Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Ordbøker

Ordbokarbeid ved UiB

Ved Universitetet i Bergen pågår det for tida to større ordbokprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) og Norsk Ordbok a–h (NO-AH).

Hovedinnhold

Revisjonsprosjektet

Universitetet i Bergen eig standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk ordbank saman med Språkrådet. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbok.uib.no og appen Ordbøkene) er dei mest brukte norske ordbøkene med rundt 160 000 søk i døgnet, og dei er dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk. I femårsperioden 2018–2023 skal leksikografar ved UiB gjennomføre den mest omfattande innhaldsrevisjonen av standardordbøkene på 35 år. Hovudmålsetjingane er å gjere utvalet av oppslagsord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka likare, sørgje for at innhaldet i ordartiklane er i tråd med dagens språkbruk og ta inn nye oppslagsord og tydingar.

I Revisjonsprosjektet er det fem faste leksikografstillingar, som er finansierte av Kulturdepartementet. I tillegg bidreg Språksamlingane med ei 75 % stilling til arbeid med standardordbøkene og Norsk ordbank. I 2021 er det til saman 7,25 leksikografstillingar på prosjektet i Bergen, og Språkrådet bidreg med i overkant av eitt årsverk til avklaringar i normeringsspørsmål og sluttkorrekturlesing i Oslo. Språkrådet er dessutan førstelinjeteneste for brukarspørsmål til standardordbøkene. Les meir om prosjektet her.

 

NO-AH

Universitetet i Bergen har saman med Høgskulen i Volda teke ansvar for å revidere og digitalisere alfabetstrekket a–h i Norsk Ordbok. Norsk Ordbok er eit tolvbands ordbokverk over norsk talemål og det nynorske skriftmålet, og alfabetstrekket i–å ligg allereie på nett (no2014.uib.no). Det trykte verket inneheld over 330 000 ordartiklar med informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatikk og etymologi. Norsk Ordbok er ei vitskapleg dokumentasjonsordbok bygd på språkressursar som er kopla saman på ulikt vis. Desse samlingane og databasane krev vedlikehald og oppdatering, som òg inngår som ein del av NO-AH. Innhaldsrevisjonen starta opp ved UiB i 2019.

Kulturdepartementet finansierer 1,5 leksikografårsverk i prosjektet NO-AH. Språksamlingane bidreg med ei 25 % stilling til NO-AH, og dermed er det i 2021 1,75 leksikografstillingar på prosjektet. Dessutan nyt prosjektet godt av pensjonistarbeidskraft. Høgskulen i Volda skal særleg bidra til arbeidet med korpusressursar. Les meir om prosjektet her.

 

Samarbeid mellom fleire avdelingar ved UiB

Leksikografane på begge ordbokprosjekta er tilsette i forskarstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet. Både Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og alt grunnlagsmaterialet for desse blir forvalta ved Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Arbeidet med nye tekniske løysingar og nye publikumsvisningar av ordbøkene blir utført ved IT-avdelinga. Samarbeidet mellom partane er forankra i styringsgruppa for Språksamlingane, som er leia av instituttleiar ved LLE.

 

Studietilbod i leksikografi

Hausten 2020 blei emnet Ordkunnskap og norsk ordbokarbeid gjennomført ved LLE. Emnet hadde som mål å gi studentane brei kunnskap om vitskapsgreinene leksikologi og leksikografi og ferdigheiter i teoretisk og praktisk arbeid innanfor dei to disiplinane. Vi håpar å kunne tilby emnet igjen våren 2022. Dette blir avklart hausten 2021. 

 

Ledige stillingar knytt til ordbokprosjekta

NO-AH og Høgskulen i Volda samarbeider om å utvikle Nynorskkorpuset. Korpuset omfattar omkring 107 millionar ord og inneheld skjønnlitteratur, avistekstar, tidsskriftartiklar, læreboktekstar, religiøse tekstar og tekstar frå offentleg målbruk. Tekstane spenner frå 1870-åra og fram til i dag, med hovudvekt på dei siste 50 åra. HVO lyser no ut ei stipendiatstilling i norsk språkvitskap der prosjekt med utgangspunkt i Nynorskkorpuset er nemnt spesielt. Søknadsfristen er 22. juni 2021.

Revisjonsprosjektet og NO-AH lyser ut fire stillingar som vitskapleg assistent sommaren 2021. Oppstartsdatoen er fleksibel, og maksimal lengde på tilsetjinga er 8 veker. Arbeidsstad er Universitetet i Bergen. Søknadsfristen er 29. april.