Hjem
Middelalderklyngen
Konferanse

Bylov og byliv

I 2026 feirar Magnus Lagabøters bylov 750-års jubileum, og i den anledning arrangerer Mellomalderklynga konferansen Bylov og Byliv den 22.-23. September.

Svart kvitt foto av Bryggen i Bergen, trolig fra 1800-tallet
Bryggen i Bergen representerer området der mellomalderbyen vaks fram, og Bergen var ein av dei største og mektigaste byane i Norden i mellomalderen. På Bryggen låg også stevnestova - byens eldste rådhus.
Foto/ill.:
Wikimedia Commons

Hovedinnhold

Magnus Lagabøters bylov teiknar eit levande bilete av Bergen i høgmellomalderen, og den er ei av våre viktigaste kjelder som skildrar styringa, reguleringa og aktivitetane i norske byar i denne perioden.  

Bylova av 1276 var eit viktig ledd i Magnus Lagabøters revisjon av norsk rett i høgmellomalderen, ei utvikling som har fått stor offentleg merksemd i Noreg. Dei særskilde tilhøva i dei norske byane gjorde det nødvendig med ei eiga bylov, slik som elles i Europa. Når ein les Bylova slik den er skriven for Bjørgvin, så kjenner ein tydeleg att Bergens geografi og historiske landemerke.  

Overordna tema for konferansen er Bylov og byliv, og med ein tydeleg tverrfagleg profil er målet å utforske livet i byen Bergen i høgmellomalderen med utgangspunkt i nyaste forsking på Bylova og andre mellomalderkjelder. 

Konferansen er open for alle interesserte!

Tirsdag 22. September

 

Sesjon 1.  Bylandskap og den fysiske byen

 Chair: Åslaug Ommundsen
09:15-10:00Innleiande foredrag – Byens fysiske struktur, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:00-10:30Kyrkjene sitt indre landskap på 1200-talet, ved Justin Kroesen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Bergen og leiar for kyrkjekungstsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen
10:30-10:45Kaffipause
10:45-11:15Eigedomsgrenser på Bryggen – ei rettsleggjering av landskapet, ved førstelektor Lars Kvestad ved Høgskulen på Vestlandet
11:15-11:45Kyrkjelandskapet i Bergen med eit lydformidlande perspektiv, ved Alf Tore Hommedal, professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen 
11:45-12:05Spørsmål
12:05-13:00Lunsj  (på eiga hand)

 

Sesjon 2.  Menneska i byen 

 Chair: Irene Baug
13:00-13:45Innleiande foredrag – rik og fattig i mellomalderens Bergen, ved Miriam Tveit, førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet

13:45-14:15

Matkultur i mellomalderen, ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen

14:15-14:45

Hanseatane sitt spirituelle liv i Bergen, ved Embla Aae, forskar i historie ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene

14:45-15:00

Kaffipause

15:00-15:30Forholdet mellom Landslova og Bylova, ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
15:30-16:00Eldstadar og omnar; matteknologi i mellomalderens Bergen, ved Mathias Blopel, PhD-stipendiat i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen
16:00-16:25Spørsmål
16:25-16:45“… ok segir þat er eigi greinir í Landsbókenne.” - Bylovsjubileet 1276-2026: Digital utstilling ved Universitetsbiblioteket, ved Robert Kristof Paulsen, overingeniør og norrøn filolog, Universitetsbiblioteket, Universitetet i Bergen
18:00KOMMUNAL MOTTAKING I HÅKONSHALLEN 
Det blir servert fingermat og drikke - både med og utan alkohol


Onsdag 23. september 

 

Sesjon 3.  Makt og styring 

 Chair: Embla Aae
09:00-09:45Innleiande foredrag: Kvifor treng byen ei eiga lov? Magnus Lagabøters bylov i forhold til Landslova, ved Brage Thunestvedt Hatløy, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
09:45-10:15Bylovgjeving i ein europeisk kontekst, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
10:15-10:30Kaffipause
10:30-11:00'Ecclesia Bergensis'- Bispemakt og by, ved Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar og fagdirektør ved Vestland fylkeskommune
11:00-11:30Året i byen - “årshjulet” i Bylova, ved Arne Solli, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen
11:30-11:50Spørsmål
11:50-12:05Lunsj (på eiga hand) 

 

Sesjon 4.  Kommunikasjon og nettverk  

 Chair: Kirsi Salonen
12:05-12:50Innleiande foredrag, “Handskrifter og utgåver av Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov: Magnus Rindal, professor emeritus i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo
12:50-13:20Handelskontaktar i mellomalderens Bergen, ved Volker Demuth, forskar i arkeologi ved Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger
13:20-13:50Kong Håkons borgerrett (borgara réttr) av c. 1300: Ei vidareføring av eldre gildeskråer? Ved Stefan Drechsler, forskar i nørrøn filologi ved Universitetet i Bergen
13:50-14:05Spørsmål
14:05-14:30

Panelsamtale: Denne avsluttande panelsamtalen vil ta opp hovudtema frå konferansen. Anna Elisa Tryti frå Vestland fylkeskommune og Embla Aae frå Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene vil leie samtalen. 

Paneldeltakarar:

  • Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen
  • Brage Thunestvedt Hatløy, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet
  • Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen
  • Miriam Tveit, førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet
14:30Avslutning