Hjem
Eiendomsavdelingen

Deler kunnskap

Hovedinnhold

Fred Atle Johannessen (59) er driftsteknikar på område 3 som har ansvar for bygningane lengst sør på Nygårdshøyden. Han kom til EIA hausten 2010 med lang erfaring blant anna frå drift av store parkeringshus. I den noverande jobben handlar det om å ta forefallande oppdrag og utføra service, blant anna på ventilasjonsanlegg.

Johannessen har fagbrev som mekanikar, men som tilsett på EIA Drift jobbar han ofte tett saman med både elektrikarar og røyrleggjarar. _Vi utfyller kvarandre og deler gjerne erfaringar over spisebordet. Vi kjem ofte opp i nye problemstillingar og det er viktig å kunna utveksla den nye kunnskapen vi skaffar oss, seier han.

­Dei som jobbar på drift yter service til svært mange ulike brukarar. _Dei fleste er svært hyggelege, men det finst sjølvsagt dei som er litt høge på seg sjølv. Det er berre å ta det som det kjem, det lærte eg då eg køyrde drosje for tretti år sidan. Det er berre å gjera det beste utav situasjonen, så ordnar alt seg, seier han.

Det viktigaste for Johannesen er at dei tekniske installasjonane virkar som dei skal. ­_Eg er oppteken av å førebu ein jobb, utføra jobben og å rydda opp etter meg. Det verste eg veit er å rydda opp etter andre, seier han. Han synest EIA er ein grei arbeidsplass med godt miljø. _Her tek også eigedomssjefen seg tid til ein prat i forbifarten, det set vi pris på, seier Johannessen.