Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Statsbudsjettet

8 millionar kroner til UiBs ordbokarbeid

I forslaget til statsbudsjett for 2019, som vart lagt fram 8. oktober, er det sett av 6 millionar kroner til revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka og 2 millionar kroner til å digitalisere Norsk Ordbok, ei dokumentasjonsordbok for nynorsk og dialektane.

Ordboksredaksjnen ved UiB
Forslag til Statsbudsjett vart feira med kake i UiBs ordbokredaksjon.
Foto/ill.:
Tor Farstad

Hovedinnhold

– Moderne ordbøker er digitale. Dei er ikkje lenger noko eit fåtal av oss har i bokhylla, men ein levande infrastruktur for norsk språk. Norsk språk er vår fremste berar av kultur. Korleis vårt kollektive minne har vorte til, ser vi av brukseksempla frå litteraturen, avisspråket og dialektane – kjelder til norsk språk. Dokumentasjon av norsk språk er ei nasjonal oppgåve for oss som kulturnasjon, seier kulturminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

– Vi er svært nøgde med at regjeringa ser verdien av at norsk språk vert dokumentert og gjort digitalt tilgjengeleg, seier Margunn Rauset. Ho er nyleg tilsett som hovudredaktør for Revisjonsprosjektet,  der Universitetet ved Bergen og Språkrådet har gått saman om å revidere rettskrivingsordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Les meir Revisjonsprosjektet på deira heimeside. Sjå óg oppslag om saka i På Høyden.