Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

EU-støtte til brennheit matematikk i undergrunnen

Inga Berre skal simulere prosessar i geotermiske system som det ikkje har vore mogeleg å studere slik tidlegare. Det europeiske forskingsrådet gir prosjektet ERC-støtte, eit av dei mest prestisjefylte forskingsprogramma EU har å by på.

Inga Berre, portrett.
MATEMATIKK, FYSIKK OG GEOVITSKAP: Matematikar Inga Berre får støtte til eit prosjekt som kjem til å gjere nybrottsarbeid på jordvarme.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

– Dette er eit tverrfagleg prosjekt i grenselandet mellom anvendt matematikk, utrekningsorientert fysikk og geovitskap. Prosjektet vil utvikle nye numeriske metodar og simuleringsverktøy til bruk i simulering av viktige kopla prosessar i geotermiske system, som  det ikkje har vore mogeleg å kvantifisere tidlegare, seier Inga Berre, professor ved Matematisk institutt.

Geotermi tyder jordvarme, og viser til varmen som kjem frå innsida av planeten vår. 

Berre forklarar at ein på denne måten kan forstå viktige aspekt ved til dømes  høgtemperatur og superkritiske geotermiske system. Dette vil igjen kunne tyde mykje for produksjon av eit større spekter av geotermiske ressursar.

Fleire års arbeid ligg bak

No får prosjektet hennar eit av dei beste utmerkingane EU sitt rammeverk for forsking har å gi: ERC Consolidator Grant. Denne typen støtte går til forskarar som kan visa til framifrå resultat. Forskingsprosjekta får opp til 2 millionar euro i ein femårsperiode. 

– Dette betyr mykje, ikkje berre for meg, men for heile forskingsgruppa, seier Berre. 

Ho fortel at prosjektet har sitt utspring i arbeid gjort over mange år, der samarbeid med tidlegare og nåverande studentar og kollegaer som Eirik Keilegavlen, Jan Nordbotten og Florin Radu har vore avgjerande. 

No vil ho bruka prosjektet til å gjere miljøet endå sterkare. 

– Eg ser fram til å få arbeide langsiktig, og gå laus på spanande og grunnleggande forskingsutfordringar innan fagområdet som så langt ikkje har vore studert. Prosjektet gjer det også mogeleg å legge god kvalitet inn i utvikling av open kjeldekode, seier matematikaren.

Eit internasjonalt tyngdepunkt 

Berre skal òg leia senteret Vista CSD, som i oktober 2020 fekk VISTA-støtte frå Equinor og Det Norske Videnskaps-Akademi. Senteret opnar i januar 2021.

Dei to prosjekta vil operera i samspel med kvarandre, og Berre meiner ERC-prosjektet vil passa godt innafor rammene til senteret. 

– Dette vil bidra til å styrke senteret. Til saman gir ERC-prosjektet og VISTA-senteret oss høve til å styrke vår posisjon som et internasjonalt tyngdepunkt og eit attraktivt miljø, som eg er sikker på at det vil springe spanande forskingsresultat og gode samarbeid ut av, avsluttar professoren.