Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Det gamle og det nye i ordbøkene

Den 17. konferansen om leksikografi i Norden

Vi har gleda av å invitere til den 17. konferansen i regi av Nordisk foreining for leksikografi 24.–26. mai 2023 i Bergen.

Bibliotek for humaniora, UiB
Foto/ill.:
Signe Nilssen

Hovedinnhold

Det gamle og det nye i ordbøkene er temaet for årets nordiske leksikografikonferanse. Vi inviterer til eit breitt samansett program som omfattar alt som gjeld språkleg opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått av bruk, semantisk og grammatisk endring.

Det faglege progammet for konferansen er tredelt, og omfattar plenumsforedrag, parallelle seksjonsforedrag og ein postersesjon.

Plenumsforedrag

Dei tre plenumsforedragshaldarane er:

Bo-A. Wendt frå Svenska Akademiens ordbok, Sverige
Diakronisk och synkronisk på samma gång? Om diakroni i historiska ordböcker 
Foredraget blir strøymt onsdag 24. mai kl. 09.15 (klikk her for å sjå på).

Alexander Geyken frå Berlin-Brandenburg Academy of Sciences and Humanities, Tyskland
Digital Dictionary of the German Language: the evolution of its online platform since 2003
Foredraget blir strøymt torsdag 25. mai kl. 09.00 (klikk her for å sjå på).

Åse Wetås frå Språkrådet, Noreg
Ordbøker som infrastruktur
Foredraget blir strøymt fredag 26. mai kl. 10.15 (klikk her for å sjå på).

Program og samandrag

Foredraga er sett opp i parallelle seksjonar. Kvart seksjonsforedrag vil vare i 20 minutt, etterfølgd av fem minutt til spørsmål frå publikum og ytterlegare fem minutt til å strekke på beina og eventuelt byte rom.
Programmet finn du her

I programoversikta er kvart bidrag utstyrt med ei lenkje til det relevante samandraget. NB, visse plattformar, t.d. iPhone, tek brukaren til toppen av samandragsoversikta, og ikkje til det aktuelle samandraget. Du finn difor også lenkjer til dei enkelte samandraga øvst i dokumentet.
Samandraga finn du her

Anna program

Mottaking på Universitetsbiblioteket tysdag 23. mai

Tysdag 23. mai kl. 19.30 er det mottaking på Universitetsbiblioteket. Det blir enkel servering og opning av utstillinga «Kva er ei ordbok?», som tar utgangspunkt i 150-årsjubileet for Ivar Aasens Norsk Ordbog med dansk Forklaring frå 1873. Utstillinga har Universitetet i Bergen utforma i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Målgruppa er elevar i vidaregåande opplæring og eit allment, kulturinteressert publikum. Dette blir ei vandreutstilling som kan brukast rundt i landet i nokre år framover.

Sosialt program onsdag 24. mai 

Ekskursjon til Litlebergen 

Det er i år 150 år sidan Ivar Aasen gav ut Norsk Ordbog med dansk Forklaring og 180 år sidan han på den første innsamlingsreisa si vart buande meir enn åtte månader hjå lensmann Brudvig på Litlebergen fordi reisepengane ikkje kom. Her gjorde Ivar Aasen mykje vitskapleg arbeid, og han gjesta stiftamtmann Christie og andre framståande menn i Bergen under opphaldet. 

Turen til lensmannsgarden på Litlebergen går med offentleg båttransport til Frekhaug kl. 16.30 og vidare med veteranbuss til Litlebergen og seinare retur til Hotel Terminus om lag klokka 19.00.  

Vertskap er Haakon Aase, leiar i Meland Mållag og eigar av lensmannsgarden. Turleiar er Johan Myking. Tilbodet er avgrensa til 30 personar pga. veteranbussen, og dei som melder seg på først, får delta. 

