Hjem
Det juridiske fakultet

Emner i ph.d.-programmet

Ph.d.-utdanningen i rettsvitenskap består av en obligatorisk del, og en valgfri del.

Det juridiske fakultet arbeider høsten 2019 med å utvikle nye emner til opplæringsdelelen. Undervisningen av disse emenene vil ta til i mars 2020, og informasjon om emnene kommer snart på denne nettsiden. 

Valgfri del

Kandidaten skal velge emner og deltakelse på seminarer og konferanser, tilsvarende 10 studiepoeng.

Aktuelle emner, seminarer og konferanser annonseres i Fakultetsnytt, via veiledere eller i andre kanaler. Det juridiske fakultet har ingen liste over mulige aktiviteter, siden tilbudet er i stadig endring. Kandidater må selv følge med i aktuelle fora for å få med seg det som er relevant innenfor sitt område. 

Det juridiske fakultet er partner i forskerskolen "Autoritative tekster og tekstfortolkning (ATTR)". Forskerskolen har fokus på metodiske spørsmål tilknyttet forskning på tekster, og er et tverrfaglig tilbud til stipendiater innenfor fagfeltene jus, humaniora og religion/teologi. Det er tre kurs/fremleggsseminarer i året som går vekselsvis i Oslo/Bergen/Trondheim/Tromsø/Roma/Athen/Paris. 

Retningslinjer for tildeling av studiepoeng under valfri del  

Opplæringsdelen ved ph.d.-programmet har ein valfri del som skal svare til 10 studiepoeng. Føremålet med retningslinjene er å klargjere kriteria for at noko vert godkjent som innsats i denne valfrie delen. 

Ph.d.-programmet er ei forskarutdanning, og for at aktiviteten skal kunne godkjennast som del av dette programmet, må aktiviteten ha eit særleg rettsvitskapleg moment. Det er med andre ord ikkje tilstrekkelege at det er tale om ein fagleg aktivitet. Det er tilrådd at kandidaten, i samråd med rettleiar, tidleg i prosjektet legg ein plan for måten den valfrie delen er tenkt gjennomført. 

For å gje utteljing i form av studiepoeng bør aktiviteten ha minst eitt av følgjande tre moment: a) særleg prosjektrelaterte aktivitetar, b) aktivitetar knytt til allmenn rettsvitskapleg kunnskapsdanning, eller c) aktivitetar som inneber øving i akademiske praksisar. 

a) Særlege prosjektrelaterte aktivtetar som kan gje studiepoeng, kan vere:  

  • Prosjektpresentasjon med diskusjon (totalt minst ein halv time aktivitet) i samband med deltaking på ein-dags vitskapleg konferanse (1 stp)
  • Deltaking i ein dags rundebordsdiskusjon med fagfeller om sentrale tema i prosjektet (1 stp) 
  • Deltaking i to-dagars vitskapleg seminar/konferanse om eit for prosjektet relevant tema utan eigen presentasjon (1 stp)  
  • Språkkurs av eit visst omfang for å få tilgang til særleg relevant litteratur for prosjektet (3 stp) 
  • Redaktørinitiativ og -arbeid til dømes med vitskapleg antologi om eit prosjektrelevant tema (3 stp) 
  • Kombinasjonar av desse, til dømes deltaking i ein konferanse over to dagar som òg inkluderer eigen prosjektpresentasjon med diskusjon, vil kunne gje fleire studiepoeng alt avhengig av omfang. 

b) Allmenn rettsvitskapleg kunnskapsdanning som kan gje studiepoeng, kan vere: 

  • Deltaking på to-dagars konferanse om rettsvitskapen og rettsvitskapen sine metodar (1 stp) 
  • Gjennomføring av kurs i vitskapsteori eller i kvalitativ eller kvantitativ metode (studiepoeng fastsettast ut frå arbeidsinnsats og kor mange studiepoeng kurset er normert til).
  • Deltaking på DNDS ein gong er ein obligatorisk del av phd-programmet. Deltaking ytterlegare ein gong gjev eitt studiepoeng.

c) Aktivitetar som inneber øving i akademiske praksisar, som kan gje studiepoeng, kan vere: 

  • Publisering av artikkel, under visse føresetnader: artikkelen må vere fagfellevurdert, ph.d.-kandidaten må vere enten forfattar åleine eller hovudforfattar til artikkelen og rettlaiar(ane) må ha gjeve sitt samtykke til artikkelprosjektet som relevant del av avhandlingsarbeidet. 
  • Særleg omfangsrike formidlingsprosjekt, til dømes deltaking i større mediareportasje (1 stp) eller organisering og gjennomføring av fagseminar med vekt på formidling av rettsvitskapleg kunnskap til praktikarar (1 stp) 
  • Hovudansvar for organisering og gjennomføring av større rettsvitskapleg konferanse (2 stp) 
  • Vitjing ved utanlandsk akademisk institusjon i ein månad med deltaking i faglege aktivitetar ved institusjonen (2 stp) 
  • Innehaving av roller som til dømes tidsskriftassistent eller styremedlemskap i vitskapleg relevant organisasjon over større delar av prosjektperioden (1-2 stp)

Studiepoengsatsane nemnt i døma er rettleiande, og vil i alle tilfelle verte fastsett ut frå ei vurdering av omfanget og innhaldet i aktiviteten det vert søkt om studiepoeng for. 

Det vil normalt ikkje verte tildelt studiepoeng åleine for til dømes deltaking på ein konferanse utan eit særleg rettsvitskap moment eller for kortare reiser og opphald i utlandet eller ved andre institusjonar. 

Søknad om studiepoeng med nødvendig informasjon om aktiviteten, sendast til leiar av ph.d.-programmet (Jørn Jacobsen) og ph.d.-koordinator (Idunn Tandstad). Det kan søkast om førehandsgodkjenning dersom ein er i tvil om ein aktivitet vil gje studiepoeng etter dei ovanfor nemnte retningslinjene.