Hjem
Det juridiske fakultet

Opplæringsdelen i ph.d.-programmet

Som ph.d.-kandidat hos oss skal du gjennomføre ein opplæringsdel på 30 studiepoeng. Opplæringsdelen har ein obligatorisk del (20 studiepoeng) og ein åpen del (10 studiepoeng).

Illustrasjon av elementene i opplæringsdelen
Foto/ill.:
Jørn Jacobsen

Hovedinnhold

Obligatoriske emne

Dei obligatoriske emna skal du fylgje saman andre ph.d.-kandidater ved Det juridiske fakultet.

EmnerStudiepoengSemester
PHDJUR900 Introduksjon til rettsvitenskapen og avhandlingsskriving3Høst eller vår
PHDJUR901 Prosjektdesign og forskningsetikk 3Høst eller vår
PHDJUR902 Rettsteoretiske perspektiv i rettsvitenskapen3Høst eller vår
PHDJUR903 Rettsvitenskap og empiri3Høst eller vår
PHDJUR904 Tekstkvalitet3Høst eller vår

PHDJUR905 Formidling av rettsvitenskaplig forskning

2Høst eller vår

PHDJUR906 Rolleforståelse og prosjektutvikling

3Høst eller vår

 

Om PHDJUR906:

Dette emnet har ikkje undervisning/ seminar, men består av dei obligatoriske arbeidskrava:

  • 1 deltaking på Det nasjonale doktorgradsseminaret (DNDS)
  • 2 deltakingar på David Doublet-seminar
  • 1 prosjektpresentasjon.
    • Kandidaten i samarbeid med rettleiar har ansvaret for å finne adekvat fora og arrangere møtet.
    • Prosjektpresentasjonen skal haldast på valfritt tidspunkt i ph.d.-løpet, men vi tilrår tidsrommet når kandidaten er mellom 6 mnd. – 1 år inne i prosjektet sitt.
    • Fora kan være forskargruppe eller anna nasjonalt, nordisk eller internasjonalt fora, gjeve at det har relevant akademisk kompetanse for prosjektet.
    • Omfang: Minimum 1 times aktivitet, der minst 30 minutt går med til kandidaten sin presentasjon. Ved internasjonal deltaking kan også kortare presentasjonar godkjennast, men ikkje dersom omfanget totalt er under 30 minutt. Ta eventuelt kontakt med leiar for ph.d.-programmet og ph.d.-koordinator ved behov for avklaring.
    • Når prosjektpresentasjonen er gjennomført må det rapporterast til ph.d.-leiar og ph.d.-koordinator for at aktiviteten skal kunne registrerast som fullført.

Valfri del

Du skal velje emne og delta på seminar og konferansar, tilsvarande 10 studiepoeng.

Aktuelle emne, seminar og konferansar annonserast på denne nettsida, via rettleiarar eller i andre kanalar. Det juridiske fakultet har ingen liste over moglege aktiviteter, siden tilbodet er i stadig endring. Du må sjølv følgje med i aktuelle fora for å få med deg det som er relevant innenfor ditt område. 

Det juridiske fakultet er partner i forskarskulen "Autoritative tekster og tekstfortolkning (ATTR)". Forskarskulen har fokus på metodiske spørsmål knytt til forsking på tekstar, og er eit tverrfagleg tilbod til ph.d.-kandidatar innan jus, humaniora og religion/teologi. Det er tre kurs/framleggsseminar i året som går vekselsvis i Oslo/Bergen/Trondheim/Tromsø/Roma/Athen/Paris. 

Retningslinjer for tildeling av studiepoeng under valfri del  

Opplæringsdelen ved ph.d.-programmet har ein valfri del som skal svare til 10 studiepoeng. Føremålet med retningslinjene er å klargjere kriteria for at noko vert godkjent som innsats i denne valfrie delen. 

Ph.d.-programmet er ei forskarutdanning, og for at aktiviteten skal kunne godkjennast som del av dette programmet, må aktiviteten ha eit særleg rettsvitskapleg moment. Det er med andre ord ikkje tilstrekkelege at det er tale om ein fagleg aktivitet. Det er tilrådd at kandidaten, i samråd med rettleiar, tidleg i prosjektet legg ein plan for måten den valfrie delen er tenkt gjennomført. 

