Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Ordbøker

Ordbokarbeid ved UiB

Ved Universitetet i Bergen pågår det for tida to større ordbokprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) og Norsk Ordbok a–h (NO-AH).

Hovedinnhold

Revisjonsprosjektet

Universitetet i Bergen eig standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk ordbank saman med Språkrådet. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbok.uib.no og appen Ordbøkene) er dei mest brukte norske ordbøkene med rundt 160 000 søk i døgnet, og dei er dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk. I perioden 2018–2024 skal leksikografar ved UiB gjennomføre den mest omfattande innhaldsrevisjonen av standardordbøkene på 35 år. Hovudmålsetjingane er å gjere utvalet av oppslagsord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka likare, sørgje for at innhaldet i ordartiklane er i tråd med dagens språkbruk og ta inn nye oppslagsord og tydingar.

I Revisjonsprosjektet er det fem faste leksikografstillingar, som er finansierte av Kulturdepartementet. I tillegg bidreg Språksamlingane med ei 75 % stilling til arbeid med standardordbøkene og Norsk ordbank. I 2022 er det i overkant av seks leksikografstillingar på prosjektet i Bergen, og Språkrådet bidreg med i overkant av eitt årsverk til avklaringar i normeringsspørsmål og sluttkorrekturlesing i Oslo. Språkrådet er dessutan førstelinjeteneste for brukarspørsmål til standardordbøkene. Les meir om prosjektet her.

 

NO-AH

Universitetet i Bergen har saman med Høgskulen i Volda teke ansvar for å revidere og digitalisere alfabetstrekket a–h i Norsk Ordbok. Norsk Ordbok er eit tolvbands ordbokverk over norsk talemål og det nynorske skriftmålet, og alfabetstrekket i–å ligg allereie på nett (no2014.uib.no). Det trykte verket inneheld over 330 000 ordartiklar med informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatikk og etymologi. Norsk Ordbok er ei vitskapleg dokumentasjonsordbok bygd på språkressursar som er kopla saman på ulikt vis. Desse samlingane og databasane krev vedlikehald og oppdatering, som òg inngår som ein del av NO-AH. Innhaldsrevisjonen starta opp ved UiB i 2019.

Kulturdepartementet finansierer 1,5 leksikografårsverk i prosjektet NO-AH. Språksamlingane bidreg med ei 25 % stilling til NO-AH, og dermed er det i 2022 1,75 leksikografstillingar på prosjektet. Dessutan nyt prosjektet godt av pensjonistarbeidskraft. Høgskulen i Volda skal særleg bidra til arbeidet med korpusressursar. Les meir om prosjektet her.

Samarbeid mellom fleire avdelingar ved UiB

Leksikografane på begge ordbokprosjekta er tilsette i forskarstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet. Både Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og alt grunnlagsmaterialet for desse blir forvalta ved Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Arbeidet med nye tekniske løysingar og nye publikumsvisningar av ordbøkene blir utført ved IT-avdelinga. Samarbeidet mellom partane er forankra i styringsgruppa for Språksamlingane, som er leia av instituttleiar ved LLE.

Studietilbod i leksikografi

Hausten 2020 blei emnet Ordkunnskap og norsk ordbokarbeid gjennomført ved LLE. Emnet hadde som mål å gi studentane brei kunnskap om vitskapsgreinene leksikologi og leksikografi og ferdigheiter i teoretisk og praktisk arbeid innanfor dei to disiplinane. Emnet vart sett opp igjen våren 2022, og skal gå med jamne mellomrom framover. 

 

Utlysing av masterstipend 

Våren 2023 skal ordbokprosjekta ved UiB dele ut to stipend, kvart på 25 000 kroner, til mastergradsstudentar som skriv språkvitskapleg oppgåve med relevans for fagområdet leksikografi. Søknadsfrist er 10. januar 2023. Det blir høve til å sende inn eit skisseutkast for kommentar, og fristen for det er 1. november 2022. Meir om utlysinga står her

Idear til studentoppgåver, master- og doktorgradsprosjekt

Ordbokprosjekta ønskjer studentar på ulike nivå velkomne til å forske på ord og ordbøker. Innanfor leksikologien og leksikografien kan ein velje mange retningar, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord/avløysarord/norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbrukarundersøkingar, korpuslingvistikk med meir.  