Nyttig bakgrunnsstoff kan ein finna her

Byvandring i mellomalderbyen Bergen 

Knut Høiaas er museumspedagog ved Bymuseet i Bergen. Han tek oss med på ein gåtur i Bergen sentrum. Oppmøte er ved Terminus 16.30. Turen varer sirka ein time og blir avslutta på Bryggen. 

Fokuset blir på mellomalderbyen Bergen, og Knut fortel om kva som var i byen på den tida. Vi ser på restane etter eit kloster og snakkar om minst eitt anna (Nonneseter og Olavsklosteret). Kyrkjene prega sjølvsagt bybildet, og vi veit at fleire av dei hadde eigne bibliotek. Av dei meir enn 20 kyrkjeromma på 1200-talet er det no berre tre heile igjen.  

Skeiv byvandring 

Line Grønstad er fagleg leiar for Skeivt arkiv ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Møt opp utanfor Hotell Terminus kl 16.30. Etter om lag ein time avsluttar vi turen på Festplassen, få minutt frå hotellet.

På turen serverer vi smakebitar frå Bergens skeive historie frå 1800-talet og framover, vi snakkar om motstand og skandalar, om prestedottera "Ottar" og om Bergen som "den mest homoseksuelle byen i verda".

    Praktisk informasjon

    Frist for innlevering av bidrag

    September/oktober 2023 – siste dato for innlevering av skriftleg bidrag til konferanserapporten

    Første rundskriv

    24.–26. mai 2023 finner den 17. konferansen om leksikografi i Norden sted i Bergen, Norge. Universitetet i Bergen (UiB) er arrangør, i samarbeid med redaksjonen for Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) i Oslo.

    Temaet for konferansen er det gamle og nye i ordbøkene. Vi inviterer til et bredt sammensatt program som omfatter alt som gjelder språklig opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått ut av bruk og semantisk og grammatisk variasjon. Vi ønsker velkommen seksjonsforedrag og postere knyttet til temaet, men også andre temaer som har med leksikografisk teori og praksis å gjøre. I etterkant av konferansen får alle tilbud om å levere inn en artikkel, som etter fagfellevurdering kan bli publisert i serien Nordiske studier i leksikografi.

    De tre plenarforedragsholderne er hovedredaktør Bo Wendt (SAOB, Lund), direktør Åse Wetås (Språkrådet, Norge) og professor/direktør Alexander Geyken (Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin).

    Konferansen blir arrangert på Hotel Terminus i Bergen sentrum, som er en del av hotellkjeden De Bergenske. Kjeden tilbyr konferansedeltakerne 10 % rabatt på overnatting på alle sine seks hoteller ved bruk av bestillingskoden RAB10 på nettsida debergenske.no. Konferansedeltakerne står selvsagt fritt til å velge andre overnattingsalternativer. Det skjer mye på kulturfronten i Bergen mot slutten av mai, så vær gjerne tidlig ute med å bestille.

    Kvelden før konferansen, tirsdag 23. mai, blir det mottakelse på Universitetsbiblioteket. Konferansemiddagen blir torsdag kveld. På fredag formiddag holder Nordisk forening i leksikografi generalforsamling, og konferansen avsluttes tidlig på ettermiddagen samme dag.

    Viktige datoer:

    29. april 2022 – rundskriv 1

    1. oktober 2022 – rundskriv 2, påmelding av sammendrag åpner 

    Ny frist: 27. november 2022 – påmelding av sammendrag stenger 

    Januar/februar 2023 – beskjed om akseptert foredrag/poster 

    3. mars 2023 – rundskriv 3, siste dato for påmelding og betaling av konferanseavgift 

    23. mai 2023 – mottakelse på Universitetsbiblioteket 

    24.–26. mai 2023 – den 17. konferansen om leksikografi i Norden 

    September/oktober 2023 – siste dato for innlevering av skriftlig bidrag til konferanserapporten

    Vi ber alle interesserte forskere og leksikografer om å sette av datoene, og del gjerne informasjonen med andre du tror kan være interessert. Har du spørsmål eller kommentarer, eller ønsker å bli lagt til i eller fjernet fra mottakerlista, send en e-post til arrangentskomiteen: NFL2023@uib.no

    Mer informasjon finner du på nettsida til konferansen.