For å gje utteljing i form av studiepoeng bør aktiviteten ha minst eitt av følgjande tre moment: a) særleg prosjektrelaterte aktivitetar, b) aktivitetar knytt til allmenn rettsvitskapleg kunnskapsdanning, eller c) aktivitetar som inneber øving i akademiske praksisar. 

a) Særlege prosjektrelaterte aktivtetar som kan gje studiepoeng, kan vere: 

  • Prosjektpresentasjon med diskusjon ved anna akademisk institusjon enn stipendiaten sin heiminstitusjon(ar), med varigheit på totalt minst ein time, derav minst halvparten presentasjon (1 stp) 
    • Omfang: Minimum 1 times aktivitet, der minst 30 minutt går med til kandidaten sin presentasjon. Ved internasjonal deltaking kan også kortare presentasjonar godkjennast, men ikkje dersom omfanget totalt er under 30 minutt. Ta eventuelt kontakt med leiar for ph.d.-programmet og ph.d.-koordinator ved behov for avklaring.
  • Prosjektpresentasjon med diskusjon (totalt minst ein halv time aktivitet) i samband med deltaking på ein-dags vitskapleg konferanse (1 stp)
  • Deltaking i ein dags rundebordsdiskusjon med fagfeller om sentrale tema i prosjektet (1 stp) 
  • Deltaking i to-dagars vitskapleg seminar/konferanse om eit for prosjektet relevant tema utan eigen presentasjon (1 stp)  
  • Språkkurs av eit visst omfang for å få tilgang til særleg relevant litteratur for prosjektet (3 stp) 
  • Redaktørinitiativ og -arbeid til dømes med vitskapleg antologi om eit prosjektrelevant tema (3 stp) 
  • Kombinasjonar av desse, til dømes deltaking i ein konferanse over to dagar som òg inkluderer eigen prosjektpresentasjon med diskusjon, vil kunne gje fleire studiepoeng alt avhengig av omfang. 

b) Allmenn rettsvitskapleg kunnskapsdanning som kan gje studiepoeng, kan vere: 

  • Deltaking på to-dagars konferanse om rettsvitskapen og rettsvitskapen sine metodar (1 stp) 
  • Gjennomføring av kurs i vitskapsteori eller i kvalitativ eller kvantitativ metode (studiepoeng fastsettast ut frå arbeidsinnsats og kor mange studiepoeng kurset er normert til).
  • Deltaking på DNDS ein gong er ein obligatorisk del av phd-programmet. Deltaking ytterlegare ein gong gjev eitt studiepoeng.

c) Aktivitetar som inneber øving i akademiske praksisar, som kan gje studiepoeng, kan vere: 

  • Publisering av artikkel, under visse føresetnader: artikkelen må vere fagfellevurdert, ph.d.-kandidaten må vere enten forfattar åleine eller hovudforfattar til artikkelen og rettleiar(ane) må ha gjeve sitt samtykke til artikkelprosjektet som relevant del av avhandlingsarbeidet. 
  • Særleg omfangsrike formidlingsprosjekt, til dømes deltaking i større mediareportasje (1 stp) eller organisering og gjennomføring av fagseminar med vekt på formidling av rettsvitskapleg kunnskap til praktikarar (1 stp) 
  • Hovudansvar for organisering og gjennomføring av større rettsvitskapleg konferanse (2 stp) 
  • Vitjing ved utanlandsk akademisk institusjon i ein månad med deltaking i faglege aktivitetar ved institusjonen (2 stp) 
  • Innehaving av roller som til dømes tidsskriftassistent eller styremedlemskap i vitskapleg relevant organisasjon over større delar av prosjektperioden (1-2 stp)

Studiepoengsatsane nemnt i døma er rettleiande, og vil i alle tilfelle verte fastsett ut frå ei vurdering av omfanget og innhaldet i aktiviteten det vert søkt om studiepoeng for. 

Det vil normalt ikkje verte tildelt studiepoeng åleine for til dømes deltaking på ein konferanse utan eit særleg rettsvitskap moment eller for kortare reiser og opphald i utlandet eller ved andre institusjonar. 