Revisjonsprosjektet og NO-AH er interesserte i systematiske undersøkingar av Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok og vurderingar av kva som ville gjort dei betre. Dessutan ønskjer vi meir kunnskap om ordbokbrukarane og kva nytte dei har av ordbøkene, t.d. bruken av ordbøkene i skuleverket, av personar med norsk som andrespråk eller andre grupper.

Ordbokprosjekta og Språksamlingane har eit rikhaldig kjeldemateriale å by på, og vi samarbeider tett med infrastrukturprosjekt som Clarino. Om du er student ved UiB, skjer rettleiing som regel i samarbeid med forskarar ved nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Andre studentar må ordne med rettleiing ved sine heimeinstitusjonar. Ta kontakt på e-post med Margunn Rauset (hovudredaktør i Revisjonsprosjektet) eller Gyri Smørdal Losnegaard (hovudredaktør i NO-AH) om du har spørsmål.  

Konkretisering av tenkjelege prosjekt knytt til Revisjonsprosjektet

Med utgangspunkt i Bokmålsordboka og Nynorskordboka har vi samla ein del døme på konkrete oppgåvetema.

  • Revisjonsprosjektet ønskjer at Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal vere gode ressursar også for brukarar som har andre språk enn norsk som førstespråk. Kva (særskilte) behov har desse brukarane, og i kva grad stettar ordbøkene behova dei har? 
  • Det finst ikkje eit norsk standardtalemål, og det ligg ikkje til mandatet til Bokmålsordboka og Nynorskordboka å peike på ein uttalevariant av ord som meir korrekt enn andre. Kva les brukarane ut av dei sparsame uttaleopplysingane ordbøkene faktisk gjev – og korleis kunne brukarane ønskje seg at ordbøkene gjer greie for uttale?  
  • Korleis handterer Bokmålsordboka og Nynorskordboka «sensitive» ord? 
  • Komparativ studie mellom norsk og svensk/skandinaviske språk: Når bruksmarkørar som "ned­sätt." og "kan verka stötande" er mykje meir frekvente i Svensk ordbok enn tilsvarande markørar i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, fortel det om skilnader i redaksjonell praksis eller om skilnader i språkhaldningar?
  • Ordklassesystematikk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, særleg for dei mindre ordklassane og ved overlapping. 
  • Handsaming av konvensjonelle metaforar og metonymiar i Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Når blir det gjeve opp at eit ord kan bli brukt med overført tyding? Nokre tydingar er heilt føreseielege, og det verkar nesten unødvendig å markere dei som overførte (t.d. kvardag om 'det vanlege livet'), andre er kanskje meir metaforisk etablerte (balje om 'båt'), medan andre igjen verkar mindre etablerte (balkongplass om konkret billettplass på balkong vs. ein stad med god utsikt eller god plassering). 
  • Norsk har mange arveord frå norrønt, men korleis gjer Bokmålsordboka og Nynorskordboka greie for ord som fanst i norrønt, men som har kome inn i norsk via dansk? 
  • Korleis handsamar Bokmålsordboka og Nynorskordboka importord og avløysarord? 
  • Korleis gjer ulike ordbøker greie for variasjon i idiom og andre faste uttrykk? Korleis kunne dette vore gjort betre i Bokmålsordboka og Nynorskordboka?
  • Korleis kan ein setje opp artiklar om t.d. konjunksjonsbruk og kommareglar mest mogeleg instruktivt og pedagogisk? Og i kva grad bør ordbøker av den mellomstore typen ta mål av seg til å gjere greie for grammatiske fenomen? 
  • Redigeringsskjema for personlege pronomen: Bør kvar enkelt form av personlege pronomen ha sin eigen artikkel? 
  • Korleis kan ordbøker som Bokmålsordboka og Nynorskordboka best handtere valensopplysningar?

Konkretisering av tenkjelege prosjekt knytt til Norsk Ordbok

For Norsk Ordbok sin del kan det t.d. vere aktuelt med arbeid knytt til normering av ordtilfanget. Vi ønskjer også studiar av kjeldetilfanget til ordboka (heile eller delar av det) og balansen i dette. 

Fleire døme på prosjekt med mogleg leksikografisk vinkling

  • Geografisk og sosial variasjon i ordpar som boss og søppel. 
  • Studiar av grammatiske eller semantiske trekk ved grupper av ord som kan gje innspel til korleis ordbokartiklane deira bør sjå ut.
  • Kor produktive er ulike prefiks i norsk? Korleis kan dei kategoriserast, og kva kriterium kan ein bruke for kva for nokre og korleis dei kan ordbokførast?

