Hjem
Forskergruppa Sosiolingvistikk og språkendring

Hovedinnhold

Medlemmer

• Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson
• Professor emeritus Helge Sandøy
• Professor emeritus Gjert Kristoffersen
• Professor Agnete Nesse
• Professor Ingvild Nistov
• Postdok-stipendiat Randi Neteland
• Stipendiat Helene Hildremyr
• Stipendiat Per Sigmund Sævik Bøe
• Stipendiat Krister Vasshus
• Stipendiat Ragnhild Gjefsen
• Stipendiat Marie Lund Stokka
• Arkivar Kristin Synnøve Kjos
• Forskar Bente Selback
• Mastergradsstudentar: Trond Minde, Ingrid Mølmen Gråsletten, Guro Wågan, Saher Rafei Tari, Andrea Aletti, Hanne Storsand Reknes, Berit Helle Jonsbråten, Ingrid Årdal, Lene Embretsen Strand

Det har gjennom begge semestera vore faste prosjektmøte kvar 14. dag, der medlemene har orientert kvarandre om faglege aktivitetar, nyhende og diskutert ulike faglege spørsmål. Kvar gong har det også vore eit hovudinnslag frå éin av gruppemedlemene i form av eit fagleg innlegg eller ein kort presentasjon og deretter diskusjon. Ragnhild Lie Anderson har hatt ansvar for innkalling, møteleiing og referat. I 2020 har det meste føregått digitalt på ZOOM.

Aktivitetar

Prosjekt

Talebanken
Dette er ein korpusressurs som forskargruppa disponerer. Her er det levert eiga årsmelding.

Samarbeidsprosjekt
Helge Sandøy og Edit Bugge samarbeider med kollegaer ved Fróðskaparsetur Føroya om prosjektet Endringar i færøyske dialektar gjennom to generasjonar. Korleis, kor fort og kvifor?

Individuelle prosjekt

Ragnhild Lie Anderson arbeider med å samanlikna talemålet hjå to ungdomskull frå Sogndal frå 2001 og 2016. Ho skriv artiklar om ulike språkdrag i endring. Ho arbeider også med å transkribera ferdig talemålsopptak frå 1996 og panelopptak frå 2017, slik at desse også kan koma inn i Talebanken.

Gjert Kristoffersen samarbeider med Øystein A. Vangsnes (UiT), Tor A. Aafarli (NTNU) og Kristin Hagen (UIO) om utgjeving av seminarrapport/bok etter lanseringa av LIA-korpuset i Trondheim i november 2019. Boka kjem på Novus forlag i 2021.

Randi Neteland og Gjert Kristoffersen samarbeider om ein artikkel om realisering av /r/ som sibilant føre ustemt lukkelyd i nordnorsk. Boka skal publiserast i boka omtalt i førre avsnitt.

Gjert Kristoffersen arbeider med fleire delprosjekt:

1. Endring i tonelagsrealisering i Dalarna i Sverige
2. Kystmåla aust i Agder, særleg knytt til r-vokalisering og lenisering av /p, t, k/
3. Bidrag til festskrift til Johan Myking om tonelagsrealisering på Strilelandet
4. To kapittel til ny universitetshistorie, redigert av Astri Andresen, Dunja Blazevic og Kari Tove Elvbakken
5. Ein artikkel på engelsk om tonelagsrealisering i Bergen

Helge Sandøy held fram med bokprosjektet «To hundreår med språkendring. Gjensyn med Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)».

Agnete Nesse arbeider med eit individuelt prosjekt om språk og tekst i minnebøker frå 1800- og 1900-talet.

Ingvild Nistov arbeider med eit prosjekt med tittelen: "Language Contact and Language Change across three generations in Turksih families in Norway and France". Samarbeidspartnarar i Noreg: Emel Türker-Van der Heiden, UiO og Marte Nordanger, Høgskolen i Innlandet (HInn).

Randi Neteland er tilsett som postdoktor ved LLE i nordisk språk i perioden 2019–2022. Postdoktorprosjektet har fått arbeidstittelen «Koinéforming i nord – utvikling av industristedtalemålene i Narvik og Kiruna», og er ein empirisk og teoretisk studie av framveksten av nye dialekter.