Søknad om studiepoeng med nødvendig informasjon om aktiviteten, sendast til leiar av ph.d.-programmet (Jørn Jacobsen) og ph.d.-koordinator (Karoline Aksnes). Det kan søkast om førehandsgodkjenning dersom ein er i tvil om ein aktivitet vil gje studiepoeng etter dei ovanfor nemnte retningslinjene.  

 

Midtveisevaluering av ph.d.-prosjektet

Midtveisevalueringen er et seminar i regi av fakultetet der formålet er å evaluere progresjonen i ph.d-prosjektet og utsiktene for gjennomføring på normert tid. Evalueringen skal gjennomføres når kandidaten har kommet halvveis i løpet i sin ph.d.-utdanning, normalt 2 år inn i prosjektet. Midtveisevalueringen kan ikke erstattes med annen prosjektfremleggelse.

Lederen for ph.d.-programmet skal senest tre måneder før kandidaten er midtveis i prosjektperioden sette i gang midtveisevalueringsprosessen. Leder for ph.d.-programmet oppnevner, i samråd med veilederen, en ekstern evaluator til prosjektet, for å gjennomgå og vurdere det fremlagte materialet. Evaluator skal selv ha ph.d.-kompetanse.

Som grunnlag for evalueringen skal stipendiaten senest fire uker før midtveisseminaret sende inn et tekstmateriale til alle deltakere i seminaret.

  • Dersom kandidatens avhandling er en monografi skal innsendt tekstmateriale bestå av et manus på 25 000-40 000 ord, et følgeskriv på inntil 3 sider samt innholdsfortegnelse eller disposisjon over prosjektet. Følgeskrivet skal gi en overordnet forklaring av prosjektet, sammenheng den innleverte teksten inngår i, bakgrunnen for at den er valgt ut som grunnlag for evalueringen, samt hvilken annen tekst som så langt er produsert i prosjektet.
  • Dersom kandidaten skriver artikkelbasert avhandling skal tekstmateriale til midtveisevalueringen bestå av en artikkel som er sendt til publisering, et artikkelutkast og et utkast til avhandlingens kappe i form av en omarbeidet prosjektbeskrivelse på 15-20 sider som forklarer prosjektet som helhet.

Midtveisseminaret skal ha en varighet på omtrent 3 til 4 timer. Leder for phd-programmet er normalt ordstyrer. Til stede skal også kandidat, veileder(e) og evaluator være.

Seminaret starter med at ph.d.-kandidaten får anledning til å gi en kort oversikt på inntil 30 min over avhandlingens hovedproblemstillinger, hovedstrategien for sin problembehandling og aller helst en kort beskrivelse av hvilke akademiske eller selvstendige bidrag til rettsvitenskapen som han eller hun mener de valgte tilnærmingsmåter i prosjektet kan gi. Evaluator gis så ordet i inntil 1 time, til å gjennomgå doktorgradskandidatens avhandlingsarbeid. Deretter åpnes det for diskusjon omkring det som er kommet frem.

Seminaret avsluttes med at kandidaten forlater møtet, før de resterende diskuterer status og oppsummerer hovedtrekkene ved evalueringen. Det danner i sin tur grunnlag for den rapporten fra evalueringen som leder for seminaret utarbeider i etterkant. I rapporten skal det gis en vurdering av status for prosjektet og konkrete anbefalinger knyttet til videre arbeid med prosjektet. Det bør knyttes noen kommentarer til ph.d.-kandidatens gjennomførte utdanningsløp for øvrig. Vurderingen sendes prodekanen for forskning, med kopi til ph.d.-koordinator og de tilstedeværende på seminaret.

For kandidater som klart ikke tilfredsstiller forventet progresjon skal det lages en tidsavgrenset oppfølgingsplan. Den skal inneholde en beskrivelse av hva som forventes produsert i den kommende perioden, normalt 6 måneder frem i tid. Kandidaten må sende inn tekst som svarer til denne forvetningen, og det danner grunnlag for et nytt møte på normalt 1 time.

 

Artikkel om forskarutdanninga ved fakultetet

I artikkelen "Forskarutdanning i rettsvitskap - med Bergen som døme" synleggjer vi utvilkinga i ph.d.-programmet, og med det som utgangspunkt diskuterer vi idear, innhald og målsetningar for forskarutdanninga i rettsvitskap. Du kan lese teksten her