Hjem
Det juridiske fakultet
ny adopsjonslov

Ny lov til beste for barnet

Det er lenge sidan familien berre kunne vere mor, far og barn. Barn vert unnfanga og bore fram på nye måtar. No skal Norge skal få ny adopsjonslov, og arbeidet vert leia av jusprofessor Karl Harald Søvig.

Hovedinnhold

– Barn kan bli unnfanga og bore fram via ei rekke ulike konstellasjonar. Surrogati er temaet der er mest politisk strid om. Men det er brei semje om at barn ikkje skal kunne gjerast til ei handelsvare, seier Karl Harald Søvig til På Høyden. 

Søvig skal leie lovutvalet som innan 15. august 2014 skal ha klart eit utkast til ny adopsjonslov.

Store lovendringar
Samfunnsnormene har endra seg sidan den forrige adopsjonslova vart laga i 1986. Og med dei nye endringane har lova vorte flikka på og bygd ut. Einslege har fått høve til å adoptere. Born har fått rett til å vite kven dei biologiske foreldra er når dei fyller 18 år. Frå 2002 fekk ein registrert partnar adoptere partnaren sitt biologiske barn. Sju år seinare kunne også ektepar av same kjønn adoptere.

– Lover treng generelt oftare revisjon no enn for 25 år sidan, seier Karl Harald Søvig.

Les hele artikkelen her

Artikkelen er hentet fra UiBs nettavis På Høyden.