Bylov og byliv
I 2026 feirar Magnus Lagabøters bylov 750-års jubileum, og i den anledning arrangerer Mellomalderklynga konferansen Bylov og Byliv den 22.-23. September.
Main content
Magnus Lagabøters bylov teiknar eit levande bilete av Bergen i høgmellomalderen, og den er ei av våre viktigaste kjelder som skildrar styringa, reguleringa og aktivitetane i norske byar i denne perioden.
Bylova av 1276 var eit viktig ledd i Magnus Lagabøters revisjon av norsk rett i høgmellomalderen, ei utvikling som har fått stor offentleg merksemd i Noreg. Dei særskilde tilhøva i dei norske byane gjorde det nødvendig med ei eiga bylov, slik som elles i Europa. Når ein les Bylova slik den er skriven for Bjørgvin, så kjenner ein tydeleg att Bergens geografi og historiske landemerke.
Overordna tema for konferansen er Bylov og byliv, og med ein tydeleg tverrfagleg profil er målet å utforske livet i byen Bergen i høgmellomalderen med utgangspunkt i nyaste forsking på Bylova og andre mellomalderkjelder.
Konferansen er open for alle interesserte!
Tirsdag 22. September
Sesjon 1. Bylandskap og den fysiske byen | |
| Chair: Åslaug Ommundsen | |
| 09:15-10:00 | Innleiande foredrag – Byens fysiske struktur, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen |
| 10:00-10:30 | Kyrkjene sitt indre landskap på 1200-talet, ved Justin Kroesen, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Bergen og leiar for kyrkjekungstsamlinga ved Universitetsmuseet i Bergen |
| 10:30-10:45 | Kaffipause |
| 10:45-11:15 | Eigedomsgrenser på Bryggen – ei rettsleggjering av landskapet, ved førstelektor Lars Kvestad ved Høgskulen på Vestlandet |
| 11:15-11:45 | Kyrkjelandskapet i Bergen med eit lydformidlande perspektiv, ved Alf Tore Hommedal, professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen |
| 11:45-12:05 | Spørsmål |
| 12:05-13:00 | Lunsj (på eiga hand) |
Sesjon 2. Menneska i byen | |
| Chair: Irene Baug | |
| 13:00-13:45 | Innleiande foredrag – rik og fattig i mellomalderens Bergen, ved Miriam Tveit, førsteamanuensis i rettshistorie ved Nord Universitet |
13:45-14:15 | Matkultur i mellomalderen, ved Jens Eike Schnall, førsteamanuensis i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen |
14:15-14:45 | Hanseatane sitt spirituelle liv i Bergen, ved Embla Aae, forskar i historie ved Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene |
14:45-15:00 | Kaffipause |
| 15:00-15:30 | Forholdet mellom Landslova og Bylova, ved Else Mundal, professor emerita i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen |
| 15:30-16:00 | Eldstadar og omnar; matteknologi i mellomalderens Bergen, ved Mathias Blopel, PhD-stipendiat i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen |
| 16:00-16:25 | Spørsmål |
| 16:25-16:45 | Den digitale bylovsutstillinga ved Universitetsbiblioteket, ved Alexandros Tsakos, fagleg leiar, Manuskript- og Librarsamlinga, Universitetet i Bergen |
| 18:00 | KOMMUNAL MOTTAKING I HÅKONSHALLEN Det blir servert fingermat og drikke - både med og utan alkohol |
Onsdag 23. september
Sesjon 3. Makt og styring | |
| Chair: Embla Aae | |
| 09:00-09:45 | Innleiande foredrag: Kvifor treng byen ei eiga lov? Magnus Lagabøters bylov i forhold til Landslova, ved Brage Thunestvedt Hatløy, førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved UiT Norges Arktiske Universitet |
| 09:45-10:15 | Bylovgjeving i ein europeisk kontekst, ved Geir Atle Ersland, professor emeritus i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen |
| 10:15-10:30 | Kaffipause |
| 10:30-11:00 | 'Ecclesia Bergensis'- Bispemakt og by, ved Anna Elisa Tryti, mellomalderhistorikar og prosjektdirektør ved Vestland fylkeskommune |
| 11:00-11:30 | Året i byen - “årshjulet” i Bylova, ved Arne Solli, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen |
| 11:30-11:50 | Spørsmål |
| 11:50-12:05 | Lunsj (på eiga hand) |
Sesjon 4. Kommunikasjon og nettverk | |
| Chair: Kirsi Salonen | |
| 12:05-12:50 | Innleiande foredrag, “Handskrifter og utgåver av Magnus Lagabøtes bylov og farmannslov: Magnus Rindal |
| 12:50-13:20 | Handelskontaktar i mellomalderens Bergen, ved Volker Demuth, forskar i arkeologi ved Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger |
| 13:20-13:50 | Kong Håkons borgerrett (borgara réttr) av c. 1300: Ei vidareføring av eldre gildeskråer? Ved Stefan Drechsler, forskar i nørrøn filologi ved Universitetet i Bergen |
| 13:50-14:05 | Spørsmål |
| 14:05-14:30 | Panelsamtale |
| 14:30 | Avslutning |