Dei to førelesarane på emnet Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid hausten 2020, Mikkel Ekeland Paulsen og Torodd Kinn, har konkretisert nokre masterprosjekt: 

Torodd Kinn: Ordgrammatikk og ordsemantikk

Dette er eit stort felt som kan vinklast på mange måtar. Det vil ofte vere aktuelt å bruke korpusbaserte og kvantitative metodar. Oppgåver kan vinklast synkront (vår samtid eller eit eldre språksteg) eller diakront (utvikling over tid). Ordfeltet har blitt særleg aktuelt ved UiB etter at vi overtok Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok (nynorsk og talemål). Eit masterprosjekt innanfor ordfeltet kan vere ordboksretta, men treng ikkje å vere det. Kunnskap om ord og deira betydningar og bruksmåtar er relevant i alt språkarbeid frå undervisning via offentleg administrasjon til kreativ skriving. Nedanfor er nokre døme på moglege undersøkingar.

1. Ein kan undersøkje éin eller fleire orddanningsmåtar (avleiing eller samansetting).

Døme: Genitivaktige uttrykk av typen toetasjes hus, toetasjers hus og to etasjers hus: Korleis er språkbruken? Sam- eller særskriving? Eintals- eller fleirtalsform? /// Suffiksdanningar på -is og -as: tyggis, frekkis, frekkas, løgnas. Morfologiske og semantiske mønster, produktivitet.

Sjå f.eks. Siri Sofie Ovesen si masteroppgåve frå 2016: «Kakerlakkfrie kantiner og hundeløse hjem». Ei undersøking av proprietiv og privativ adjektivdanning i norsk

2. Ein kan undersøkje korleis eitt eller fleire ord/uttrykk «oppfører seg» syntaktisk.

Døme: Sideordning med ta: Kva betyr ta i uttrykk som Ta og sett deg? Kva verb er ta brukt saman med? Er konstruksjonen negativt ladd? /// Både ... men også: ein feil som er i ferd med å bli rett? Korleis har blandinga av både ... og og ikke bare ... men også utvikla seg?

Sjå f.eks. Elise Midtbø si masteroppgåve frå 2019: «En smule konsentrasjon», «den siste skvetten med kaffe» og «haugevis av spørsmål». En undersøkelse av grammatisk og semantisk variasjon i pseudopartitive konstruksjoner på norsk

3. Ein kan undersøkje fleirtydigheit ved leksikalske eller grammatiske ord, og korleis betydningane står i høve til kvarandre.

Døme: Korleis kan ordbøker best beskrive verb som er både transitive og intransitive, f.eks. koke (potetene koker, jeg kokte potetene) og trille (ballen triller, jeg trilla ballen)? /// Korleis er dei ulike betydningane til ein gitt preposisjon i slekt med kvarandre? Eksempelvis etter i dagen etter ulykka, løpe etter hjelp, gå etter planen, lengte etter sol.

Sjå f.eks. Å. Runde og K.E. Kristoffersen sin artikkel frå 2006: «Preposisjonen til mellom lingvistisk teori og leksikografisk praksis». www.duo.uio.no/handle/10852/26298

4. Ein kan undersøkje ordbruken på eit semantisk felt, ev. med fokus på biletleg språkbruk.

Døme: Korleis brukar ein ord som heterofil, homofil, heteroseksuell, homoseksuell? Blir -fil og ‑seksuell (-fili og -seksualitet) brukte om dei same fenomena? /// Kva bokstavelege og biletlege adjektiv brukar vi til å beskrive smakar? Frisk, tung, pirrende smak?

Sjå f.eks. Tina Kvamme si masteroppgåve frå 2017: «Vi er fulle av sprukne klanger.» En korpusbasert undersøkelse av språkbruk om musikalske og andre klanger: begrepsstruktur, metaforer og metonymier

 

Mikkel Ekeland Paulsen

1. Metonymianalyse

Sammenliknet med metaforer er metonymi et lite undersøkt fenomen. Jeanette Littlemore (2015) påpeker at metonymi kan spille en stor rolle i mange ulike diskurser, deriblant ironi, evfemismer, overdrivelser, vaghet og politisk retorikk. I tillegg brukes ofte metonymi kreativt innenfor humor, kunst, reklame, film og musikk.