Doktorgradsprosjektet til Helene Hildremyr dreiar seg om språkendring Odda/Tyssedal i Hardanger.

Per Sigmund Sævik Bøe sitt doktorgradsarbeid er knytt til språkendring i Lindås og Øygarden i Nordhordland.

Doktorgradsprosjektet til Krister Vasshus går ut på å undersøkja korleis og i kva grad den språklege kontakten som har vore på kryss og tvers av Skagerrak har sett spor i stadnamnutvalet i dette kystområdet både i Noreg, Danmark og Sverige. Er der likskapar, og kva type likskapar er det i så fall snakk om?

Doktorgradsprosjeket til Ragnhild Gjefsen undersøker korleis naturlegheitskonvensjonen kjem til uttrykk i scenespråket til åtte ulike framsyningar på 1900-talet, og korleis sosial språkleg variasjon bidreg til fiksjonsdanning.

Doktorgradsprosjektet til Marie Lund Stokka dreiar seg om norsk arvespråk i Latin-Amerika. Ho skal sjå på endring og stabilitet i det norske språket gjennom samanlikning av nomenfrasar i latinamerikansk norsk med tilsvarande frasar i nordamerikansk norsk og norsk i Noreg.

Feltarbeid

Randi Neteland har i 2020 vore i digital kontakt med museum og samlingar og har motteke nokre fleire opptak og ressursar som ho bruker i postdoktorprosjektet ditt.

Agnete Nesse har samla inn minnebøker frå arkiv og via kontaktar og har i alt 25 minnebøker frå perioden 1819 – 1978.

Ressursar

Talebanken er ein viktig analysereiskap for fleire av prosjekta knytt til denne forskargruppa. Det er no tre delprosjekt som har kvar sine korpus liggjande i Talebanken: Dialektendringsprosessar med sirka 4,5 millionar ord, Industristadprosjektet (Språkutvikling på industristader) som har om lag 1,8 millionar ord og Talesøk på om lag 1,6 millionar ord. Dessutan er det no bygd opp eit heilt tilsvarande korpus for færøysk i samarbeid med Fróðskaparsetur Føroya: Føroyskur talumálsbanki. Det er på sirka 470 000 ord. Det siste materialet som kom inn, var Per Sigmund Sævik Bøe sitt materiale til Dialektendringsprosessar i år på 163 449 ord frå Lindås

Språksamlingane:

Helge Sandøy har i haust hjelpt den nytilsette medarbeidaren ved UB med overføringa av materialet i Målføresamlinga til LLE til Universitetsbiblioteket.

Ein del av materialet i språksamlingane er tilgjengeleg via denne lenkja: https://www.uib.no/ub/101277/norsk-kulturarv-i-skrift-og-tale


Økonomi

Forskargruppa har ikkje motteke noka direkte støtte, men via ein søknad til instituttet fekk Talebanken tildelt 19 500 kr i driftsmidlar. Desse kronene blei brukte til lønsutgifter til to studentar og ein forskar for å tilretteleggja og transkribera ein del opptak som vart samla inn i 2005 frå Brattvågen i Møre og Romsdal.

Gjert Kristoffersen fekk støtte på kr. 15.000 frå LLE til utgjeving av seminarrapport/bok etter lanseringa av LIA-korpuset, sjå omtale ovanfor.

Deltaking med innlegg på fagkonferansar / -seminar

Året 2020 er på dette punktet sterkt prega av at det har vore pandemi, og mange arrangement har difor vorte avlyste.

Ragnhild Lie Anderson:
Arrangør av SONE-konferansen 2020 som vart avlyst

Agnete Nesse:
Arrangør av SONE-konferansen i 2020, men den vart avlyst.

Randi Neteland:
Neteland har vore med på å arrangere «fagleg seminar» for språksamlingane. Dette vartgjennomført digitalt. Ho var også med på å arrangera SONE-konferansen i 2020, men denmåtte avlysast.

Helge Sandøy:
- Helge Sandøy: "Frå genitiv til eigedomsuttrykk". Innlegg på den åttende dansk-norske konferansen i historisk lingvistikk; 2020-01-02 - 2020-01-04

Krister Vasshus:
Krister Vasshus deltok på det faglege seminaret til Språksamlingane med eit innlegg om namnesamlingane som forskingsresurs.

