Hjem
Institutt for geografi
Praksis

Praksisplass ved Kartverket Vestland

Vil du være med å lage betre kart til støtte for overvasshandtering og klimatilpassing på Vestlandet? Søk praksisplass ved Kartverket Vestland, haustsemesteret 2022 – kvalitetsheving av datasettet FKB-Vann.

Styrtregn på Vestlandet. Reed i Gloppen kommune i juli 2017 .
Styrtregn på Vestlandet. Reed i Gloppen kommune i juli 2017 .
Foto/ill.:
Runar Sandnes / NTB scanpix

Hovedinnhold

Datasettet FKB-Vann er viktig i dei mange nedbørsrike og bratte kommunane på Vestlandet. FKB-Vann skildrar geografisk plassering, forløp og form for bekkar, elvar, kanalar, grøfter, innsjøar, isbrear og kystkontur, og er ein del av Felles KartdataBase (FKB) -  som er av dei mest detaljerte og grunnleggande kartdata i Noreg.

FKB-Vann er konstruert med grunnlag i det ein kan sjå i flybilder, og det som ikkje er synleg frå lufta manglar derfor i kartet. Mange bekkar, kanalar og grøfter manglar derfor samanheng der vatnet går i tett skog eller under bakken. Målet med kvalitetsheving av datasettet FKB-Vann er å få samanhengande topologi i den vegen vatnet finn frå fjellet heilt ned til fjorden.

I områder med tett skog kan ein bruke genererte dreneringslinjer og skyggerelieff frå laserdata for å finne informasjon om korleis vatnet går i terrenget, og der vatnet går under bakken i stikkrenner, kulvertar og bekkelukkingar, kan ein bruke KonnekteringslinjeVann for å lage samanheng i datasettet.

Med ei slik kvalitetsheving av FKB-Vann vil datasettet være betre til hjelp i arbeidet med overvasshandtering og klimatilpassing i kommunane i åra som kjem.  

Praksisplassane

  • Ved kontoret til Kartverket Vestland. Det ligg sentralt til mellom jernbanestasjonen og bystasjonen i Bergen, i Statens hus, 9. etg.
  • Plass til 2 studentar som deler eit kontor
  • Ca. 2 dager i veka frå september
  • Vi har kantine og bedriftsidrettslag
  • Kvalifikasjonar: Sjølvstendige studentar, gjerne i naturgeografisk retning, grunnleggande kunnskap i GIS

Bakgrunn for arbeidsoppgåvene

Kartverket Vestland har stort fokus på korleis våre data kan bidra til at andre samfunnsaktørar kan tilpasse seg klimaendringane. Vestland fylke har hatt mange hendingar med ekstremvær og flaum dei siste åra, og halvparten av alle ras i Noreg går i fylket vårt. Det er derfor ei viktig samfunnsoppgåve å ha pålitelege, oppdaterte og komplette datasett som grunnlag for samfunnsplanlegging og risikovurdering. Gjennom prosjektet Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH) er det no tilgjengeleg gode høgdedata frå heile Noreg som mellom anna kan brukast til å simulere kvar vatnet vil ta vegen ved ekstremnedbør. Dette gjerast ved å generere dreneringslinjer. Desse dreneringslinjene kan støtte kvalitetsheving av datasettet FKB-vann og være til hjelp for å identifisere problemområder der ein utfører flaumtiltak i komunane.