kva er nødvendig dokumentasjon?

Søknaden må innehalde dokumentasjon på at du har fullført bachelorgrad, sjølv om du har gitt innsyn i resultat gjennom Søknadsweb.

  • Dersom du har fått vitnemål: Legg ved kopi av vitnemål
     
  • Dersom du ikkje har fått vitnemål endå: Legg ved karakterutskrift og dokumentasjon på oppnådd grad frå lærestaden.
     
  • Dersom du har delar av utdanninga frå andre lærestader eller utveksling som er innpassa i graden må du legge ved karakterutskrift frå desse også.

Du har sjølv ansvar for å sørge for å laste opp riktig dokumentasjon i tide.
Sørg for at dokumenta er lesbare, i pdf-format, og gjerne navngitt slik at det er tydeleg kva dokumentasjonen gjeld (f.eks. "bachelorgrad" eller "karakterutskrift"). Unngå å laste opp dokumentasjon som ikkje er nødvendig for søknaden. 

Generell informasjon om opptak til masterprogram finn du på Universitetet i Bergen sine nettsider

Tidlegare poenggrenser

2019:

  • INN: 4,12
  • UiA: 3,94
  • UiS: 4,06

2018:

  • INN: 3,71
  • UiA: 3,69
  • UiS: 3,78

2017:

  • INN: 3,65
  • UiA: 3,56
  • UiS: 3,34

2016:

  • INN: 3,59
  • UiA: 3,25
  • UiS: 3,56

Opptaksreglement for opptak til toårig mastergrad i rettsvitenskap

Du finn opptaksreglementet på desse sidene.