Publikasjonar

Anderson, Ragnhild. 2020. «Haldningar til strilemål i og rundt Bergen». I: Målbryting 11, s. 23 – 52.
Kristoffersen, G. (2020a). Lenisering etter kort vokal: reliktfenomen eller opphav? Oslo Studies in Language (OSLa), 11(2), 225–241.
Kristoffersen, G. (2020b). Tri bollæ i tri påsæ – eller tri boller i tri påsæ? Om er-uttale på Sandøya. I Sandøytårnet 2020 (s. 53–59). Sandøya, Agder: Sandøya Historielag.
Nesse, Agnete. 2020. «Historisk sosiolingvistikk: En fruktbar utvidelse av språkhistoriedisiplinen». I: Målbryting 11.
Nesse, Agnete. 2020. «Kapittel 11: Variasjon og endring i norsk skriftspråk». I: Aa, Leiv Inge og Neteland, Randi (red.). Master i norsk. Metodeboka 1. Oslo: Universitetsforlaget. s. 200-219.
Neteland, Randi og Leiv Inge Aa (red.). 2020. Master i norsk. Metodeboka 2. Oslo: Universitetsforlaget.
Aa, Leiv Inge og Randi Neteland (red.). 2020. Master i norsk. Metodeboka 1. Oslo: Universitetsforlaget.
Neteland, Randi. 2020. «Kvalitativt intervju.» I Master i norsk. Metodeboka 2, redigert av Randi Neteland og Leiv Inge Aa, 50–67. Oslo: Universitetsforlaget.
Neteland, Randi og Leiv Inge Aa. 2020. «Å designe og gjennomføre eit forskingsprosjekt.» I Master i norsk. Metodeboka 2, redigert av Randi Neteland og Leiv Inge Aa, 12–25. Oslo: Universitetsforlaget.
Aa, Leiv Inge og Randi Neteland. 2020. «Å studere til master i norsk – skulens største fag.» I Master i norsk. Metodeboka 1, redigert av Leiv Inge Aa og Randi Neteland, 12–27. Oslo: Universitetsforlaget.
Sandøy, H., Conzett, P., Kristoffersen, G. & Nesse, A. (2020). Merknadar til bokmeldinga av Mønster (NSH I). Norsk lingvistisk tidsskrift, 38, 93–131.

Formidling

Ragnhild Lie Anderson:
- «Ei stor takk til norsklæraren» I: Sogn Avis. 10.2.2020 https://eavis.sognavis.no/titles/sognavis/2927/publications/6760/pages/2
- «Gir talemålslaboratorium attende til heimstaden» I: På Høyden 12.2. 2020. Intervjua av Hilde Kristin Strand.
- «No kan du sjekka korleis sogndølene snakka i 1996» I: Porten.no. 5.2.2020. Intervjua av Halvor F. Storvik.  https://www.porten.no/artiklar/no-kan-du-sjekkakorleis-sogndolene-snakka...
Gjert Kristoffersen:
Kristoffersen, G. (2020b). Tri bollæ i tri påsæ – eller tri boller i tri påsæ? Om er-uttale på Sandøya. I Sandøytårnet 2020 (s. 53–59).  Sandøya, Agder: Sandøya Historielag.
Agnete Nesse:
- «Alltid freidig når du går. Om tradering av en salme.» I forskergruppen for nordisk språkvitenskap, UiB. 13.02.2020
- «Språk, tekst og formidling hos Koren Wiberg» Foredrag i anledning markeringen av 150 års dagen for Christian Koren Wibergs fødsel.  Schøtstuene, 10.10.2020
Randi Neteland:
Neteland, Randi. 2020. «Bestemmer flertallet?» Språkprat, 8.10.2020, https://sprakprat.no/2020/10/08/bestemmer-flertallet/
Helge Sandøy:
- Helge Sandøy: Har vi mista att det Aasen fann? Minneforelesing på Dei nynorske festspela 11.-14. juni 2020. Dei nynorske festspela 11.-14. juni 2020; 2020-06-11 - 2020-06-14
- Helge Sandøy: Språkspalte i Romsdals Budstikke kvar fjerde laurdag.
Krister Vasshus:
Krister driv formidling via ein eigen blogg som heiter «Språk meg» og har mellom anna skrive om Tor, fjǫrgyn, Pērkons og eiketreet http://sprakmeg.blogspot.com/2020/05/torfjorgyn-perkons-og-eiketreet.html
Han har også skrive i Språkprat 23.10.2020: «Gamle nordiske personnamn og oppkallingsskikkar» http://xn--sprkprat-c0a.no/.