     

    På vegne av arrangementskomiteen

    Margunn Rauset (UiB), Gyri Smørdal Losnegaard (UiB ), Peder Gammeltoft (UiB) og Hanne Lauvstad (NAOB)

    Andre rundskriv

    24.–26. mai 2023 arrangerer Universitetet i Bergen (UiB) den 17. konferansen om leksikografi i Norden i Bergen, i samarbeid med redaksjonen for Det Norske Akademis ordbok (NAOB).

    Vi inviterer alle interesserte til å melde inn foredrag og posterar til konferansen ved å sende inn samandrag. Alle tema som tek utgangspunkt i leksikografisk teori og praksis, er velkomne, særleg bidrag knytte til hovudtemaet på konferansen: Det gamle og nye i ordbøkene. I det ligg alt som har med språkleg opphav og endring å gjere: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått ut av bruk og semantisk og grammatisk variasjon.

    Vi opnar dessutan for å organisere sesjonar med andre tema, og etter innspel har vi sett opp ein sesjon om den leksikografiske arven etter Ivar Aasen, i samband med at det er 150 år sidan han gav ut Norsk Ordbog i 1873. Ein annan sesjon skal handle om nyord i Norden, t.d. jamføring av nyordsarbeidet i dei ulike landa, om prosessen med innføring av nyord i ordbøker og om metodar for ekserpering. Tidsramma for foredraga er 20 minutt etterfølgt av 5 minutt til spørsmål og diskusjon.

    Fyll ut skjemaet på denne sida om du ønskjer å delta med foredrag eller poster. Samandraget skal vere på maksimum 300 ord utanom referansar. Frist for innsending er 14. november.

    I skjemaet ber vi deg hake av for om bidraget er meint som

    1. foredrag:
      1. med tilknyting til temaet for konferansen
      2. utan tilknyting til temaet for konferansen
    2. anna tematisk sesjonsforedrag:
      1. arven etter Ivar Aasen
      2. nyord i Norden
    3. poster

    Ver merksam på at det kan bli nødvendig å akseptere berre eit utval av dei innsende bidraga. Du får beskjed om bidraget er akseptert i januar eller februar 2023. Etter konferansen får alle tilbod om å levere inn ein artikkel, som etter fagfellevurdering kan bli publisert i serien Nordiske studier i leksikografi.

    Dei tre plenarforedragshaldarane er hovedredaktør Bo Wendt (SAOB, Lund), direktør Åse Wetås (Språkrådet, Norge) og professor/direktør Alexander Geyken (Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin).

    Konferansen blir arrangert på Hotel Terminus i Bergen sentrum, som er ein del av hotellkjeden De Bergenske. Kjeden tilbyr konferansedeltakarane 10 % rabatt på overnatting på alle dei seks hotella i kjeden, sjå infoskriv som ligg ved e-posten. Rabatten gjeld frå 23.–28. mai. Konferansedeltakarane står sjølvsagt fritt til å velje andre overnattingsalternativ, som de til dømes kan finne på nettsida visitbergen.com. Det skjer mykje på kulturfronten i Bergen mot slutten av mai, mellom anna Festspillene, så vi rår alle til å bestille overnatting og reise så raskt som mogleg.

    Kvelden før konferansen, tysdag 23. mai, blir det mottaking på Universitetsbiblioteket. Konferansemiddagen blir torsdag kveld. På fredag føremiddag held Nordisk foreining i leksikografi generalforsamling, og konferansen blir avslutta tidleg på ettermiddagen same dag.

