Hjem

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Revisjonsprosjektet

Bilde
Foto:
Logo frå Språkrådet

Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) er eit femårig samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet. Målet er å gjennomføre den første gjennomgåande innhaldsrevisjonen sidan desse to norske standardordbøkene først blei trykte i 1986.  

Sjølv om Bokmålsordboka og Nynorskordboka i si tid blei utforma av to redaksjonar som samarbeidde tett, er dei delvis ulike i omfang og utforming. Når dei fleste brukarane i dag nyttar nettsida ordbok.uib.no eller appen Ordbøkene for iOS og Android, får dei ordbøkene opp ved sida av kvarandre, og ulikskapane mellom ordbøkene blir ofte tolka som ulikskapar mellom bokmål og nynorsk - sjølv om det langt frå alltid er tilfelle. Ein viktig del av oppdraget til Revisjonsprosjektet er derfor å gjere ordbøkene likare i struktur og omfang så lenge det er grunnlag for det i målformene. Redaktørane skal dessutan sjå om definisjonar, bruksdøme og faste uttrykk er i tråd med dagens språkbruk, og vi skal fylle på med ord og tydingar som har kome til.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei einaste fritt tilgjengelege digitale ordbøkene som gjer greie for heile breidda av former. Dei blir løpande oppdaterte i tråd med nye rettskrivingsvedtak i Språkrådet, og saman utgjer dei fasiten for korleis ord skal skrivast og bøyast i norsk.

 

Ordbokartikkel 

revisjonsprosjekt n3    

kortform av et bestemt forskningsprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Femårig samarbeidsprosjekt (2018–2023) mellom Språkrådet og Universitetet i Bergen (tilknyttet Språksamlingene på Universitetsbiblioteket og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier). Formålet med prosjektet er å sikre at Bokmålsordboka og Nynorskordboka forblir de viktigste kildene til norsk rettskriving.

Revisjonsprosjektet skal fornye og forbedre ordbøkene 

 

 

Meir om Revisjonsprosjektet

I løpet av femårsperioden 2018–2023 skal ordbokredaktørane gå gjennom Bokmålsordboka og Nynorskordboka frå A til Å. Utvalet av oppslagsord skal bli likare i dei to nettordbøkene, definisjonane av orda skal reviderast, og vi skal leggje inn nyare ord og tydingar. Før prosjektet begynte, var det 70 000 oppslagsord i Bokmålsordboka og 90 000 i Nynorskordboka. Målet er at det skal vere rundt 100 000 oppslagsord i begge når prosjektet er over.   

Det er ordbokredaksjonen ved Universitetet i Bergen som vel ut kva slags ord og tydingar som skal vere med i ordbøkene, medan Språkrådet bestemmer korleis orda skal skrivast og bøyast på bokmål og nynorsk. I tilfellet abaya (‘lang, ofte svart kappe som tradisjonelt har vore brukt av kvinner i arabiske land’) har ein redaktør sett at det er solid grunnlag i ulike norske tekstsamlingar for å ta ordet inn i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, men det er opp til Språkrådet å bestemme skrive- og bøyingsmåten.  

Hovudmålet med revisjonen er å sikre at Bokmålsordboka og Nynorskordboka også i framtida skal vere dei viktigaste kjeldene språkbrukarane har til oppdatert og gratis informasjon om rettskriving i bokmål og nynorsk. Ordbøkene skal gje eit så fullstendig og korrekt bilde av norsk språk som mellomstore ordbøker kan gjere når det gjeld ordutval, ordlaging, rettskriving, tyding og bruk.

Organiseringa av prosjektet

Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap, og  begge er representerte både i styringsgruppa og arbeidsutvalet for ordbøkene og ordbanken.

Kart over prosjektet
Foto:
Margunn Rauset

 

Ordbokredaktørane i Revisjonsprosjektet er tilsette ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, og har jamleg kontakt med fagmiljøa i nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk. Mellom anna held redaksjonen med jamne mellomrom innlegg på forskargruppeseminara om nordisk språkvitskap og diskuterer datatekniske løysingar med allmennlingvistane. Dessutan samarbeider vi tett med Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen:  

  • Prosjektleiaren på revisjonsprosjektet er tilsett på Universitetsbiblioteket.  

  • Den fast tilsette leksikografen på språksamlingane brukar om lag halvparten av arbeidstida si på revisjonsprosjektet. 

  • Arkivarane og dei IT-tilsette på språksamlingane arbeider med løysingar både for ordbøkene og resten av samlingane. 