Planar for 2021:

Forskargruppa er eit kontaktpunkt for studentar og stipendiatar som skriv sosiolingvistiske oppgåver både for prosjekt som er knytte til Talebanken, men også andre.
Ragnhild Lie Anderson:
- Arrangør av SONE – digital konferanse i april.
- Skriva artikkel om utviklinga av infinitivsendinga og 1. pers. pronomen fleirtal hjå ungdomar frå to ungdomskull i Sogndal
- Festskriftartikkel til Johan Myking om utviklinga av ao-lyden hjå to ungdomskull frå Sogndal
- Ferdigstilla transkripsjonane av 1996-materialet
- Skriva innlegg til Språkprat om den digitale talemålsbasen frå Sogndal
Gjert Kristoffersen:
- Artikkel om tonelagsrealisasjon i Dalarna blir publisert i Journal of Germanic Linguistics
- Manuskripta knytt til pkt. 3 og 4 vil bli gjort klare til publisering
- Vidare arbeid med pkt. 2 og 5.
Agnete Nesse:
- Delta på digital konferanse i historisk sosiolingvistikk i mars. Tema for innlegg: ortografi på 1700-tallet – analyse av brev.
- Arrangering av SONE – digital konferanse i april.
- Delta på digital eller fysisk konferanse i juni. Tema for innlegg: Variasjon og endring av hilsningstekster i minnebøker.
- Delta på navnekonferanse i Bergen i oktober. Tema for innlegg: navn på jernbanestasjoner.
- Delta på MONS i Tromsø i november, evt. digitalt.
Randi Neteland:
- Anderson, Nesse og Neteland er med på å arrangera SONE-konferansen, som er flytta frå 2020 til 22.-23. april 2021: https://www.hvl.no/forsking/konferanse/sonekonferanse/
- Neteland er også med på å arrangere stadnamnkonferansen «Norsk stadnamnarkiv i 100 år» 27.-28.oktober 2021:
https://www.uib.no/ub/fagressurser/spesialsamlingene/141237/norsk-stadna...år Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom fagrådet for språksamlingane (UiB) og Språkrådet.
- Skal analysera innsamla lydopptak og skriva minst éin artikkel med utgangspunkt i dette.
- Skal ferdigstilla fleire artiklar som er antatt, fagfellevurderte og elles undervegs i publikasjonsprosessen.
Helge Sandøy:
-Avslutta prosjektet «To hundreår med språkendring. Gjensyn med Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)».
Ingvild Nistov:
- Artikkel under arbeid (arbeidstittel): Social meanings of multiethnolectal speesch styles in Oslo and Bergen (med Finn Aarsæther, Oslo Met og Ellen Marie Ellingsen (tidlegare masterstudent ved UiB).
Krister Vasshus:
- Skal i februar 2021 undervisa for lærarstudentane på HVL om namnegransking i samband med eit språkhistorisk byprosjekt dei har.
- Skal skriva ein artikkel om samarbeid mellom namnegranskarar og arkeologar i samband med webinaret Stedsnavns plass i arkeologi som blei halde i oktober i fjor https://www.uib.no/middelalderklynge/138903/stedsnavns-plass-i-norsk-ark...
- Skal presentera mellombelse forskingsresultat på NORNAs syttande kongress (kongressens tema er namn och gränser).

Nettside

Forskargruppa har ei eiga heimeside. Leiar for forskargruppa har eit ansvar for å halda denne oppdatert, men der er lite gjort. Det einaste som har vorte gjort regelmessig frå år til år, er at det har vorte lagt inn nye årsmeldingar frå forskargruppa og frå Talebanken, og at nye masteravhandlingar i sosiolingvistikk vert lagde til.