    Viktige datoar:

    29. april 2022 – rundskriv 1

    1. oktober 2022 – rundskriv 2, påmelding av samandrag opnar 

    14. november 2022 – registrering av samandrag stengjer 

    januar/februar 2023 – beskjed om akseptert føredrag/poster 

    3. mars 2023 – rundskriv 3

    15. mars – siste dato for påmelding og betaling av konferanseavgift 

    23. mai 2023 – mottaking på Universitetsbiblioteket 

    24.–26. mai 2023 – den 17. konferansen om leksikografi i Norden 

    september/oktober 2023 – siste frist for innlevering av skriftleg bidrag til konferanserapporten

    Vi ber alle interesserte forskarar og leksikografar om å setje av datoane, og del gjerne informasjonen med andre du trur kan vere interesserte. Har du spørsmål eller kommentarar, eller ønskjer å bli lagt til i eller fjerna frå mottakarlista, send ein e-post til arrangentskomiteen: NFL2023@uib.no

    Lenkje til påmelding til konferansen kjem seinare i haust, og siste frist for påmelding er 15. mars.

    Meir informasjon finn du på nettsida til konferansen.

    Skjema for påmelding av samandrag

     

    På vegner av arrangementskomiteen

    Margunn Rauset (UiB), Gyri Smørdal Losnegaard (UiB ), Peder Gammeltoft (UiB) og Hanne Lauvstad (NAOB)

    Tredje rundskriv

    24.–26. mai 2023 arrangerer Universitetet i Bergen (UiB) den 17. konferansen om leksikografi i Norden i Bergen, i samarbeid med redaksjonen for Det Norske Akademis ordbok (NAOB).

    Takk til alle som har sendt inn sammendrag til innlegg og postere til konferansen. Som dere kan se på nettsida vår, er det et bredt sammensatt program som speiler et vitenskapelig felt som både har et blikk for tradisjonen, utforsker situasjonen i dag og ser framover. Lokalene vi har til rådighet på Hotel Terminus, har plass til flere postere, så vi åpner opp for at flere kan sende inn poster-sammendrag fram til 17. mars via denne lenka: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=13415385.

    De tre plenarforedragsholderne er hovedredaktør Alexander Geyken (Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin), hovedredaktør Bo Wendt (SAOB, Lund) og direktør Åse Wetås (Språkrådet, Oslo). Vi gjør oppmerksom på at vi planlegger å strømme plenarforedragene, men at vi kutter sendingene før det blir åpnet for spørsmål og kommentarer fra salen.

    Via denne lenka kan du melde deg på konferansen: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=13483695. Påmeldingsfristen er 11. april. Der er det flere praktiske spørsmål, så alle må fylle ut dette skjemaet, både de som har fått godkjent sammendrag, og andre som skal delta uten innlegg eller poster.

    Deltakeravgifta avhenger av flere faktorer, og er du i den minste tvil om hvilken gruppe du tilhører, er det bare å kontakte oss:

    · NOK 1600 for medlemmer av Nordisk forening for leksikografi (gjelder også for ph.d.-kandidater). Medlemsavgiften er på NOK 200, så det lønner seg å melde seg inn: https://nordisk-leksikografi.com/bli_medlem-2.html. Foreninga er åpen for alle med interesse for ordbøker og oppslagsverk.

    · NOK 2350 for de som ikke er medlemmer av Nordisk forening for leksikografi

    · NOK 1000 for deltakere som bruker av driftsmidlene sine fra Universitetet i Bergen

    · NOK 800 for alle studenter

    Via denne lenka kommer du til betalingsskjemaet: https://form.app.uib.no/Leksi17. Betalingsfristen er også 11. april.

    Deltakeravgifta inkluderer lett servering på mottakelsen på Universitetsbiblioteket tirsdag kveld, lunsj og pausemat onsdag til fredag, sosialt opplegg onsdag ettermiddag (som ikke inkluderer middag) og festmiddag på konferansehotellet torsdag kveld. Vi legger opp til en så grønn konferanse som mulig, så de aller fleste aktivitetene skjer i gangavstand fra hverandre i Bergen sentrum.