  • Ordbokredaktørane har arbeidsplassane sine på Universitetsbiblioteket på Haakon Sheteligs plass. 

For Språkrådet er Bokmålsordboka og Nynorskordboka dei viktigaste reiskapane dei har for å spreie informasjon om gjeldande rettskriving i bokmål og nynorsk. Ordbokredaksjonen i Bergen har dagleg kontakt med seksjonen for språkrøkt og språkrådgjeving i Språkrådet om konkrete og prinsipielle språkspørsmål. 

Idear til master- og doktorgradsprosjekt

Revisjonsprosjektet ønskjer studentar på ulike nivå velkomne til å forske på ord og ordbøker. Innanfor leksikologien og leksikografien kan ein velje mange retningar, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord/avløysarord/norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbrukarundersøkingar, korpuslingvistikk med meir.  

Revisjonsprosjektet og Språksamlingane har eit rikhaldig kjeldemateriale å by på, og vi samarbeider tett med infrastrukturprosjekt som Clarino. Om du er student ved UiB, skjer rettleiing som regel i samarbeid med forskarar ved nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Andre studentar må ordne med rettleiing ved sine heimeinstitusjonar. Ta kontakt med hovudredaktør Margunn Rauset på e-post om du har spørsmål.  

Konkretisering av tenkjelege prosjekt 

  • Revisjonsprosjektet ønskjer at Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal vere gode ressursar også for brukarar som har andre språk enn norsk som morsmål. Kva (særskilte) behov har desse brukarane, og i kva grad stettar ordbøkene behova dei har? 

 

  • Det finst ikkje eit norsk standardtalemål, og det ligg ikkje til mandatet til Bokmålsordboka og Nynorskordboka å peike på ein uttalevariant av ord som meir korrekt enn andre. Kva les brukarane ut av dei sparsame uttaleopplysingane ordbøkene faktisk gjev – og korleis kunne brukarane ønskje seg at ordbøkene gjer greie for uttale?  

 

  • Korleis handterer Bokmålsordboka og Nynorskordboka «sensitive» ord? 

 

  • Ordklassesystematikk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, særleg for dei mindre ordklassane og ved overlapping. 

 

  • Korleis handterer Bokmålsordboka og Nynorskordboka konvensjonelle metaforar og metonymiar? 

 

  • Norsk har mange arveord frå norrønt, men korleis gjer Bokmålsordboka og Nynorskordboka greie for ord som fanst i norrønt, men som har kome inn i norsk via dansk? 

 

  • Korleis handsamar Bokmålsordboka og Nynorskordboka importord og avløysarord? 

 

  • Geografisk og sosial variasjon i ordpar som boss og søppel. 

 

  • Variasjon i idiom og andre faste uttrykk.

 

På skuldrene til kjempar

Bokmålsordboka blei utarbeidd ved avdeling for bokmål ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Førsteutgåva frå 1986 har om lag 65 000 oppslagsord. Den faste redaksjonen bestod av Marit Ingebjørg Landrø og Boye Wangensteen. Sjå fororda til dei ulike utgåvene for oversikt over redaktørane av Bokmålsordboka

1. utgåve 1986 Universitetsforlaget Forord 

2. utgåve 1993 Universitetsforlaget Forord 

3. utgåve 2004 Kunnskapsforlaget Forord 

3. reviderte utgåve 2005 Kunnskapsforlaget

 

Nettutgåve 2016

Bjørghild Kjelsvik, redaktør 2016–2018 

Terje Svardal, redaktør 2017– 

Christian-Emil Ore, UiO, IT-format 

 

Nynorskordboka blei utarbeidd ved avdeling for nynorsk ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Førsteutgåva frå 1986 har om lag 90 000 oppslagsord. Redaksjonen bestod av Marit Hovdenak, Laurits Killingbergtrø, Arne Lauvhjell, Sigurd Nordlie, Magne Rommetveit og Dagfinn Worren. Sjå fororda til dei ulike utgåvene for oversikt over redaktørane av Nynorskordboka

1. utgåva 1986 Det Norske Samlaget Forord Innleiing Forord til 3. opplaget 

2. utgåva 1993 Det Norske Samlaget Forord 

3. utgåva 2001 Det Norske Samlaget Forord 

4. utgåva 2006 Det Norske Samlaget Forord 

Nettutgåve 2012 Forord 

Oddrun Grønvik, redaktør 2012–14 

Terje Svardal, redaktør 2017– 

Christian-Emil Ore, UiO, IT-format 

 

