Hjem

Middelalderklyngen

posters

Exploring the Middle Ages, posters 2015

Utforsk rikdommen i mellomalderforskinga i Bergen gjennom 55 vitskaplege posters.

Logo Exploring the Middle Ages
POSTERKATALOG: Meir enn 50 posters blei utstilt under konferansen Exploring the Middle Ages ved Universitetet i Bergen, November 2015. Desse vart også samla i ein katalog.

Kunnskapen om norsk og europeisk mellomalder er avgjerande for å forstå bakgrunnen for moderne kunnskapsdanning, urbanisering, demokratiutvikling og prinsippa for likeverdet mellom individa, ja heile den moderne kulturen vår. Kunnskapen om topografi og landskap si rolle i historia gjev forståing for sosial, økonomisk og rettsleg konstituering av lokalsamfunn, rettsforståing og sosial sjølvforståing. Aktuelle tema alle saman – og likevel er mange av dei allereie reflektert i mellomalderlitteraturen.

Mellomalderen er sentral og konstituerande for Bergens, Vestlandets og Noregs historie, og plasserer Noreg trygt i ein europeisk kontekst. Universitetet og museumssektoren i Bergen utgjer eit stort og mangfaldig fagmiljø innan mellomalderstudiar.

Meir enn 50 posters var utstilt under konferansen Exploring the Middle Ages ved Universitetet i Bergen, november 2015. Dei dekkjer eit vidt spekter av tema og forskingsfelt og indikerer kvaliteten og kvantiteten av mellomalderforsking Bergen i dag. Posterane presenter både individuelle prosjekt og samarbeidsprosjekt. Mange av prosjekta er arbeid av yngre forskarar utdanna i Bergen, og vitnar om tradisjonar og høg aktivitet innan mellomalderstudiar. Gjennom desse posterane er du velkommen til å utforske rikdommen i mellomalderforskinga i Bergen.

Bla i posterkatalogen her