Hjem
Middelalderklyngen
Sankta Sunniva

Kvinna som verna gravensarane og vessene i mellomalderen

Kven var eigentleg Sankta Sunniva, vernehelgen for Bergen by og bispedøme? Les kronikken til Alf Tore Hommedal, mellomalderarkeolog ved Universitetsmuseet i Bergen.

Sankta Sunniva frå Granvin kyrkje
Sankta Sunniva frå Granvin kyrkje er malt på ei av fløydørene på eit ca. 1,15 m høgt altarskap.
Foto/ill.:
Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen

I desse dagar er det 850-år sidan Den heilage Sunnivas helgenskrin vart overført frå Selja til Bergen (Sunnivas «translatio»). Jubiléet for denne viktige hendinga i det vestnorske mellomaldersamfunnet vert no markert både på Selja, nedover langs Vestlandskysten og i Bergen. Sankta Sunniva vart vernehelgen for Bergen by og bispedøme, og ho vart Noregs kvinnelege vernehelgen. Kven var denne mellomalderhelgenen som i lang tid har vore meir eller mindre gløymd, og kva rolle spela ho for folk som den gong levde innafor dagens Voss herad?

I fylgje legenda var den irske dronninga Sunniva og fylgjet hennar båtflyktningar som stranda ved kysten vår på 900-talet. Dei fleste leid martyrdøden på øya Selja ved Stad, etter at nordmennene hadde avvist dei framande. Legenda fortel vidare at kong Olav Tryggvason og kongsfylgjet hans i 996 fann beinrelikviane av irane, og den døde dronninga vart funnen like heil, mest som om ho sov. Slik vart båtflyktningane norske helgenar. Kloster- og helgenanlegget på Selja vaks i hundreåra etterpå fram, slik me i dag framleis kan sjå dei mektige bygningsrestane av det.

Det var i 1170 at relikviane av Sankta Sunniva vart henta frå Selja til Bergen. Den 7. september vart helgenskrinet motteke i høgtideleg prosesjon og ført til Kristkyrkja, den store domkyrkja som no er heilt vekke, men som låg på dagens Bergenhus like ved Håkonshallen. Snart viste helgendronninga seg som sann vernar av Bergen. Då byen brann i 1198, veik elden i fylgje Sverre-soga fyrst unna då skrinet med helgendronninga vart bore mot flammane.

Sunniva-kulten spreidde seg etter kvart  til heile landet. Særleg langs kysten, heilt nord til Finnmark, synest Sunniva å ha vore kjend og populær. Dette ser me ut frå bevarte biletframstillingar frå seinmellomalderen som desse stadene har av henne. Slike Sunniva-bilete var del av kyrkjeinventar som handelsmenn henta med seg heim etter å ha vore i Bergen med tørrfiskleveransar. Der hadde dei også vitja Sunnivaskrinet i Kristkyrkja og høyrt forteljinga om helgendronninga.

Sunniva-kulten er vidare dokumentert i heile Norden og i Nord-Tyskland, noko som truleg var eit resultat av handelskontaktane hanseatane hadde med Bergen. Noregs einaste kvinnelege helgen og helgenskrinet hennar var slik eit klenodium for byen, bispedømet og landet i over 360 år, like fram til reformasjonen i 1530-åra.

Sidan skrinet med helgendronninga kom til Bergen 7. september, vart datoen etter 1170 ein kyrkjeleg minnedag som årleg vart markert gjennom heile mellomalderen, også i kyrkjene innan noverande Voss herad. Kva veit me om rolla helgenkvinna Sunniva spela innan regionen vår?

Det er frå Granvin me har det mest handfaste og synlege teiknet på Sankta Sunnivas status innan Voss herad. I dåverande Granvin kyrkje stod det i mellomalderen og langt inn i etterreformatorisk tid eit altarskap, eit såkalla tabernakelskap der Sankta Sunniva saman med Sankt Olav prydar framsida av skapet når dette er lukka. Sunniva står med helgenglorie og dronningkrone. I venstre armkroken held ho ei steinblokk som ho peikar på med høgre handa. Dette er for å minna om at ho og fylgjet hennar leid martyrdøden ved at fjellet rasa ned over dei på Selja.