    Mottakelsen tirsdag 23. mai skjer på hjemmebane for ordbokredaksjonene ved UiB. Vi håper flest mulig ankommer tidsnok til å få med seg en lett servering og mingling i lokalene til Universitetsbibioteket i Bergen på Haakon Sheteligs plass 7, kl. 19.30.

    Merk at vi i påmeldingsskjemaet oppfordrer deg til å melde fra om du har behov for særskilt tilrettelegging under konferansen, gjerne så fort som mulig. Hotell Terminus er universelt utformet, og arrangørene har søkt om støtte i tilfelle noen trenger tegnspråkstolking eller har behov for annen tilrettelegging.

    Inkludert i programavgifta er tre sosiale opplegg onsdag ettermiddag som du kan velge mellom:

    · skeiv byvandring i Bergen sentrum (byvandring med guide fra Skeivt arkiv, med utgangpunkt i de homofile og andre skeives historie i Bergen)

    · middelalderbyen Bergen (byvandring i sentrum med guide fra Bergen bymuseum, med spesialkompetanse på middelalderen)

    · ekskursjon til Litlebergen, der Ivar Aasen oppholdt seg for 180 år siden (avgang fra Terminus kl. 16.00, hurtigbåt 16.30 Bergen–Frekhaug, veteranbuss Frekhaug–Litlebergen, en times opphold på Litlebergen med enkel servering og program, og bussretur til Terminus, som er framme kl. 19.00. Maks antall deltakere er 30.)

    Mer informasjon om de ulike tilbudene kommer på nettsida.

    Overnatting er ikke inkludert i prisen, men Hotel Terminus, der konferansen finner sted i Bergen sentrum, er en del av hotellkjeden De Bergenske. Kjeden tilbyr konferansedeltakerne 10 % rabatt på overnatting på alle de seks hotellene i kjeden, se infoskrivet som ligger ved e-posten. Rabatten gjelder mellom 23.–28. mai. Konferansedeltakerne står selvsagt fritt til å velge andre overnattingsalternativ, som de for eksempel kan finne på nettsida visitbergen.com. Det skjer mye på kulturfronten i Bergen mot slutten av mai, blant annet Festspillene, så vi anbefaler alle å bestille overnatting og reise så raskt som mulig.

    Konferansen er slutt kl. 13.00 på fredag ettermiddag. Vi har bestilt lunsj kl. 12.20, som skal være lett å ta med i hånda, for de som har behov for å reise før 13.

    Har du spørsmål eller kommentarer, eller ønsker å bli lagt til i eller fjernet fra mottakerlista, send en e-post til arrangementskomiteen: NFL2023@uib.no Mer informasjon finner du på nettsida til konferansen.

     

    På vegne av arrangementskomiteen

    Margunn Rauset (UiB), Gyri Smørdal Losnegaard (UiB ), Peder Gammeltoft (UiB) og Hanne Lauvstad (NAOB)

    Arrangementskomité

    Kontaktpersonar: 

    • Margunn Rauset (Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, LLE)
    • Gyri Smørdal Losnegaard (Norsk Ordbok a–h, LLE)
    • Peder Gammeltoft (Språksamlingane, Universitetsbiblioteket)
    • Hanne Lauvstad (Det Norske Akademis ordbok – NAOB)

    Andre medlemmar:

    • Johan Myking (nordisk språkvitskap, LLE)
    • Helge Dyvik (allmenn lingvistikk, LLE)
    • Terje Svardal (Språksamlingane, Universitetsbiblioteket)
    • Tor Erik Jenstad (Norsk Ordbok a–h, LLE)
    • Thorsteinn Indridason (nordisk språkvitskap, LLE)
    • Øivin Andersen (allmenn lingvistikk, LLE)

    Viktige stader for konferansen