Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Går av:

Blir direktør for Nansensenteret

Etter to åremål som direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning, blir Tore Furevik til sommaren direktør for Nansensenteret for miljø- og fjernmåling i Bergen.

Tore Furevik
GIR SEG: Direktør Tore Furevik ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
Foto/ill.:
UiB

For Tore Furevik er dette eit passande tidspunkt å gi seg.

– Eg har hatt ansvar for å forvalte vår støtte frå Kunnskapsdepartementet i meir enn ti år, dei siste sju åra som leier for Bjerknessenteret. Når det no er avklart at Bjerknessenteret har fått finansiering vidare, er dette eit godt tidspunkt å overlate roret til andre.

Furevik har vore direktør for Bjerknessenteret for klimaforskning sidan 2014, då han overtok roret etter Eystein Jansen. Når han 1. juli går over til å leie Nansensenteret for miljø- og fjernmåling, vil han leie ein av dei fire partnarinstitusjonane i Bjerknessenteret.

Bjerknessenteret for klimaforskning er eit samarbeid mellom nettopp Nansensenteret, UiB, NORCE og Havforskningsinstituttet, eit samarbeid som tok til i år 2000.Bjerknessenteret for klimaforskning har nettopp gjennomført eit 20 årsjubileum, som også vart avslutta med at finansieringa gjennom Kunnskapsdepartementet vart vidareført førebels for fem år framover.

Får ny rolle i styret

Bjerknessenteret for klimaforskning har nettopp gjennomført eit 20-årsjubileum, som også vart avslutta med at finansieringa gjennom Kunnskapsdepartementet vart vidareført førebels for fem år framover.

– Bjerknessenteret har blitt ein stor og synleg forskningsaktør og med finansiering for fem nye år, er det ingen grunn til å tru at ikkje Bjerknessenteret skal kunne halde på denne posisjonen, både som stor produsent av banebrytande ny forsking men også som ein viktig aktør i det grøne skiftet, seier Furevik. 

Når Furevik no blir direktør for Nansensenteret, vil han også halde fram i Bjerknessenteret sitt styre, men no som leiar for ein av dei fire partnarinstitusjonane.

– Når eg no går til ein av partnarinstitusjonane i Bjerknessenteret, er det i trygg forvissing om at det gode klimasamarbeidet i Bergen vil fortsette, og eg har sjølvsagt som målsetjing at Nansensenteret blir ein endå tyngre aktør inn i dette samarbeidet enn det dei er i dag. Og eg ser fram til ny rolle i styret for Bjerknessenteret, seier Furevik.

Blir nabo

Nansensenteret for miljø- og fjernmåling er no i gang med ein flytteprosess der dei i løpet av våren vil flytte opp til austfløyen på Geofysisk institutt. Forskarane i Nansensenteret vil då bli samla i same bygg som Bjerknessenteret, klimaforskarane i NORCE, Geofysisk institutt og Meteorologisk institutt.

­– Det blir spennande å sjå resultatet av at dette store forskingsmiljøet endeleg vert samla, også fysisk. Med felles kantine, møterom og ikkje minst uteareal, plassert i eit signalbygg for byen og eit  fyrtårn i internasjonal klimaforsking, ligg alt til rette for at dette blir bra, seier Furevik.