Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

Universtät Stuttgart og Universitetet i Bergen styrkar samarbeidet

Universitetet i Bergen og Universität Stuttgart i Tyskland intensiverer samarbeidet sitt. Forskarar, leiarar og representantar møttest i november for å diskutere mål og framtidige samarbeidsprosjekt.

I 2019 signert Universität Stuttgart og UiB ein MoU for å utvikle det gode tysk-norske samarbeidet mellom desse institusjonane. I samaband med signeringa av MoUen vart det avtalt eit "kick-off" møte for å styrke samarbeidet og utvide det til nye områder.
Rektor Wolfram Ressel innleder om Universität Stuttgart og forventninger til kick-off møtet.
Foto/ill.:
Universität Stuttgart

Hovedinnhold

I 2019 signerte Universität Stuttgart og UiB ein MoU for å utvikle det gode tysk-norske samarbeidet mellom desse institusjonane. I samband med signeringa av MoU-en vart det avtalt eit "kick-off" møte for å styrke samarbeidet og utvide det til nye områder.

Kickoff-arrangementet, som opprinneleg var planlagt gjennomført i april 2020, vart opna av professorane Wolfram Ressel, rektor ved Universität Stuttgart og Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB) 21.november i år.

Rektor Margareth Hagen innleder digitalt om UiB.

Rektor Margareth Hagen innleder digitalt om UiB.

Foto/ill.:
Universität Stuttgart

 

På møtet deltok 70 representantar frå dei to universiteta, som alle fekk nærare innsyn i tema som porøse media, vind-energi, visualisering- og simuleringsteknologi, digital humaniora, bioinformatikk samt spørsmål knytt til infrastruktur rundt IT og forskingsdata, skriv Universität Stuttgart på sine nettsider (tyskspråklege).

– Me ser på Universität Stuttgart som ein sterk partner, med ein strategisk profil som passar vår. Gjennom forskingssamarbeid vil me oppnå internasjonale resultat med høg kvalitet, seier Gottfried Greve, viserektor for innovasjon, satsinger og klynger på UiB.

Rektor Ressel påpeiker at samarbeidet mellom dei to universiteta har vart i fleire tiår, til dømes gjennom Erasmus-programmet og forksing på porøse media, der professorane Rainer Helmig og Helge Dahle har spelt viktige roller.

Professorane Rainer Helmig og Helge Dahle har vore sentrale i det eksisterande samarbeidet mellom Universität Stuttgart og UiB.

Professorane Rainer Helmig og Helge Dahle har vore sentrale i det eksisterande samarbeidet mellom Universität Stuttgart og UiB.

Foto/ill.:
Universität Stuttgart

– Denne kick-offen har sådd frøa for samarbeid i fleire nye disiplinar. Og så ser me fram til mange nye samarbeidsprosjekt me trur vil vakse i åra som kjem, seier rektor Wolfram Ressel.