Mulig oppgave: Velg et domene og et tilhørende avgrenset materiale. (For eksempel transkripsjoner av en gruppe stand-up-opptredener, eller et utvalg komiske sketsjer). Analysér metonymibruken i materialet. Er metonymiene konvensjonelle eller innovative? Hva slags effekt har metonymiene i materialet?

Littlemore, Jeanette. 2015. Metonymi: Hidden Shortcuts in Language, Thought and Communication. Cambridge University Press.

2. Leksikografi

Når man som leksikograf skal beskrive et ordforråd, må man uunngåelig ta stilling til de delene av ordforrådet som kan oppfattes som støtende eller nedsettende. I behandlinga av slike ord kan det være utfordrende å avgjøre om det støtende innholdet ligger i ordene selv, eller om ordene snarere brukes på en støtende måte. Det er derfor ikke åpenbart hvordan sensitive ord skal behandles i leksikografisk øyemed.

Mulig oppgave: Velg deg ut et knippe sensitive ord. Til dømes ord som er forbundet med rasisme, sexisme, banneord eller nedsettende betegnelser for mennesker med en diagnose eller utviklingshemming. Hvordan er disse behandlet i ulike ordbokverk? Fins det forskjeller mellom ulike nordiske språk? I hvilken grad stemmer ordbokdefinisjonene overens med den faktiske bruken av slike ord? Er ordbokopplysningene normgivende eller deskriptive? Har leksikografen et etisk ansvar overfor ulike sensitive ord?

Grønvik, Oddrun. 2002. Er det stygt å seie neger? Om konnotasjonar, bruksmarkering og nemne for folkegrupper. I: Lexico Nordica 9, s. 149-172. https://tidsskrift.dk/lexn/article/view/18721/16374

3. Sammensetninger

«Hvis olivenolje er laget av oliven, og solsikkeolje er laget av solsikke, hva er da babyolje laget av?»

sjokoladekake=kake av sjokolade
rullekake=kake som er rulla
fyrstekake=kake som har et eller annet med fyrster å gjøre
pannekake=kake som er laget i panna
bløtkake=kake som er bløt(?)
julekake=kake som spises i jula

Et særtrekk ved norsk og andre nordgermanske språk er et rikt og produktivt tilfang av sammensetninger. Ikke bare er sammensetninger produktive i antall typer og forekomster, de demonstrerer også en forbausende variasjon i den semantiske relasjonen mellom sammensetningsleddene. Tenk bare på forskjellen mellom disse kakene i tabellen. Noen har forsøkt å forklare denne variasjonen med metafor og metonymi (Nesset 2011), andre har forsøkt å lage en typologi over relasjonspolysemien i substantiv-substantiv-sammensetninger (Eiesland 2015).

Mulig oppgave: Velg deg ut en avgrenset og håndterbar samling sammensetninger. Bruk et valgfritt teorigrunnlag for å gjøre rede for relasjonspolysemien i materialet. Vurdér eventuelt hva slags kognitive mekanismer som tillater oss å produsere og tyde såpass forskjellige sammensatte uttrykk. Fins det noen systematikk i materialet? Er noen relasjoner vanligere enn andre? Er det noen sammenheng mellom grad av konvensjonalitet/bruk og semantisk relasjon?

Eiesland, Eli Anne. 2015. The Semantics of Norwegian Noun-noun Compounds: a Corpus Based Study. Doktoravhandling. Universitetet i Oslo.  

Nesset, Tore. 2011. Metafor og Metonymi: personkarakteriserende sammensatte substantiv i norsk. Maal og minne 1. s. 32-64.

 

Innleverte oppgåver og publikasjonar med relevans for prosjekta

Agnes Wigestrand Hoftun, stipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger har publisert ein artikkel om bruk av Nynorskordboka (presentert på Euralex 2022): https://euralex.org/publications/consultation-behavior-in-l1-error-correction-an-exploratory-study-in-the-use-of-online-resources-in-the-norwegian-context/

Mottakar av masterstipendet til ordbokprosjekta i 2020, Solveig Helle Jonsbråten, skreiv oppgåva «suffiks- eller ordaktig? Grammatisk og semantisk analyse av -aktig i norsk». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/2762970

Mottakar av masterstipendet til ordbokprosjekta i 2021, Sofie Helen Dybdal, skreiv oppgåva «Ingen er funksjonshemmede, det er omgivelsene rundt som er». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3000826

 

Ledige stillingar 

Det er i dag ingen ledige stillingar knytt til ordbokprosjekta.