I 2020 blir boka «St. Sunniva – irsk dronning, norsk vernehelgen» publisert. I fylgje bokartikkelen til kunsthistorikaren Justin Kroesen ved Universitetsmuseet i Bergen, der skapet no står og kan sjåast i Kyrkjeutstillinga, er Granvin-skapet sannsynlegvis frå ca. 1460 og laga i Nord-Tyskland, mest truleg i Lübeck. Dei kombinerte framstillingane av Sankt Olav og Sankta Sunniva syner Noregs to mest framståande helgenar, og dei kan i fylgje Kroesen slik sjåast som eit symbol som representerer det kristne kongeriket Noreg. Noreg vert altså representert ved ei kvinne og ein mann, ei dronning og ein konge. For gravensarane i mellomalderen har såleis Den heilage Sunniva, som dei visste kvilte i domkyrkja i Bergen, vore konkretisert gjennom biletframstillinga i deira eiga kyrkje.

På Voss er i dag Olav den heilage og erkeengelen Mikael lettare å finna att som helgenar enn det Sunniva er. Dette på grunn av den såkalla Olavskrossen og ved at Vangskyrkja er vigd til Sankt Mikael. Likevel må Sunniva har spela ei stor rolle også her, noko me har klare spor etter. Kan hende har Vangskyrkja, eller kyrkjene som i mellomalderen stod på Evanger, Vinje og Oppheim, likeins hatt Sunniva-framstillingar som no er tapte?

I 1487, venteleg nokre tiår etter at Granvin hadde fått altarskapet sitt, blir Sankta Sunniva trekte fram i eit brev som gjeld Voss. Amund Arnfinnsson, Torstein Einarsson og Torleiv Hallesson fekk kvittering på at dei hadde gjort rekneskap for ombodet dei hadde hatt for Vossakyrkja dei tre føregåande åra. Rett nok er det biskopen som skriv kvitteringa, men formuleringa syner likevel at Sankta Sunniva kunne reknast som garantist. Dette syner igjen til at helgendronninga må ha hatt tyngde også på Voss.

Det klaraste teiknet på at Sankta Sunniva har vore kjend og æra på Voss, har me likevel i namnevala til vessene. Namneformene fortel at helgendronninga har hatt ei rekkje namnesystrer på Voss, like opp til vår tid. I Voss gamle kommune (før 2020) var Synneva det 10. mest populære kvinnenamnet i perioden 1866-2016 med i alt 288 døypte jenter (Torbjørg Afdal: «Personnamn på Voss», Gamalt frå Voss, 2018). Både Synneva, Synva og Synnøve er namneformer avleidde av Sunniva, eit opphavleg angelsaksisk namn som tyder «solgåve». Når namneformer av Sunniva har vore nytta i Voss kommune og herad like opp til vår eiga tid, synleggjer dette kor sterk identiteten med Sankta Sunniva må ha vore på Voss i seinmellomalderen. Dette var ved overgangen mot reformasjonen og luthersk lære, der all helgenkult vart forboden. Helgendronninga har deretter gradvis blitt radert ut av tankane til folk medan namnet hennar har levd vidare. I dag er Sunniva igjen ei vanleg namneform i Noreg.

Den 7. september 2020 er det altså 850 år sidan skrinet med helgendronninga kom til Bergen. Sunnivafestivalen komande langhelg, frå fredag 4. til tysdag 8. september 2020, skal difor vera ei festhelg for Sankta Sunniva som verje for Bergen og Noreg. Helgendronninga blir feira i Bergen med føredrag, bokomtale, konsertar, gudstenester og biletspel, dels nettbaserte, dels som tradisjonelle tilstellingar. Men temaet er ikkje berre historie. Mellomalderens tru, tankesett og haldningar påverkar oss enno og er framleis aktuelle: Den tusen år gamle soga om båtflyktningar, og nordmenns møte med dei, er brennande aktuell også i vår tid!

Kronikken vart først publisert i avisa Hordaland.