Sjølv om det inntil nyleg ikkje har vore løyvd pengar til omfattande revidering av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, har det i dei seinare utgåvene av dei trykte ordbøkene likevel kome inn ein del nye ord, fleire tydingar og fleire døme på korleis orda blir brukte. Då 3. utgåve av Bokmålsordboka kom i 2005, var oppslagsord og bøyingar ajourførte i samsvar med rettskrivingsendringane som tok til å gjelde i bokmål same år. Etter at det kom ny rettskriving i nynorsk i 2012, skjedde det ei tilsvarande ajourføring av nettutgåva av Nynorskordboka. Alle oppslagsord, også samansetjingar, fekk no ordklasse og full bøying. Ordboka blei kopla til Norsk ordbank, slik at all rettskrivingsinformasjon blir henta derfrå. Bokmålsordboka har vore kopla til Norsk ordbank sidan 2015. 

Det har dessutan skjedd mykje på den datatekniske sida. Christian-Emil Ore og kollegaer ved eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo utforma databaseformatet og tilpassa ordbøkene for nettpublisering. Dei første nettutgåvene av Nynorskordboka og Bokmålsordboka kom i 1994. Ordbokportalen ordbok.uib.no tillèt både felles og separate søk, og ein kan òg nå portalen gjennom dictionaryportal.eu

I 2016 blei ansvaret for Nynorskordboka og Bokmålsordboka overført frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen, framleis med Språkrådet som medeigar. Revisjonsprosjektet tek seg no av innhaldet i ordbøkene, medan ansvaret for databasane og nettpubliseringa ligg hos Universitetsbiblioteket og IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen. 

Revisjonsprosjektet blei innleia med eit førebuingsprosjekt i januar–juni 2018. Tilsette der var Oddrun Grønvik, Bjørghild Kjelsvik og Margunn Rauset, i tillegg til at Christian-Emil Ore fungerte som støttespelar for IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen. Det var eit viktig ledd i kunnskapsoverføringa mellom universitetsmiljøa og for å få tilrettelagt for oppstarten av sjølve prosjektet 1. september same år. I same periode fekk Rune Kyrkjebø oppdraget med å vere dagleg leiar for revisjonsprosjektet.  

Arbeidsmetodar i Revisjonsprosjektet

Redaktørane i Revisjonsprosjektet arbeider materialbasert. Sentralt står dei vitskaplege språksamlingane ved Universitetet i Bergen, som delvis ligg opne på usd.uib.no. I tillegg bruker vi søkjeverktøy for å analysere tekst på ord- og setningsnivå. Tekstkorpus er ei god empirisk kjelde når ein skal vurdere kva oppslagsord som bør vere med i ordbøkene, kva dei betyr, korleis orda oppfører seg syntaktisk, for å finne illustrative døme på korleis orda blir brukte og frasar og fleirordsuttrykk som orda inngår i. 

Redaktørane brukar m.a. verktøy for språkanalyse som er tilgjengelege via språkinfrastrukturen CLARINO (http://clarin.w.uib.no/). Til dømes er Korpuskel (clarino.uib.no/korpuskel) ein reiskap for å søkje på ord og fraser. Hausten 2018 vart han utvida og vidareutvikla, slik at redaktørane i revisjonsprosjektet kan søkje i fleire korpus samtidig. Vårt utval av korpus inneheld kvalitetssikra materiale som til saman gjev eit materiale på nesten 2,4 milliardar ord, jf. tabellen under. 

Tabell
Foto:
Gunn Inger Lyse Samdal

Til dømes kan vi gjere komplekse søk i Nynorskkorpuset, Leksikografisk bokmålskorpus og Nasjonalbibliotekets frie tekstar samtidig. Søkjetreffa kan sorterast etter frekvens over tid og distribusjon i ulike korpus, noko som i høg grad lettar det empiriske arbeidet til redaktørane.

Infrastrukturen INESS (clarino.uib.no/iness) lar oss søkje etter syntaktiske konstruksjonar som ikkje er så lette å søkje etter i eit tradisjonelt tekstkorpus. NorGramBank inneheld syntaktisk analysert materiale for norsk (til saman rundt 80 millionar ord). Der kan vi hente ut «word sketch»-liknande informasjon, som til dømes kva slags ord som knyter seg til ulike verb (sånn som gifte seg, gifte bort, gifte seg til) eller typiske døme på korleis at-setningar blir styrte av preposisjonar (etter at, utan at).

I tillegg til kjeldene nemnt ovanfor, brukar vi óg til dømes desse: