Home
Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ordbøker

Ordbokarbeid ved UiB

Ved Universitetet i Bergen pågår det for tida to større ordbokprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) og Norsk Ordbok a–h (NO-AH).

Main content

Revisjonsprosjektet

Universitetet i Bergen eig standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk ordbank saman med Språkrådet. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbok.uib.no og appen Ordbøkene) er dei mest brukte norske ordbøkene med rundt 160 000 søk i døgnet, og dei er dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk. I femårsperioden 2018–2023 skal leksikografar ved UiB gjennomføre den mest omfattande innhaldsrevisjonen av standardordbøkene på 35 år. Hovudmålsetjingane er å gjere utvalet av oppslagsord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka likare, sørgje for at innhaldet i ordartiklane er i tråd med dagens språkbruk og ta inn nye oppslagsord og tydingar.

I Revisjonsprosjektet er det fem faste leksikografstillingar, som er finansierte av Kulturdepartementet. I tillegg bidreg Språksamlingane med ei 75 % stilling til arbeid med standardordbøkene og Norsk ordbank. I 2021 er det til saman 7,25 leksikografstillingar på prosjektet i Bergen, og Språkrådet bidreg med i overkant av eitt årsverk til avklaringar i normeringsspørsmål og sluttkorrekturlesing i Oslo. Språkrådet er dessutan førstelinjeteneste for brukarspørsmål til standardordbøkene. Les meir om prosjektet her.

 

NO-AH

Universitetet i Bergen har saman med Høgskulen i Volda teke ansvar for å revidere og digitalisere alfabetstrekket a–h i Norsk Ordbok. Norsk Ordbok er eit tolvbands ordbokverk over norsk talemål og det nynorske skriftmålet, og alfabetstrekket i–å ligg allereie på nett (no2014.uib.no). Det trykte verket inneheld over 330 000 ordartiklar med informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatikk og etymologi. Norsk Ordbok er ei vitskapleg dokumentasjonsordbok bygd på språkressursar som er kopla saman på ulikt vis. Desse samlingane og databasane krev vedlikehald og oppdatering, som òg inngår som ein del av NO-AH. Innhaldsrevisjonen starta opp ved UiB i 2019.

Kulturdepartementet finansierer 1,5 leksikografårsverk i prosjektet NO-AH. Språksamlingane bidreg med ei 25 % stilling til NO-AH, og dermed er det i 2021 1,75 leksikografstillingar på prosjektet. Dessutan nyt prosjektet godt av pensjonistarbeidskraft. Høgskulen i Volda skal særleg bidra til arbeidet med korpusressursar. Les meir om prosjektet her.

 

Samarbeid mellom fleire avdelingar ved UiB

Leksikografane på begge ordbokprosjekta er tilsette i forskarstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet. Både Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og alt grunnlagsmaterialet for desse blir forvalta ved Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Arbeidet med nye tekniske løysingar og nye publikumsvisningar av ordbøkene blir utført ved IT-avdelinga. Samarbeidet mellom partane er forankra i styringsgruppa for Språksamlingane, som er leia av instituttleiar ved LLE.

 

Studietilbod i leksikografi

Hausten 2020 blei emnet Ordkunnskap og norsk ordbokarbeid gjennomført ved LLE. Emnet hadde som mål å gi studentane brei kunnskap om vitskapsgreinene leksikologi og leksikografi og ferdigheiter i teoretisk og praktisk arbeid innanfor dei to disiplinane. Emnet blir sett opp igjen våren 2022. 

 

Utlysing av masterstipend 

Våren 2022 skal ordbokprosjekta ved UiB dele ut to stipend, kvart på 25 000 kroner, til mastergradsstudentar som skriv språkvitskapleg oppgåve med relevans for fagområdet leksikografi.

 

Ledige stillingar 

Det er i dag ingen ledige stillingar knytt til ordbokprosjekta.