Hjem
Institutt for geografi
Karriere

Rådgjevar i Vestland fylkeskommune

Mari Froastad har ein master i naturgeografi og har god bruk for utdanninga si i jobben som rådgjevar i Vestland fylkeskommune.

Hovedinnhold

Eg har alltid hatt interesse for natur og miljø, og synes det er spennande med landskap, landformer og kvartærgeologi.

Kvifor valte du å studere master i geografi? 

Eg har alltid hatt interesse for natur og miljø, og synes det er spennande med landskap, landformer og kvartærgeologi. Geografi er ein god blanding av mykje! I tillegg er det kjekt med feltkurs på mange spennande plassar! 

Kva jobbar du med no?  

Eg jobbar på avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. Seksjonen eg jobbar på heiter Forvaltning, utgreiing og geodata. Eg held mest på med arealplansaker knytta til fylkesveg, og ulike prosjekt på trafikktryggleik, utbetring av veg og innovasjon. 

Kva er det beste med jobben din - og det mest utfordrande? 

Eg har veldig mange kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar og arbeidsoppgåver. Det er og kjekt å reise på befaringar og lære mykje nytt! Reguleringsplanar, lovverk, handbøker og forskrifter kan vere utfordrande, spesielt i starten. 

Korleis får du bruk for utdanninga di i jobben? 

Eg får god bruk for utdanninga når eg jobbar med rapportskriving, innhenting av data og informasjon, og når det gjeld geodata og ulike kartløysingar på nett. 

Kva er ditt beste minne frå studietida?  

Det må nok bli utveksling til Reykjavik og på Svalbard, i tillegg til masse kjekke hytteturar med geoklubben!