Antikkens kultur
Hovedinnhold
Korleis vaks demokratiet fram i Athen? Kvifor gjorde grekarane retorikken til det viktigaste i utdanninga? Korleis kunne ein bystat som Roma ende opp som hovudstad i eit verdsrike? Kvifor vert dei greske tragediane framleis sette opp på teater verda over?
Den greske og romerske sivilisasjonen i antikken har hatt avgjerande innverknad på ettertida: Dei greske filosofane si vitskaplege tilnærming til verda og diskusjonane deira om korleis vi bør leve, retorikarane sine undersøkingar av korleis språket kan brukast, den greske kunsten, den romerske rettstenkinga, diktarar som Homer, Vergil og dei greske tragikarane - alt dette har vore med og forma kulturen i mellomalderen og nytida og fram til i dag. Sjølve omgrepa som formar måten vi tenkjer om politikk, religion, litteratur eller kunst, er ofte av gresk eller romersk opphav og ber preg av det.
Historisk femner studiet om perioden frå ca. 1000 f.Kr til 500 e.Kr, geografisk femner det om heile middelhavsregionen. Faget sine emne kan kombineras med relevante emne frå andre fag, t.d. dei klassiske språka (gresk og latin), arkeologi eller kunsthistorie, til en bachelor- eller mastergrad med spisskompetanse i antikkens kultur.
Instituttet tilbyr følgende emne innan Antikkens kultur:
Desse kan kombinerast med t.d.
- Gresk
- Latin
- ARK103/ Kulturar ved Middelhavet, i Nord-Europa og Norden i tidsrommet ca. 1000 f.Kr.-570 e.Kr.
- ARK202/ Klassisk arkeologi
- KUN111/ Kunsthistorie: Antikk og tidleg mellomalder
- RELV202/ Spesialiseringsemne: Egyptiske religionar (Vår) eller Religionar i antikken (Haust)
Også emne frå dei norske institutta i Roma og Athen kan inngå i graden, t.d.
- ANT2210/ Den augusteiske gullalder (Roma)
- ANT2220/ Den klassiske kulturen – Athen i klassisk tid (500-300 f.Kr) (Athen)
