Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Reglement

Utfyllande regler til Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Hovedinnhold

Utfyllende reglementet utfyller Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen. Ein må sjå dei utfyllande reglane i samanheng med desse forskriftene.

Dei utfyllande reglane vart vedtekne i fakultetsstyret 7.desember 2023 og verkar frå 01.01.2024. 

Kapittel 1. Føremål og verkeområde

UiB-forskrift

Ingen utfyllande regler

Kapittel 2. Organisering av studia

UiB-forskrift

Utfyllande regler til §2-3 (2) i)
I tillegg må det i emneskildringa stå:
•    Rangeringsreglar for undervisingsopptak til emne jf. Utfyllande reglar til §6-5(4). 
•    Avgrensing i tilgang til rettleiing eller undervising for studentar som tidlegare har delteke i emnet

Utfyllande regler til §2-3 (3)
Ved fakultetet har alle emne på 100- og 200-nivå normalt eit omfang av 10 studiepoeng. Emne på 300-nivå er normalt på 5, 10 og 15 studiepoeng.

Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

UiB-forskrift

Utfyllande regler til §3-1 (4)

Endringar i studieprogram og innhald i emne som fakultetet skal vedta skal handsamast i programstyret for å sikre samanheng mellom innhald i emne og studieprogram, og det samla læringsutbytet på programmet.  


Utfyllande regler til §3-1 (6)
a)    Alle studieplanendringar skal meldast til fakultetet innan fastsett frist. Institutta er ansvarleg for å varsle alle aktuelle institutt i forkant av endringar. 

b)    Instituttet skal varsle studentane om endringar i emnetilbod og andre vesentlege endringar i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet etter at dei er vedteke. 


Utfyllande regler til §3-1 (7)
Instituttet kan sjølv vedta redaksjonelle endringar i emne og studieprogram etter fakultetet sine retningsliner.

Kapittel 4. Studierett

UiB-forskrift

Utfyllande regler til § 4-1 (1)
Fakultetet kan gje avslag på søknad om nytt opptak til eit masterprogram dersom studenten sine rettleiingsressursar på studieprogrammet er uttømde. 

Utfyllande regler til §4-2(2)
Fakultetet har ulike kortvarige studierettar det kan søkast om. I dei tilfella der det er krav om realfag skal dette stå i retningslinene.
(1)    Studentar med oppnådd grad ved fakultetet kan søkje om poststudierett. Det er ulike reglar for tildeling etter bachelorgrad, mastergrad og ph.d:
a.    Poststudierett etter fullført bachelorgrad må søkjast om innan frist for påfølgjande semester etter oppnådd grad og vert innvilga til og med påfølgande vårsemester. Studieretten kan ikkje forlengast.
b.    Poststudierett etter fullført mastergrad og ph.d søkjast om eitt semester om gangen, og kan bli forlenga ved å søkje nytt opptak om poststudierett.
(2)    Studierett for tilsette vert innvilga for tilsette ved UiB og samarbeidsorganisasjonar. Det er dokumentasjonskrav om realfag og stadfesting frå næraste leiar. Studierett vert tildelt for eitt semester om gongen.
(3)    Lærarstudierett vert innvilga for fast tilsette lærarar i skulen. Det er dokumentasjonskrav om realfag og stadfesting frå næraste leiar. Studierett innvilgast for eitt semester om gongen.
(4)    Mellombels studierett kan verte innvilga for studentar ved andre fakultet. Det er dokumentasjonskrav om realfag. Studierett vert innvilga for eitt semester om gangen.
(5)    Kandidatar på ph.d.-program ved andre norske institusjonar kan ta emne som ekstern hospitant. Ekstern hospitering på bachelor- og masternivå vert innvilga berre i særskilte høve der det føreligg avtale med eit anna universitet eller høgskule om dette. Ei slik avtale kan lagast både på institusjons- og personnivå.
(6)    Studierett for elevar kan verte innvilga etter søknad. Det er eigne dokumentasjonskrav avhengig av emne. Studierett vert innvilga for eitt semester om gongen.

Utfyllande regler til §4-3(2) b) 
Fakultetet har undervisingsopptak og eigen frist for emnepåmelding. Søknadsfrist for emne er onsdag i veke 2 i vårsemesteret og onsdag i veke 33 i haustsemesteret. Sjå og utfyllande reglar til §6-5(4).

Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

UiB-forskrift

Utfyllande regler til 5-1 (2) 
For 2-årige masterprogram og på masterdelen i 5-årige masterprogram kan deltidsstudium innvilgast inntil 3 månader før avtalt innleveringsfrist. For masterprogram med oppgåver på 30 studiepoeng er deltidsstudium berre mogleg for pensumdelen. Det er normalt ikkje
mogleg å innvilge deltidsstudium på ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Det kan gjelde andre reglar for lektorutdanninga.

