Home
Department of Special Collections Resources

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Det gamle og det nye i ordbøkene

Den 17. konferansen om leksikografi i Norden

Vi har gleda av å invitere til den 17. konferansen i regi av Nordisk foreining for leksikografi 24.–26. mai 2023 i Bergen. Temaet er Det gamle og det nye i ordbøkene.

Universitetsmuseet
Photo:
Signe Nilssen

Main content

Vi inviterer til eit breitt samansett program som omfattar alt som gjeld språkleg opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått av bruk, semantisk og grammatisk endring. Også innlegg utanfor dette temaet er velkomne.

Det faglege progammet for konferansen er tredelt, og omfattar plenumsforedrag, parallelle seksjonsforedrag og ein postersesjon. Dei tre plenumsforelesarane er direktør Åse Wetås, Språkrådet, hovudredaktør Bo Wendt, SAOB og professor/direktør ph.d. Alexander Geyken, Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin. 

Kvelden før konferansen, tysdag 23. mai, blir det ei mottaking ved Universitetsbiblioteket i Bergen.  

Universitetet i Bergen (UiB) er koordinerande institusjon, og Det Norske Akademis ordbok er medarrangør. Konferansen blir arrangert i samarbeid med Nordisk foreining for leksikografi (NFL).

Informasjon, påmeldingsskjema og detaljert program kjem her på denne nettsida.

Heimesida til Den nordiske foreininga for leksikografi finn du her.

 

Første rundskriv

24.–26. mai 2023 finner den 17. konferansen om leksikografi i Norden sted i Bergen, Norge. Universitetet i Bergen (UiB) er arrangør, i samarbeid med redaksjonen for Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) i Oslo.

Temaet for konferansen er det gamle og nye i ordbøkene. Vi inviterer til et bredt sammensatt program som omfatter alt som gjelder språklig opphav og endring: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått ut av bruk og semantisk og grammatisk variasjon. Vi ønsker velkommen seksjonsforedrag og postere knyttet til temaet, men også andre temaer som har med leksikografisk teori og praksis å gjøre. I etterkant av konferansen får alle tilbud om å levere inn en artikkel, som etter fagfellevurdering kan bli publisert i serien Nordiske studier i leksikografi.

De tre plenarforedragsholderne er hovedredaktør Bo Wendt (SAOB, Lund), direktør Åse Wetås (Språkrådet, Norge) og professor/direktør Alexander Geyken (Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin).

Konferansen blir arrangert på Hotel Terminus i Bergen sentrum, som er en del av hotellkjeden De Bergenske. Kjeden tilbyr konferansedeltakerne 10 % rabatt på overnatting på alle sine seks hoteller ved bruk av bestillingskoden RAB10 på nettsida debergenske.no. Konferansedeltakerne står selvsagt fritt til å velge andre overnattingsalternativer. Det skjer mye på kulturfronten i Bergen mot slutten av mai, så vær gjerne tidlig ute med å bestille.

Kvelden før konferansen, tirsdag 23. mai, blir det mottakelse på Universitetsbiblioteket. Konferansemiddagen blir torsdag kveld. På fredag formiddag holder Nordisk forening i leksikografi generalforsamling, og konferansen avsluttes tidlig på ettermiddagen samme dag.

Viktige datoer:

29. april 2022 – rundskriv 1

1. oktober 2022 – rundskriv 2, påmelding av sammendrag åpner 

Ny frist: 27. november 2022 – påmelding av sammendrag stenger 

Januar/februar 2023 – beskjed om akseptert foredrag/poster 

1. mars 2023 – rundskriv 3, siste dato for påmelding og betaling av konferanseavgift 

23. mai 2023 – mottakelse på Universitetsbiblioteket 

24.–26. mai 2023 – den 17. konferansen om leksikografi i Norden 

September/oktober 2023 – siste dato for innlevering av skriftlig bidrag til konferanserapporten

Vi ber alle interesserte forskere og leksikografer om å sette av datoene, og del gjerne informasjonen med andre du tror kan være interessert. Har du spørsmål eller kommentarer, eller ønsker å bli lagt til i eller fjernet fra mottakerlista, send en e-post til arrangentskomiteen: NFL2023@uib.no

Mer informasjon finner du på nettsida til konferansen: http://tiny.cc/nflkonferansen2023

 

På vegne av arrangementskomiteen

Margunn Rauset (UiB), Gyri Smørdal Losnegaard (UiB ), Peder Gammeltoft (UiB) og Hanne Lauvstad (NAOB)

Andre rundskriv

24.–26. mai 2023 arrangerer Universitetet i Bergen (UiB) den 17. konferansen om leksikografi i Norden i Bergen, i samarbeid med redaksjonen for Det Norske Akademis ordbok (NAOB).

