Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Forsker grand prix

Vil gjera sølv til medisin

Sølv har ei fortid som medisin. Frida Johanne Lundevall viser korleis det edle metallet kan bekjempa kreft. 

Frida Johanne Lundevall,
SØLV MOT KREFT: Frida Johanne Lundevall forskar på korleis sølv kan bekjempa kreft. Ho konkurrer i Forsker grand prix med forskingsformidlinga si.
Foto:
Øyvind Ganesh Eknes

– I eldre medisin oppdaga ein at sølvnitrat drep bakteriar og ein brukte det som medisin. Så kom penicillinen og antibiotikaen, og då gløymte ein sølvet, seier Frida Johanne Lundevall.

Doktorgradskandidaten fortel at ein mellom anna brukte sølv i kirurgiske reiskapar, og at betente og opne sår vart behandla med det edle metallet. Men så gjekk det i den medisinske og vitskaplege gløymeboka. 

Lundevall er kjemikar, og forskar på korleis sølvet kan nyttast til å drepa kreftceller. Det kan skje ved å festa organiske molekyl til sølvatom, og denne sølvbindinga kan potensielt gå til angrep på kreftceller. 

Sølv mot kreft

Nett no arbeider ho med å laga fleire ulike typar sølv-organiske molekylar, som ho testar mot kreftceller. Ho håpar at resultata hennar kan verta publiserte i eit vitskapleg tidsskrift. 

– Om dette endar opp som ein medisin mot kreft hadde det vore heilt fantastisk, men det er ein lang veg å gå før ein kjem dit, seier ho. 

Eit anna mål er at andre forskarar skal kunna arbeida vidare i kampen mot kreft, gjerne ved hjelp av hennar forsking. 

– Samfunnsnytta i dette kan vera stor. Dette er grunnforsking, som legg grunnlaget for ein kan finna ut meir. 

Fire minutt med forskingsformidling

Lundevall var ein av årets deltakarar i Forsker grand prix i Bergen, og tok seg vidare til den nasjonale finalen. I løpet av fire minutt skal forskarane fortelje om forskinga si. Organisk kjemi er eit stort fagfelt som ikkje alle kjenner så godt til. Då må ein ty til med litt nye triks. For å visa fram korleis eit molekyl er bygd opp, ta ho i bruk duploklossar. 

– Det er kjekt å vera med, og eg lærer ein masse. Det viktigaste har kanskje vore å korta ned på det eg skal seia, til det som er aller mest naudsynt å få fram. Eg meldte meg på for å utfordra meg sjølv. Det er viktig å formidla forskinga si, seier ho.