Utfyllande regler til 5-3 (3) 
Med mindre noko anna er regulert i studieplanen for det aktuelle studieprogrammet er det ikkje mogleg å søke om pause frå studieprogrammet
a)    før 60 studiepoeng er oppnådd eller 
b)    dei fire siste semestera på integrerte masterprogram

Utfyllande regler til §5-6 (1)
Undervisingsaktivitet som inneber praksis, feltkurs, tokt o.l. er som regel ikkje praktisk moglege å gjennomføre same semester, og kan som hovudregel ikkje gjennomførast på nytt same semester.

Kapittel 6. Undervisinga

UiB-forskrift

Utfyllande regler til §6-1 (7) 
Eksamens- eller innleveringsdato for andre eksamensformar enn skriftleg skuleeksamen vert fastsett av institutta.
1.    Eksamens- eller innleveringsdatoar kunngjerast seinast ein månad før eksamensdato eller innleveringsfrist.
2.    Ved munnleg eksamen kunngjerast individuell dato og tidspunkt seinast 14 dagar før eksamen.

Utfyllande regler til §6-4
Bachelorprogram kan søke til fakultetet om å ha undervisning på engelsk i ein del av 200-tallsemna, til dømes fordi læringsutbytteskildringa på programmet visar at studentane skal lære seg engelsk fagspråk. Søknad om unntak på emne krev fagleg grunngiving og må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer.

Utfyllande regler til §6-5 (4)
Rangeringsreglar for undervisingsopptak til emne skal gå fram i emneskildringa. Dersom ikkje anna er oppgitt, rangerast opptak etter poeng.

Utfyllande regler til §6-5 (5) 
Fakultetet kan i emneskildringa angi at studentar som: 
•    har gyldige og godkjente obligatoriske aktivitetar ikkje skal kunne ta dei på nytt
•    har bestått resultat i eit emne ikkje har rett til å delta i undervising i emnet, få rettleiing, eller skal ha eit redusert rettleiingstilbod. 

Utfyllande regler til §6-7 (2)
Bachelorprosjekt:
Form og omfang av rettleiing for bachelorprosjekt skal vere definert i studieplan og emneskildringa.

Masterprosjekt:
Heiltidsstudentar har rett til 40 rettleiingstimar i løpet av eit 2-årig masterprogram eller masterdelen av eit 5-årig masterprogram. Form og omfang av rettleiing for masterprosjekt skal vere definert i eigen rettleiingsavtale.
Studentar tatt opp på 2- årige og 5-årige masterprogram skal inngå ein rettleiingskontrakt med instituttet. I denne skal det stå samansetning av rettleiingskomité, innhald i det teoretiske pensum, planlagt studieprogresjon og tidsfrist for innlevering. Ein framdriftsplan og prosjektskildring skal inngå i avtala. 
Dersom ein student ved opptak til 2-årig masterprogram eller i masterdelen av 5-årig masterprogram får godkjent allereie avlagde emne som del av mastergradspensumet, skal studiet forkortast. Dersom ein student får innvilga periodar med deltid eller permisjon i løpet av masterstudiet, skal studiet forlengast. Forlenging og forkorting tek utgangspunkt i normert tid for emna som står att eller som vert tatt inn i pensum. Fakultetet har eigne retningsliner for forlenging og forkorting.

Kapittel 7. Eksamen

UiB-forskrift

Utfyllande regler til §7-2 (1)
(1) Det er ikkje høve til å gje ulik eksamensform til eit utval av studentar.
(2) Tidleg eksamen skal som hovudregel ha same eksamensform som avsluttande eksamen i semester med undervising. Det skal stå i emneskildringa dersom emnet har undervisings- og vurderingsform som gjer at det ikkje er mogleg med same vurderingsform i begge semestera. 

Utfyllande regler til §7-2 (4)
Ei masteroppgåve skal avsluttast med munnleg mastergradseksamen. Eksamen i heile masterpensumet må vere fullført og bestått før avsluttande mastergradseksamen. Denne eksamen består av ein offentleg presentasjon på minimum 30 minuttar der studenten sjølv gir ei oversikt over oppgåva. Det skal vere satt ein tentativ karakter på oppgåva før presentasjonen. Etter presentasjonen følgjer ein munnleg eksaminasjon/samtale om oppgåva med ekstern sensor, intern sensor eller medlemmar frå eksamenskommisjonen og rettleiarar. Presentasjonen kan saman med den påfølgjande munnlege eksaminasjonen vere justerande på den endelege karakteren på oppgåva.