Vi inviterer alle interesserte til å melde inn foredrag og posterar til konferansen ved å sende inn samandrag. Alle tema som tek utgangspunkt i leksikografisk teori og praksis, er velkomne, særleg bidrag knytte til hovudtemaet på konferansen: Det gamle og nye i ordbøkene. I det ligg alt som har med språkleg opphav og endring å gjere: etymologi, lån, nyord, innpassing, ord som har gått ut av bruk og semantisk og grammatisk variasjon.

Vi opnar dessutan for å organisere sesjonar med andre tema, og etter innspel har vi sett opp ein sesjon om den leksikografiske arven etter Ivar Aasen, i samband med at det er 150 år sidan han gav ut Norsk Ordbog i 1873. Ein annan sesjon skal handle om nyord i Norden, t.d. jamføring av nyordsarbeidet i dei ulike landa, om prosessen med innføring av nyord i ordbøker og om metodar for ekserpering. Tidsramma for foredraga er 20 minutt etterfølgt av 5 minutt til spørsmål og diskusjon.

Fyll ut skjemaet på denne sida om du ønskjer å delta med  foredrag eller poster. Samandraget skal vere på maksimum 300 ord utanom referansar. Frist for innsending er 14. november.

I skjemaet ber vi deg hake av for om bidraget er meint som

  1. foredrag:
    1. med tilknyting til temaet for konferansen
    2. utan tilknyting til temaet for konferansen
  2. anna tematisk sesjonsforedrag:
    1. arven etter Ivar Aasen
    2. nyord i Norden
  3. poster

Ver merksam på at det kan bli nødvendig å akseptere berre eit utval av dei innsende bidraga. Du får beskjed om bidraget er akseptert i januar eller februar 2023. Etter konferansen får alle tilbod om å levere inn ein artikkel, som etter fagfellevurdering kan bli publisert i serien Nordiske studier i leksikografi.

Dei tre plenarforedragshaldarane er hovedredaktør Bo Wendt (SAOB, Lund), direktør Åse Wetås (Språkrådet, Norge) og professor/direktør Alexander Geyken (Digitales Wörterbuch der deutschen Sprache, Berlin).

Konferansen blir arrangert på Hotel Terminus i Bergen sentrum, som er ein del av hotellkjeden De Bergenske. Kjeden tilbyr konferansedeltakarane 10 % rabatt på overnatting på alle dei seks hotella i kjeden, sjå infoskriv som ligg ved e-posten. Rabatten gjeld frå 23.–28. mai. Konferansedeltakarane står sjølvsagt fritt til å velje andre overnattingsalternativ, som de til dømes kan finne på nettsida visitbergen.com. Det skjer mykje på kulturfronten i Bergen mot slutten av mai, mellom anna Festspillene, så vi rår alle til å bestille overnatting og reise så raskt som mogleg.

Kvelden før konferansen, tysdag 23. mai, blir det mottaking på Universitetsbiblioteket. Konferansemiddagen blir torsdag kveld. På fredag føremiddag held Nordisk foreining i leksikografi generalforsamling, og konferansen blir avslutta tidleg på ettermiddagen same dag.

Viktige datoar:

29. april 2022 – rundskriv 1

1. oktober 2022 – rundskriv 2, påmelding av samandrag opnar 

14. november 2022 – registrering av samandrag stengjer 

januar/februar 2023 – beskjed om akseptert føredrag/poster 

1. mars 2023 – rundskriv 3

15. mars – siste dato for påmelding og betaling av konferanseavgift 

23. mai 2023 – mottaking på Universitetsbiblioteket 

24.–26. mai 2023 – den 17. konferansen om leksikografi i Norden 

september/oktober 2023 – siste frist for innlevering av skriftleg bidrag til konferanserapporten

 

Vi ber alle interesserte forskarar og leksikografar om å setje av datoane, og del gjerne informasjonen med andre du trur kan vere interesserte. Har du spørsmål eller kommentarar, eller ønskjer å bli lagt til i eller fjerna frå mottakarlista, send ein e-post til arrangentskomiteen: NFL2023@uib.no

Lenkje til påmelding til konferansen kjem seinare i haust, og siste frist for påmelding er 15. mars.

Meir informasjon finn du på nettsida til konferansen: http://tiny.cc/nflkonferansen2023

Skjema for påmelding av samandrag: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=13415385

 

På vegner av arrangementskomiteen

Margunn Rauset (UiB), Gyri Smørdal Losnegaard (UiB ), Peder Gammeltoft (UiB) og Hanne Lauvstad (NAOB)

 

Viktige datoar

29. april 2022 – rundskriv 1

1. oktober 2022 – rundskriv 2, påmelding av samandrag opnar  

Ny frist: 27. november 2022 – påmelding av samandrag stengjer  

januar/februar 2023 – beskjed om akseptert foredrag/poster  

1. mars 2023 – rundskriv 3

15. mars 2023 – siste dato for påmelding og betaling av konferanseavgift  

23. mai 2023 – mottaking på UiB frå kl. 18  

24.–26. mai 2023 – den 17. konferansen om leksikografi i Norden  

september/oktober 2023 – siste dato for innlevering av skriftleg bidrag til konferanserapporten