Utfyllande regler til §7-2 (2-5)
(1)    Ved gyldig fråvær kan delar av eksamen/mappe gå ut, og total karakter vert rekna ut frå resten av dei resterande delane. Maksimal del som kan gå ut er 30%, og må vurderast for kvart enkelt emne.
(2)    Karakter frå deleksamen eller poeng frå del av mappe gjeld normalt i eitt påfølgjande semester, og kan seinare inngå i endeleg karakter.
(3)    Endeleg karakter i semester utan undervising vert fastsett normalt ut frå tidleg eksamen i semester utan undervising/kontinuasjonseksamen og tidlegare resultat i deleksamen/mappe frå semesteret med undervising
(4)    Fakultetet kan vedta unntak frå (1)-(3) og desse må nemnast i emneskildringa.

Utfyllande regler til §7-3 (3) 
(1)    Det er eit vilkår for å kunne ta eksamen og få sensur at eksamensavgift er betalt.

Utfyllande regler til §7-4 (1) c)
Tillate hjelpemiddel skal vere angitt for kvart enkelt emne i emneskildringa. 
Om kalkulator er tillaten gjeld følgande:
(1)    Enkel kalkulator: Ikkje-programmerbar kalkulator utan høve til sending/mottak, tilkopling til straumnett eller som avgjer støy.
(2)    Alle kalkulatorar: Alle typar kalkulatorar utan sending/mottak, tilkopling til straumnett eller som avgjer støy
Dersom ikkje anna er angitt i emneskildringa, er bruk av ikkje-ensyklopediske ordbøker tillaten på skriftleg skuleeksamen. Ordbøkene må være kontrollerbare, dvs. på engelsk eller skandinavisk språk.

Kapittel 8. Eksamensforsøk


 UiB-forskrift

Utfyllande regler til §8-1 (2)
Masteroppgåver som ikkje er levert innan fristen kan ikkje leverast på nytt. 

Utfyllande regler til §8-1 (4) a 
(1)    Det skal etter søknad verte gitt eitt ekstra eksamensforsøk viss alle tre kriterium er oppfylt:
a.    Emnet er ikkje bestått
b.    Tre teljande forsøk er brukt
c.    Emnet er obligatorisk i graden eller valbart obligatorisk
(2)    Det er ikkje høve til å ta eksamen i eit emne for femte gong.

Utfyllande regler til §8-4 (1) 
(1)    For emne der skriftleg saleksamen eller munnleg eksamen inngår i vurderingsgrunnlaget skal det normalt haldast ein ordinær eksamen kvart semester. 
(2)    I semester utan undervising i eit emne arrangerast eksamen tidleg i semesteret. 
(3)    Uregelmessige emne har eksamen berre i det påfølgande semesteret etter at dei er undervist.  
(4)    Eksamen tidleg i semester utan undervising er normalt ordinær, og er open for alle studentar med gyldige obligatoriske aktivitetar.

Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

UiB-forskrift


Utfyllande regler til §9-5 (1)
Sensurfrist på emne med sein eksamen er 30. juni i vårsemesteret og 10. januar i haustsemesteret, sjølv om dette er mindre enn tre veker etter eksamen.
Utfyllande regler til § 9-8 (1) 
Forvaltningslova si føresegn om habilitet (§6) gjeld ved sensur. For masteroppgåver skal sensor ikkje: 
- vere i nær relasjon til masterkandidat, rettleiar eller medsensor
- ha tett fagleg samarbeid dei siste tre år med masterkandidat, rettleiar eller medsensor
- kjenne til andre forhold som kan svekke habiliteten i vurderinga

Utfyllande regler til §9-8 (3) 
For munnleg eksamen skal det vere minst to sensorar.  Det er ikkje krav til ekstern sensor på munnleg eksamen der eksamen utgjer mindre enn 30 % av den endelege karakteren. I tilfelle der det ikkje er mogleg å finne fagleg kvalifisert ekstern sensor kan det vert gitt unntak i emne på 100-, 200- og 300-nivå og ph.d.-nivå, og spesialpensum for enkeltstudentar til ph.d., master, fellesgrad eller ERASMUS-prosjekt o.l.  I slike tilfelle skal programstyret nemne opp ein intern sensor som ikkje var med i undervisinga av emnet og som er vurdert som fagleg kvalifisert og uhilda.

Kapittel 10. Grader

UiB-forskrift 

Utfyllande regler til §10 (1) b 
Det kjem fram av bachelorprogrammet sin studieplan kva for emne eller emnedelar som utgjer det sjølvstendige arbeidet.

Utfyllande regler til §10-3
I bachelorgraden kan det inngå emne på 100- og 200-nivå. Normalt kan inntil 10 studiepoeng på 300-nivå (masternivå) frå UiB inngå i bachelorgraden. Inntil 20 studiepoeng på 300-nivå kan inngå etter søknad. Enkelte eksterne emne på masternivå kan etter individuell søknad inngå i bachelorgraden.

For å oppnå ein bachelorgrad er det krav om minst eitt emne i matematikk og eitt emne i programmering i graden, normalt med eit omfang på 10 studiepoeng. Dette er i tillegg til dei generelle krava til en bachelorgrad. Krava skal fastsettast i studieplanen.

Utfyllande regler til § 10-4 (1)
Emne på 100-nivå kan normalt ikkje inngå i mastergraden. Inntil 10 studiepoeng på 100-nivå kan inngå etter søknad. 

Godskriving av formidling: Inntil 5 studiepoeng kan verte gitt for formidling i masterstudiet. 
Aktivitetar som kan verte kreditert er: 
•    Kurs i kunnskapsformidling
•    Deltaking på internasjonale konferansar med presentasjon av resultata frå eigen masteroppgåve. Det vert gitt 2 studiepoeng for presentasjon ved internasjonal konferanse. Det vert berre gitt studiepoeng for éin slik presentasjon.
•    Populærvitskapeleg bidrag innan eiga felt. Det gis inntil 2 studiepoeng pr bidrag, og maksimalt 2 studiepoeng.
Antal studiepoeng vert rekna frå ECTS-standard. 

Utfyllande regler til § 10-4 (3)
Masteroppgåva har normalt eit omfang på 60 studiepoeng. Det skal kome fram av studieplanen om eit studieprogram tilbyr masteroppgåver på 30 studiepoeng.

Ved fellesarbeid kan 2 til 3 studentar kan samarbeide om å skrive ei masteroppgåve. 
a.    Avtale om fellesarbeid gjeld berre ved val av masteroppgåve på 60 studiepoeng. For studentar på lektorprogrammet kan avtale om fellesarbeid verte inngått for masteroppgåver på 30 studiepoeng.
b.    Ved felles masteroppgåve skal arbeidsomfanget for den enkelte svare til omfanget for ei oppgåve som er skrive individuelt. Større arbeidsomfang i fellesarbeid kan til dømes innebere større materialomfang eller meir omfattande analyse.  
c.    Fellesarbeid skal kome fram i prosjektskissa som skal godkjennast i programstyret, og kome fram i masteravtala.
d.    Ved fellesarbeid skal det likevel vere individuell evaluering for å kunne gi kandidatane individuell karakter. Det skal i ei erklæring frå hovudrettleiar kome tydeleg fram korleis samarbeidet er gjennomført, og det individuelle bidraget må identifiserast. Det skal vere same sensurkomité som sensurerer masteroppgåva. 
e.    Masteroppgåva vert i heilskap vurdert som eit felles arbeid, og begge studentane skal kunne gjere greie for alle delar av oppgåva. Studentane kan ha felles presentasjon av oppgåva der begge bidreg likeverdig. Munnleg eksamen vert gjennomført individuelt.
f.    Ved innlevering av masteroppgåva skal studentane legge ved ei kort utgreiing frå rettleiar.Denne må innehalde informasjon om den enkelte studenten sin sjølvstendige innsats, kva delar av forskingsarbeidet og oppgåva som er individuelle, og kva delar som er felles. Informasjon om at dette er fellesarbeid skal også opplysast om i sjølve masteroppgåva. 
g.    Ved fellesarbeider har rettleiarar eit spesielt ansvar om å opplyse om retningslinja. Rettleiarane skal medverke til at kvar student får best mogleg fagleg læringsutbyte av fellesarbeidet, og halde tilstrekkeleg kontakt med studentane til å kunne vurdere kvar student sin individuelle innsats i arbeidet.
h.    Søknader om utsett innlevering eller klage på karakter skal handsamast individuelt.

Utfyllande regler til § 10-4 (4)
For å oppnå ein integrert mastergrad er det krav om minst eitt emne i matematikk og eitt emne i programmering i graden, normalt med et omfang på 10 studiepoeng.  Dette er i tillegg til dei generelle krava til ein mastergrad. Krava skal fastsetjast i studieplanen.

Kapittel 11. Gradsnamn

UiB-forskrift

Ingen utfyllande regler.

Kapittel 12. Vitnemål mv.

UiB-forskrift


Ingen utfyllande regler.

Kapittel 13. Overgangsregel og ikraftsetjing

UiB-forskrift

Ingen utfyllande regler.